1 Arbeidet til Rettferdsvederlagsutvalet
Etter at St prp nr 89 (1995-96) blei fremma for Stortinget våren 1996, har Rettferdsvederlagsutvalet halde 4 møte og behandla 248 søknader. 156 søknader er avslått av utvalet. I 92 saker er vederlag tilstått. I ei sak har utvalet i tillegg komme med tilråding overfor Stortinget.
Utvalet har gitt rettferdsvederlag av statskassa med til saman kr 7 285 000,-. Vederlaga for dei søknadene som er innvilga, ligg mellom kr 30 000,- og kr 250 000,-.
Utskrift av Rettferdsvederlagsutvalets vedtak i samtlege saker ligg ved som utrykt bilag.