St.prp. nr. 28 (2002-2003)

Om endringar på statsbudsjettet for 2002 under diverse kapittel administrerte av Justis- og politidepartementet

Til innhaldsliste

2 Forslag om endringar

Kap. 400 Justisdepartementet

Post 01 Driftsutgifter og post 71 Tilskot til internasjonale organisasjonar

På grunn av den sterke kronekursen er det venta eit mindreforbruk på 1,6 mill. kr under kap. 400, post 71 for 2002. På bakgrunn av dette blir det foreslått å overføre beløpet til kap. 400, post 01 til dekking av auka utgifter til råd og utval.

Dei særskilde etterforskingsorgana

Det blir foreslått å overføre 1 mill. kr frå kap. 400, post 01 til kap. 460, post 01, jf. omtale under kap. 460. Samla netto auke i løyvinga under kap. 400, post 01 blir etter dette 0,6 mill. kr.

Kap. 61 Høgsterett, kap. 405 Lagmannsrettane og kap. 410 Herads- og byrettane

Post 01 Driftsutgifter

Dommarlønningar

Justisdepartementet vil kome tilbake til Stortinget med saka så snart som mogeleg.

Kap. 414 Domsutgifter

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer i hovudsaka godtgjersle og tapt arbeidsforteneste til mellom anna meddommarar, lagrettemedlemmer, vitne og rettsvitne og reiseutgifter til desse. Utgiftene vil variere med mengda og omfanget av dei straffesakene som blir behandla i domstolane.

På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling ut året blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 414, post 01 med 10 mill. kr.

Kap. 3410 Rettsgebyr

Post 01 Rettsgebyr

Posten dekkjer inntekter i samband med sivile saker, tinglysing, skjønn, tvangsforretningar, skifte, konkurs m.m. På bakgrunn av rekneskapstal blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 3410, post 01 med 40 mill. kr i 2002.

Post 04 Gebyrinntektene til lensmennene

Posten dekkjer gebyra som lensmennene, i eigenskap av namsmenn, krev inn i samband med tvangsforretningar. På bakgrunn av rekneskapstal blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 3410, post 04 med 5 mill. kr.

Kap. 430/3430 Kriminalomsorg

Post 21 Spesielle driftsutgifter og post 02 Inntekter frå arbeidsdrifta

Løyvinga under kap. 430, post 21 dekkjer utgifter og løyvinga under kap. 3430, post 02 inntekter i samband med arbeidsdrifta i fengselsstellet. På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling ut året blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 430, post 21 med 1 mill. kr, mot ein tilsvarande reduksjon i løyvinga under kap. 3430, post 02.

Kap 440 Politidirektoratet - politi- og lensmannsetaten

Auka utgifter til asyl- og utlendingssaker

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Spesielle driftsutgifter

I samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett 2002, jf. Innst. S. nr. 255 (2001-2002), vedtok Stortinget å auke løyvinga på kap. 440 til politiet sin innsats på asyl- og utlendingsområdet med 36,6 mill. kr. Nye prognosar både for talet på asylsøkjarar i 2002 og fleire uttransporteringar låg til grunn. I St.prp. nr. 63 (2001-2002) tok regjeringa atterhald om uvissa knytt til prognosane og til dei venta meirutgiftene i 2002 på politibudsjettet, og at departementet ville ha betre grunnlag for å vurdere dette seinare i budsjetterminen. Ei slik vurdering er no gjort.

Oppdaterte rekneskapstal viser at tilleggsløyvingane som blei vedteke i samband med Innst. S. nr. 255 (2001-2002) ikkje er nok til å dekkje politiet sine meirutgifter i 2002 på asyl- og utlendingsfeltet.

Utviklinga på asylområdet har vore sterkt aukande dei seinare åra:

ÅrTalet på personar som kjem til landet og søkjer asylTalet på uttran sporteringar av asylsøkjarar, inkl. frivillige
19972 271
19988 373
199910 1602 223
200010 8423 471
200114 7825 200
200218 000 (overslag)6 450 pr. 30.10.02

Oslo politidistrikt har ei sentral rolle i politiet si asyl- og utlendingsforvalting, og har dei to siste åra hatt eit samordningsansvar for heile etaten på området. Oslo politidistrikt si utlendingsavdeling er dimensjonert ut frå ei langt lågare arbeidsmengde innan feltet enn det nivået vi har i dag. Med den auken vi har hatt dei seinare åra har det blitt gitt tilleggsløyvingar for at ikkje auka arbeidsmengde på området skal gå ut over politiet sin ordinære innsats mot kriminalitet. Saksmengda på utlendingsområdet er ikkje stabilt, og departementet har dei seinare åra ikkje oppretta særskilde nye faste stillingar til utlendingsforvaltinga, men tilleggsløyvingar har blitt nytta for å kunne »ta toppane».

Den sterke auken i saksmengda i den seinare tid har likevel gjort det nødvendig å realisere ulike tiltak ut over det ein normal situasjon ville krevd:

  • auka bruk av overtid og stor reiseaktivitet i samband med registrering og behandling av saker, ID-fastsetting og omfattande arbeid med å få dei enkelte landa til å gje ut riktige reisedokument

  • etablering av tidsavgrensa engasjementsstillingar i tillegg til dei faste tilsette

  • mellombels auke av lokale for utlendingsforvaltinga sentralt i Oslo og på Tanum asylmottak

Det høge talet på asylsøkjarar for 2002 og stort volum på uttransportering av asylsøkjarar, har såleis gitt akkumulerte effektar over tid, som gjer at utgiftsauken i 2002 ikkje har blitt fanga godt nok opp i prognosegrunnlag og utrekning av gjennomsnittlege kostnader. Dette er noko departementet vil vere meir merksam på i tida som kjem. For at ikkje innsatsen på utlendingsområdet skal gå ut over kampen mot kriminalitet er det nødvendig med tilleggsløyving.

Etter at revidert budsjett for 2002 blei behandla har talet på nye asylsøkjarar pr. månad auka kraftig. I løpet av 1. halvår 2002 kom det i gjennomsnitt om lag 1 350 pr. månad, medan det i perioden juli til og med august har kome i gjennomsnitt nesten 1 700 pr. månad, og i september 1 722.

Meirbehovet på politibudsjettet skuldast såleis i hovudsak meir ressurskrevjande behandling av saker og auka utgifter til lokale og vakthald enn det som var lagt til grunn tidlegare. Regjeringa prioriterer at asylsøkjarar med negativt vedtak skal raskt ut av landet, og politiet har sett det som nødvendig å gå ut over normal kapasitet og auke bemanninga med 82 engasjement i 2002. Det høyrer og med i biletet at talet på einslege mindreårige har auka (om lag 800 i år mot 550 i fjor). Dette er ei ressurskrevjande gruppe med omsyn til behandlinga av saker. Fleire søkjarar gir også auka tolkeutgifter. Erfaringa tilseier at 85 % av asylsøkjarane krev tolk. Berre ein av sju melder seg med ekte reisedokument. Politiet må derfor bruke store ressursar på å finne ut søkjarane sin identitet og nasjonalitet. Dette er nødvendig for å kunne skaffe nye reisedokument, noko som er ein føresetnad for uttransportering. Auken i utgiftene må også sjåast i samanheng med skjerpa krav til tryggleik etter hendinga den 11. september 2001.

Arbeidet med effektivisering og reduksjonar i kostnader knytte til uttransporteringar må førast vidare. Førebels har det ikkje vore mogeleg å realisere innsparingar i særleg grad. Etter at revidert budsjett for 2002 blei behandla har talet på tilstrøyming av asylsøkjarar pr. månad auka kraftig, og talet på personar som skal returnerast aukar også stadig. Pr. 30. september er om lag 5 300 personar uttransporterte ved tvang, dvs ei auke på 40 % samanlikna med same tid i 2001. Dette har ført til at også andre politidistrikt enn Oslo er mobiliserte, særleg for å styrkje arbeidet med identifikasjon og uttransporteringar. Det er også sett i gang tiltak på tvers av dei ulike departementa som er påverka, for å fjerne flaskehalsar i dagens saksbehandlingskjede, og det er inngått ein avtale med IOM (International Organisation Migration), som arbeider for å få fleire til å returnere frivillig til heimlandet.

Politiet sine utgifter på asyl- og utlendingsområdet blir fordelt på ulike postar. På post 01 blir politiet sine eigne driftsutgifter dekte, medan post 21 dekkjer dei såkalla sideutgiftene i samband med asyl- og utlendingssakene (klienten sine utlegg til billettar, tolk, lege m.v.), inkludert også avgifta til IOM.

Det er behov for 52 mill. kr til å dekkje auka utgifter til asyl- og utlendingssaker. Av det auka behovet, blir det foreslått å dekkje 6 mill. kr av sentrale tilbakehaldne middel. Det blir difor foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 01 med 17 mill. kr og løyvinga under kap. 440, post 21 med 29 mill kr.

Kap 3440 Politidirektoratet - politi- og lensmannsetaten

Post 04 Gebyr vaktselskap

På bakgrunn av rekneskapstal blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 3440, post 04 med 150 000 kr.

Kap. 441 Oslo politidistrikt

Post 01 Driftsutgifter

Verdsbanken sin ABCDE-konferanse

ABCDE-konferansen blir arrangert årleg og er eit høgt profilert forum for fagleg drøfting av utviklingsøkonomiske problemstillingar. Eit slikt møte blei arrangert i Oslo i juni 2002, og det var Oslo politidistrikt som var ansvarleg for tryggleiken. Politiet hadde eit viktig ansvar for å sikre dei ulike fredelege demonstrasjonane og ytringsfridomen dette representerer. Regjeringa kunne konstatere at det var ein god dialog mellom Oslo politidistrikt og leiarane for dei varsla fredelege demonstrasjonane på førehand. Denne dialogen var med på å sikre eit godt resultat. Ut frå erfaringar frå slike konferansar i andre land måtte ein også ta høgde for at arrangementet kunne mobilisere globaliseringsmotstandarar både frå Noreg og utlandet. Ein måtte òg vere førebudd på at det kunne bli valdelege demonstrasjonar i Oslo. Demonstrasjonane ved tidlegare møte i regi av Verdsbanken har vist seg å ha ein gang og eit skadeomfang som ikkje kan samanliknast med noko tidlegare arrangement i Oslo. Politiet måtte derfor settjast i stand til å kunne handtere mogelege demonstrasjonar, og etablere ein beredskap for - om naudssynt - sette i verk tryggingstiltak. Ut frå denne operative situasjonen utarbeidde Oslo politidistrikt eit omfattande tryggingsopplegg. Ikkje minst på grunnlag av førebuingane gjekk konferansen og demonstrasjonane roleg for seg. Det kom ikkje til konfrontasjonar mellom demonstrantar og politi. Ein er difor ikkje i tvil om at dei grundige førebuingane var nødvendige for det gode resultatet, og at dei også hadde ein førebyggjande effekt.

Tryggingstiltaka var likevel av ein slik art og eit slikt omfang at det gjekk ut over dei ordinære ressursane Oslo politidistrikt disponerer. Konferansen førte m.a. til store kostnader til opplæring og trening både av Oslos eigne mannskap og til mannskap frå andre politidistrikt. Omdisponering av mannskap til trening og gjennomføring av dei særskilte tryggingstiltaka i høve til konferansen førte til store meirutgifter for å dekkje den ordinære tenesta i politidistriktet.

I St.prp. nr. 63 (2001-2002) blei Stortinget varsla om at konferansen truleg ville påføre politiet meirutgifter. Regjeringa tok atterhald om å kome attende til saka i haustsesjonen, når storleiken på meirutgiftene var nærare klarlagt.

Dei totale utgiftene for politiet blei om lag 83 mill. kr. Utgiftene fordeler seg med 31,4 mill. kr til løn ved Oslo politidistrikt (inkl. 23,6 mill. kr til overtid), løn og reiseutgifter for mannskap frå andre politidistrikt med 14,3 mill. kr, varer og tenester med 34,4 mill. kr, og indirekte kostnader på 2,9 mill. kr.

Politimeisteren i Oslo vurderte at dei tilgjengelege mannskapa hadde behov for økt kompetanse og utstyr for å løyse oppdraget. Det blei skaffa verneutstyr og gjennomført opplæring og trening i masseteneste. Ein slik førebuing blei vurdert som nødvendig for å sikre ei trygg gjennomføring av konferansen, og gjennomføring av dei mange lovlege demonstrasjonane som var venta. Innkjøpa var også viktige for tryggleiken til den einskilde polititenestemann og -kvinne.

Kompetanseoppbygginga og utstyret som blei kjøpt inn har stor gjenbruksverdi. Det vil bli vurdert korleis utstyret som blei kjøpt inn til forsterkingsmannskapa frå andre politidistrikt best mogeleg kan nyttast i framtida.

Det blir på bakgrunn av dette foreslått å auke løyvinga under kap. 441, post 01 med 75 mill. kr.

Kap. 460 Dei særskilde etterforskingsorgana

Post 01 Driftsutgifter

Det har vore ei stor auke i forbruket på posten dei siste åra. Riksadvokaten meiner det er blitt fleire store og ressurskrevjande saker. Vidare har Riksadvokaten signalisert at fleire både av dei som melder ei sak til SEFO og av dei som blir melde, bør få forklare seg for organet.

På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 460, post 01 med 3,5 mill. kr. For å dekkje opp det auka behovet blir det foreslått å overføre 1 mill. kr fra kap. 400, post 01, jf. omtale under kap. 400. Det resterende behovet på 2,5 mill. kr blir foreslått gitt som ei tillegsløyving på kap. 460, post 01.

Kap. 461 Særskilde ulykkekommisjonar, kan overførast

Post 01 Driftsutgifter

Utvik Senior kommisjonen blei oppnemnd 8. mai 2002. Kommisjonen skal granske omstende rundt forliset til Utvik Senior. Kommisjonen treng totalt ei løyving på 8,5 mill. kr for å dekkje dei forventa utgiftene i samband med arbeidet den skal gjere. Løyvinga skal dekke godtgjeringar til medlemane av kommisjonen og løn til sekretæren, ulike driftsutgifter og utgifter knytt til kommisjonen sine undersøkingar, så som hevinga av båten, tekniske undersøkingar, innhenting av sakkunnige utsegn, vitneavhøyr, reiseutgifter m.v.

På bakgrunn av dette blir det foreslått ei løyving på 8,5 mill. kr på kap. 461, post 01.

Kap. 470 Fri rettshjelp

Post 70 Fri sakførsel

På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling blir det foreslått å redusere løyvinga på kap. 470, post 70 med 7 mill. kr.

Post 71 Fritt rettsråd

Stortinget vedtok i samband med revidert nasjonalbudsjett å auke løyvinga på kap. 470, post 71 med 17 mill. kr, på bakgrunn av nye prognoser for talet på asylsøkjarar i 2002. Utgiftene på posten er påverka av saksmengda og omfanget av sakene, og er derfor vanskelege å rekne ut.

På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 470, post 71 med 23,5 mill. kr.

Kap. 471 Staten sitt erstatningsansvar

Post 70 Erstatning til voldsofra

Posten er ein regelstyrt overslagsløyving for erstatningar etter voldsofferlova.

På bakgrunn av rekneskapstal blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 471, post 70 med 10 mill. kr.

Post 71 Erstatningsansvar

På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 471, post 71 med 5 mill. kr.

Kap. 477 Erstatning til nordmenn som sat i japansk fangenskap under 2. verdskrig

Post 70 Erkjenningsyting

Fristen for å søkje erstatning var 1. juli 2002. Til saman fekk departementet 679 søknader, og det blei i 2001 og 2002 betalt ut over 43 mill. kr i erstatningar.

På bakgrunn av rekneskapstal blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 477, post 70 med 5,5 mill. kr.

Andre saker

Kongsvinger fengsel - Vardåsen leir

Stortinget har gjeve sin tilslutning til at Justisdepartementet kan kjøpe Vardåsen leir frå Forsvarsbygg, jf. St.prp. nr. 67 (2001-2002) Om endringar på statsbudsjettet for 2002 under Justis- og politidepartementet (Vardåsen leir mv.) og Innst. S. nr. 260 (2001-2002). Stortinget har gitt samtykke til at Justisdepartementet kan ta over Vardåsen leir for ein kjøpesum på 20 mill. kr, og at beløpet kan betalast ut over tre år og at 5 mill. kr. betalast ut i 2002. Kongsvinger fengsel vil bli innlemma i husleigeordninga, jf. St.prp. nr. 1 (2002-2003). På bakgrunn av framdrifta i arbeidet med dei bygningsmessige endringane blir det foreslått at eigedomen blir overdrege direkte frå Forsvarsbygg til Statsbygg. Justisdepartementet vil betale ut dei første 5 mill. kr i 2002.

Kap. 5630 Aksjer i Norsk Eiendomsinformasjon AS

Det vart for rekneskapsåret 2001 utbetalt eit utbytte på kr 5 948 622,-. Dette er kr 948 622,- høgare enn prognosane for budsjett 2002, som vart lagt til grunn i St.prp. nr. 1 (2001-2002). På bakgrunn av endelege rekneskapstal for 2001 blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 5630 med kr 948 622,-.

Til forsida