2 Statens lånebehov
2.1 Forholdet til Statens petroleumsfond og behovet for lånefullmakter
Det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet blir finansiert ved overføring frå Statens petroleumsfond. Avdrag på statens gjeld samt netto utlån til statsbankane mv. blir dekka ved nye låneopptak og ved trekk på statens kontantbehaldning (statens konti i Noregs Bank).
Tabell 2.1 Statens lånebehov i 2001 og 20021. Mill. kroner
Overslag over rekneskapen 2001 | Statsbudsjettet 2002 | |
A Statsbudsjettets oljekorrigerte overskot | - 4 041 | - 36 900 |
B Overført frå Statens petroleumsfond | 4 041 | 36 900 |
C Overskot før lånetransaksjonar (A+B) | 0 | 0 |
D Utlån til statsbankane, andre utlån, aksjeteikning mv., Netto | 17 335 | 11 637 |
E Statens netto lånebehov (D-C) | 17 335 | 11 637 |
F Gjeldsavdrag innanlands2 | 41 920 | 45 857 |
G Gjeldsavdrag utanlands3 | 967 | 1 561 |
H Samla finansieringsbehov som skal dekkast med trekk på kontantbehaldninga og ved låneopptak (E+F+G) | 60 222 | 59 055 |
Memo: | ||
Overskot på statsbudsjettet før overføring til Statens petroleumsfond | 237 894 | 149 870 |
1 Jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4 (2001-2002).
2 Dette gjeld avdrag på langsiktige statslån, medan avdragsbetalingar på kortsiktige lån ikkje er medrekna.
3 Alle utanlandslån er langsiktige.
Forslaget til statsbudsjett for 2002, jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4 (2001-2002) syner at staten har eit brutto finansieringsbehov på 59,1 mrd. kroner i 2002, jf. tabell 2.1. Av dette utgjer netto utlån til statsbankane, kjøp/sal av aksjar og utlån til andre mv. 11,6 mrd. kroner medan avdrag på langsiktig gjeld er berekna til 47,5 mrd. kroner. Ein legg opp til at statens finansieringsbehov i hovudsak blir dekka ved låneopptak innanlands. Spørsmålet om å dekke deler av statens finansieringsbehov ved trekk på Petroleumsfondet vart drøfta i Revidert nasjonalbudsjett 1997, og ein av konklusjonane var at statens lånebehov ikkje nødvendigvis blir redusert om heile eller deler av nettofinansieringsbehovet blir dekka ved trekk på Petroleumsfondet. Tilrådinga var difor at statens finansieringsbehov bør dekkjast med låneopptak. Eit fleirtal i finanskomiteen tok konklusjonen til etterretning. Denne konklusjonen har lege til grunn for vedtaket om finansiering av staten dei siste åra.
Når ein vurderer opplegget for finansieringa av staten, tar ein normalt det utgangspunktet at statens transaksjonar samla sett skal virke nøytralt på likviditeten i pengemarknaden. Staten trekkjer isolert sett inn likviditet frå pengemarknaden svarande til overskotet på statsbudsjettet inkludert overføringane til Petroleumsfondet. Likviditeten blir tilført marknaden igjen gjennom kjøp av valuta (og sal av kroner) til Petroleumsfondet. Nokre postar på statsbudsjettet, som t.d. overføringar frå Noregs Bank og renter på statens utanlandslån, påverkar ikkje likviditeten i pengemarknaden direkte. Desse transaksjonane påverkar likevel balansen på statsbudsjettet og dermed avsetninga i Statens petroleumsfond. For 2002 er slike postar berekna å utgjere om lag 13 mrd. kroner. For å få eit likviditetsnøytralt opplegg, må ein låne eit tilsvarande beløp ekstra i 2002. Korrigert for slike postar skal staten i 2002 eventuelt låne om lag 72 mrd. kroner.
Erfaringa frå tidlegare år tilseier rommelege lånefullmakter slik at ein kan tilpasse statens låneprogram til skiftande forhold gjennom året. På denne bakgrunnen ber ein om, på linje med opplegget for inneverande og tidlegare år, fullmakt til å ta opp langsiktige innanlandske lån som er større enn finansieringsbehovet i 2002.
Tabell 2.2 gjev ei samla oversikt over lånefullmaktene i 2000 og 2001 saman med forslag til fullmakter for 2002. Fullmakta for opptak av nye langsiktige innanlandske og utanlandske statslån blir foreslått sett til 80 000 mill. kroner og 20 000 mill. kroner, høvesvis. Fullmakta for uteståande lån i form av kortsiktige marknadspapir, medrekna kortsiktige kontolånsplasseringar frå Folketrygdfondet, blir foreslått redusert frå 100 000 mill. kroner til 80 000 mill. kroner. Fullmakta for samla uteståande i andre kortsiktige lån blir foreslått halden uendra på 100 000 mill. kroner.
Tabell 2.2 Fullmakter til opptak av statslån i 2000 og 2001. Forslag til fullmakter for 2002. Mill. kroner
Fullmakt for 2000 | Utnytta 31. desember 2000 | Gjeldande fullmakt for 2001 | Utnytta 30. september 2001 | Forslag til fullmakt for 2002 | |
Langsiktige innanlandske lån1, nye lån | 40 000 | 33 200 | 90 000 | 28 400 | 80 000 |
Lån i utlandet, nye lån | 20 000 | 0 | 20 000 | 0 | 20 000 |
Kortsiktige lån, samla uteståande: | |||||
- kortsiktige marknads papir2 | 100 000 | 33 500 | 100 000 | 39 300 | 80 000 |
- andre kortsiktige lån | 90 000 | 37 042 | 100 000 | 49 061 | 100 000 |
1 Medrekna langsiktige kontolån frå Folketrygdfondet.
2 Medrekna kortsiktige kontolån frå Folketrygdfondet.