1 Innleiing
Justisdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i statsbudsjettet for 2002. Forslaga om endringar er mellom anna baserte på rekneskapstall pr. 30. september 2002. Departementet vil streke under at tala for forbruk på dei regelbundne postane berre er prognosar, og at dei endelege rekneskapstala kan avvike ein del frå desse prognosane.