St.prp. nr. 29 (1996-97)

Rettferdsvederlag av statskassa

Til innholdsfortegnelse

2 Søknad som etter forslag frå Rettferdsvederlagsutvalet skal leggjast fram for Stortinget til endeleg avgjerd

Rettferdsvederlagsutvalet har tilrådd at søknaden nedanfor blir teken opp av Stortinget.

SAK NR 1

Det er fremma søknad for NN, fødd 1927, om rettferdsvederlag frå statskassa. Grunnlaget for søknaden er at han blei skadd etter at han som 12-åring blei behandla for stivkrampe. Skaden er ein verknad av injeksjon i ryggmargskanalen. Søkjaren fekk kort tid etter svekka muskelkraft i begge bein. Tilstanden blei gradvis forverra til tross for fleire operasjonar. Frå 1962 har han brukt rullestol. Han har hatt ei lang rad sjukehusopphald grunna infiserte trykksår over venstre hofte, som i 1990 førte til at heile venstre bein med hofteleddet og ein del av hofteskåla blei fjerna. Søkjaren har òg hatt svekka seksualfunksjon sidan ungdomstida, og har mått tømme blæra ved sjølvkateterisering. Tjukktarmen blei lagt fram på magen i 1990.

Helsetilsynet la til grunn at søkjaren har vore særleg uheldig i møtet sitt med helsestellet, fordi sjukehuset i 1939 nytta ei uprøvd behandlingsform som òg var eksperimentelt prega. Dette har ført til stadig forverra invaliditet. Helsetilsynet tilrådde rettferdsvederlag med kr 150 000,-.

Justisdepartementet slutta seg til Helsetilsynet si vurdering og konklusjon.

Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Justisdepartementet, og vederlag blei innvilga med kr 150 000,- som er den høgste summen utvalet kan tilstå i slike saker. Utvalet finn at kr 150 000,- er eit for lågt beløp, og tilrår ytterlegare vederlag med kr 100 000,-.

Justisdepartementet fremmar dette forslaget.

Til forsiden