St.prp. nr. 29 (1999-2000)

Om samtykke til inngåelse av en avtale mellom Norge og Det europeiske fellesskap om Norges deltakelse i arbeidet ved Det europeiske overvåkingssenter for narkotika og narkotikamisbruk

Til innholdsfortegnelse

3 Rådsforordning (EØF) nr. 302/93 av 8. februar 1993 om skiping av eit europeisk overvakingssenter for narkotika og narkotikavanebruk

RÅDET FOR DEI EUROPEISKE FELLESSKAPA HAR —

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske økonomiske fellesskapet, særleg artikkel 235,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen 1,

med tilvising til fråsegna frå Europaparlamentet 2,

med tilvising til fråsegna frå Økonomi- og sosialutvalet 3, og

ut frå desse synsmåtane:

På møtet sitt i Dublin 25. og 26. juni 1990 har Det europeiske rådet

  • stadfesta «Retningslinjer for ein europeisk plan for motarbeiding av narkotika», som var lagde fram av Det europeiske utvalet for motarbeiding av narkotika (CELAD), særleg tilrådinga om at «ekspertar bør gjennomføre ei gransking av dei informasjonskjeldene som alt finst, om kor pålitelege og føremålstenlege dei er, og av trongen for og eventuelt verkeområdet til eit europeisk overvakingssenter for narkotika og av dei økonomiske følgjene av å skipe eit slikt senter, ut frå at senteret ikkje berre skal ha oppgåver av sosial og helsemessig art, men også oppgåver i samband med andre sider ved narkotika, medrekna narkotikahandel og rettssøking»,

  • streka under at kvar einskild medlemsstat har ansvaret for å utarbeide eit føremålstenleg program for å minske etterspurnaden etter narkotika, og teke til ords for at det skal leggjast stor vekt på verksam handling frå kvar av medlemsstatane, understøtta av felles innsats frå medlemsstatane og Fellesskapet i åra som kjem.

Resultata frå den nemnde førebuande granskinga om senteret og frå den europeiske planen for motarbeiding av narkotika vart lagde fram for Det europeiske rådet på møtet i Roma 13. og 14. desember 1990.

På møtet sitt i Luxembourg 28. og 29. juni 1991 har Det europeiske rådet «godkjent skipinga av eit europeisk overvakingssenter for narkotika, medan den praktiske utforminga av det, til dømes storleiken, den institusjonelle strukturen og datahandsamingssystemet, framleis står open for diskusjon, og påla CELAD å halde fram arbeidet mot dette målet og raskt fullføre det, i samarbeid med Kommisjonen og andre politiske organ som det kjem ved».

På møtet sitt i Maastricht 9. og 10. desember 1991 har Det europeiske rådet «oppmoda organa til Fellesskapet om å setje alt inn på å sikre at rettsakta om skiping av det europeiske overvakingssenteret for narkotika kan vedtakast før 30. juni 1992».

Fellesskapet har ved avgjerd 90/611/EØF 4 inngått De forente nasjoners konvensjon mot ulovlig handel med narkotika og psykotrope stoffer, heretter kalla «Wien-konvensjonen», og har deponert ei fullmaktserklæring med sikte på artikkel 27 i konvensjonen 5.

Rådet har vedteke forordning (EØF) nr. 3677/90 6for at det systemet for overvaking av handelen med visse stoff som er fastsett i artikkel 12 i Wien-konvensjonen skal verte gjennomført i Fellesskapet.

Rådet har vedteke direktiv 91/308/EØF av 10. juni 1991 om tiltak for å hindre at det finansielle system brukes til hvitvasking av penger 7, som særleg har som mål å motarbeide narkotikahandelen.

Det trengst opplysningar som er objektive, pålitelege og som kan jamførast om narkotika, narkotikavanebruk og følgjene av dette på europeisk nivå for å medverke til å gje Fellesskapet og medlemsstatane eit samla oversyn og såleis gje dei eit betre grunnlag når dei på kvar sine ansvarsområde skal gjere tiltak eller fastsetje handlingar for å motarbeide narkotika.

Narkotikaproblemet har mange samansette, innfløkte og tett samanvovne sider som er vanskelege å skilje frå kvarandre. Senteret bør difor få i oppgåve å levere allmenne opplysningar som kan medverke til å gje Fellesskapet og medlemsstatane eit samla oversyn over problemet med narkotika og narkotikavanebruk. Denne oppgåva skal ikkje røre ved ansvarsfordelinga mellom Fellesskapet og medlemsstatane når det gjeld dei lovføresegnene som gjeld narkotikatilbod og -etterspurnad.

Oppbygginga og arbeidsmåtane til senteret må vere i samsvar med målet om å oppnå objektive resultat, det vil seie at kjeldene og metodane i samband med narkotikainformasjon skal kunne jamførast og samordnast.

Senteret skal samle inn opplysningar om utvalde område, som det skal fastsetjast innhald, omfang og gjennomføringsføresegner for.

I første treårsperioden vil det verte lagt særleg vekt på etterspurnaden, og på å minske han.

I resolusjonen sin av 16. mai 1989 om eit europeisk nett for helseopplysningar om narkotikavanebruk 8 oppmoda Rådet og helseministrane i medlemsstatane, samla i Rådet, Kommisjonen om å ta eventuelle initiativ i samband med eit slikt nett.

Det bør skipast eit europeisk informasjonsnett for narkotika og narkotikavanebruk som skal samordnast og leiast av senteret på fellesskapsnivå.

Det bør takast omsyn til konvensjon nr. 108 frå Europarådet om personvernet i samband med automatisk handsaming av persondata (1981).

Det finst alt nasjonale, europeiske og internasjonale organisasjonar og organ som leverer slike opplysningar, og senteret bør kunne utføre oppgåvene sine i nært samarbeid med dei.

Senteret må ha status som rettssubjekt.

Det må sikrast at senteret utfører informasjonsoppgåvene sine og at Domstolen får domsmakt for dette føremålet.

Tredjestatar som har den same interessa av å nå desse måla som Fellesskapet og medlemsstatane, skal ha tilgang til senteret i medhald av avtaler som vert inngådde mellom dei og Fellesskapet.

Denne forordninga kan om naudsynt tilpassast etter ein treårsperiode med sikte på eventuelt å utvide oppgåvene til senteret, særleg på grunnlag av utviklinga av ansvarsområdet til Fellesskapet.

Traktaten gjev ingen annan heimel for å vedta denne forordninga enn artikkel 235 —

VEDTEKE DENNE FORORDNINGA:

Artikkel 1

Mål

1. Ved denne forordninga vert det skipa eit europeisk overvakingssenter for narkotika og narkotikavanebruk, heretter kalla «senteret».

2. Føremålet med senteret er å gje Fellesskapet og medlemsstatane opplysningar som er objektive, pålitelege og som kan jamførast om narkotika, narkotikavanebruk og følgjene av dette på europeisk nivå, på dei områda som er nemnde i artikkel 4.

3. Dei statistiske, dokumentariske og tekniske opplysningane som vert handsama eller utarbeidde, skal medverke til å gje Fellesskapet og medlemsstatane eit samla oversyn over problemet med narkotika og narkotikavanebruk og med det eit betre grunnlag når dei kvar på sine ansvarsområde skal gjere tiltak eller fastsetje handlingar.

4. Senteret kan berre gjere tiltak på området opplysningar og handsaming av opplysningar.

5. Senteret skal ikkje samle inn opplysningar som gjer det råd å kjenne att einskildpersonar eller små grupper av einskildpersonar. Det skal halde seg frå å føre vidare opplysningar om konkrete saker og namngjevne personar.

Artikkel 2

Oppgåver

For å nå dei måla som er fastsette i artikkel 1, skal senteret ha desse oppgåvene innanfor verkeområda sine:

A. Innsamling og analyse av tilgjengelege opplysningar

Senteret skal

1. samle inn, registrere og analysere opplysningar, medrekna forskingsresultat, som medlemsstatane stiller til rådvelde, i tillegg til opplysningar frå kjelder i fellesskapet, nasjonale ikkje-statlege kjelder og sakkunnige internasjonale organisasjonar,

2. utføre granskingar, førebuande studiar og føregranskingar, i tillegg til eventuelle forsøksprosjekt som er naudsynte for dei oppgåvene som dei har, halde ekspertmøte og om naudsynt oppnemne mellombels arbeidsgrupper for dette føremålet, og skipe og stille til rådvelde opne kjelder til vitskapleg dokumentasjon og medverke til å fremje spreiing av opplysningar,

3. stille til rådvelde eit organisatorisk og teknisk system som kan levere opplysningar om liknande eller utfyllande program eller tiltak i medlemsstatane,

4. skipe og samordne det nettet som er nemnt i artikkel 5 i samråd og samarbeid med dei rette styresmaktene og organisasjonane i medlemsstatane,

5. lette utvekslinga av opplysningar mellom dei som tek avgjerdene, forskarane, spesialistane og dei som tek del i kampen mot narkotika i statlege og ikkje-statlege organisasjonar,

B. Betring av metodane for samanlikning av opplysningar

6. sikre at opplysningane vert lettare å jamføre, meir objektive og meir pålitelege på europeisk nivå ved å fastsetje sams rettleiande indikatorar og kriterium, og tilrå at desse vert stetta med sikte på betre samsvar mellom målemetodane i medlemsstatane og Fellesskapet.

7. lette og strukturere utvekslinga av opplysningar, med omsyn til både kvaliteten og mengda (databasar),

C. Spreiing av opplysningar

8. stille dei opplysningane som det utarbeider til rådvelde for Fellesskapet, medlemsstatane og sakkunnige organisasjonar,

9. sikre vid spreiing av arbeid som er gjorde i kvar av medlemsstatane og av Fellesskapet og, der det er føremålstenleg, av arbeid frå tredjestatar eller internasjonale organisasjonar,

10. sikre vid spreiing av pålitelege opplysningar som ikkje er fortrulege, og skal kvart år offentleggjere ein rapport om stoda for narkotikaspørsmålet på grunnlag av dei opplysningane som det har samla inn,

D. Samarbeid med europeiske og internasjonale organ og organisasjonar og med tredjestatar

11. medverke til å betre samordninga mellom dei nasjonale tiltaka og fellesskapstiltaka innanfor verkeområda sine,

12. utan at det rører ved dei pliktene som medlemsstatane har når det gjeld oversending av opplysningar i medhald av SN-konvensjonane om narkotika, arbeide for å få innarbeidd dei opplysningane om narkotika og narkotikavanebruk som er samla inn i medlemsstatane eller stammar frå Fellesskapet, i internasjonale program for overvaking av og kontroll med narkotika, særleg i dei som er skipa av Dei sameinte nasjonane og særorganisasjonane til SN,

13. samarbeide aktivt med dei organa som er nemnde i artikkel 12.

Artikkel 3

Arbeidsmetode

1. Senteret skal utføre oppgåvene sine stegvis, ut frå dei måla som er fastsette i dei treårige og eittårige arbeidsprogramma ut frå dei ressursane som står til rådvelde.

2. For å unngå overlapping skal senteret halde rekning med det arbeidet som alt er gjort av andre noverande eller framtidige institusjonar og organ, særleg Det europeiske politibyrået (Europol), og skal syte for at arbeidet til senteret aukar verdien av arbeidet deira.

Artikkel 4

Prioriterte verkeområde

Måla og oppgåvene til senteret, som er fastlagde i artikkel 1 og 2, skal prioriterast som vist i vedlegget.

Artikkel 5

Det europeiske informasjonsnettet for narkotika og narkotikavanebruk (REITOX)

1. Det europeiske informasjonsnettet for narkotika og narkotikavanebruk (REITOX), eit datanett som utgjer infrastrukturen for innsamling og utveksling av opplysningar og dokumentasjon, skal stå til rådvelde for senteret, og dette nettet skal mellom anna nytte eit eige datasystem som knyter saman dei nasjonale netta for narkotikainformasjon, spesialiserte senter i medlemsstatane og informasjonssystema til internasjonale eller europeiske organisasjonar og organ som samarbeider med senteret.

2. For at nettet skal kunne skipast så snart og så verksamt som råd, skal medlemsstatane innan seks månader etter at denne forordninga har teke til å gjelde melde frå til senteret om hovudelementa i dei nasjonale informasjonsnetta, der det er føremålstenleg òg i dei nasjonale overvakingssentra, som kjem inn under dei verkeområda som er nemnde i artikkel 4, og opplyse om spesialiserte senter som etter deira vurdering kan gje nyttige tillegg til det arbeidet som senteret gjer.

3. Styremedlemene skal samrøystes peike ut spesialiserte senter med samtykke frå den medlemsstaten som dei er lagde til, slik det er nemnt i artikkel 8 nr. 2 andre leddet, for eit tidsrom som ikkje går lenger fram i tid enn kvart av dei fleirårige arbeidsprogramma som er nemnde i artikkel 8 nr. 3. Sentra kan peikast ut på nytt.

4. Senteret kan med samtykke frå den medlemsstaten som dei spesialiserte sentra er lagde til gå inn i kontrakthøve, særleg for underleveransar, med statlege og ikkje-statlege spesialiserte senter som er nemnde i nr. 3, for å få utført oppgåver som det høver å tiltru dei. Med samtykke frå dei medlemsstatane som det kjem ved kan senteret òg inngå kontraktar, på mellombels grunnlag og for særskilde oppgåver, med organ som ikkje inngår i REITOX.

5. Tildelinga av særskilde oppgåver til dei spesialiserte sentra skal førast opp i det fleirårige programmet til senteret, som er nemnt i artikkel 8 nr. 3.

Artikkel 6

Personvern og fortrulege opplysningar

1. Når persondata som ikkje gjer det råd å kjenne att fysiske personar vert sende til senteret etter denne forordninga og i samsvar med nasjonal lovgjeving, kan slike opplysningar berre nyttast til dei føremåla og på dei vilkåra som er fastlagde av det organet som sender dei. Dette skal gjelde tilsvarande når senteret sender persondata til dei rette styresmaktene i medlemsstatane eller til internasjonale organisasjonar og andre europeiske institusjonar.

2. Opplysningar om narkotika og narkotikavanebruk som senteret får inn eller formidlar vidare, kan offentleggjerast dersom fellesskapsreglar og nasjonale reglar om spreiing av og fortrulegskap i samband med opplysningar vert stetta. Persondata skal ikkje offentleggjerast eller gjerast tilgjengelege for allmenta.

3. Medlemsstatane og dei spesialiserte sentra skal ikkje ha noka plikt til å gje opplysningar som er rekna som fortrulege etter den nasjonale lovgjevinga deira.

Artikkel 7

Rettsleg handleevne

Senteret skal vere rettssubjekt. I kvar av medlemsstatane skal det ha den mest vidfemnande rettslege handleevna som kan gjevast til juridiske personar etter den nasjonale lovgjevinga. Det skal mellom anna kunne kjøpe inn eller avhende lausøyre og fast eigedom og ha partsevne ved søksmål.

Artikkel 8

Styret

1. Senteret skal ha eit styre som er samansett av ein representant for kvar av medlemsstatane, to representantar for Kommisjonen, og to vitskapsfolk med særskild sakkunne på narkotikaområdet som vert oppnemnde av Europaparlamentet på grunnlag av den særskilde sakkunna som dei har på det området.

Kvar av styremedlemene kan få hjelp av eller la seg representere av ein varamedlem, og når den faste medlemen ikkje er til stades, kan varamedlemen nytte røysteretten hans. Styret kan kalle inn representantar for internasjonale organisasjonar som senteret samarbeider med i samsvar med artikkel 12, som observatørar utan røysterett.

2. Styreformannen skal veljast mellom styremedlemene for eit tidsrom på tre år, og kan attveljast ein gong. Formannen skal ha røysterett. Styremedlemene skal ha ei røyst kvar.

Styret skal gjere vedtak med to tredels fleirtal blant medlemene, unnateke i dei høva som er nemnde i artikkel 5 nr. 3, der vedtaka må vere samrøystes, og i nr. 3 i denne artikkelen.

Styret skal fastsetje møteføresegnene sine.

Styret skal ha møte minst ein gong i året.

3. Styret skal vedta eit treårig arbeidsprogram på grunnlag av eit utkast som vert lagt fram av den daglege leiaren for senteret, etter samråd med vitskapsutvalet og etter fråsegner frå Kommisjonen og Rådet. Det første treårsprogrammet skal vedtakast samrøystes, innan ni månader etter at denne forordninga har teke til å gjelde. Styret skal med tre firedels fleirtal blant medlemene avgjere om seinare treårsprogram skal vedtakast med det fleirtalet som er fastsett i nr. 2 andre leddet i denne artikkelen, eller samrøystes.

4. Innanfor ramma av det treårige arbeidsprogrammet skal styret kvart år vedta det årlege arbeidsprogrammet til senteret på grunnlag av eit utkast som vert lagt fram av den daglege leiaren, etter samråd med vitskapsutvalet og etter fråsegn frå Kommisjonen. Programmet kan tilpassast i løpet av året etter den same framgangsmåten.

5. Styret skal innan 31. januar kvart år vedta ei allmenn årsmelding om verksemda til senteret. Den daglege leiaren skal sende årsmeldinga til Europaparlamentet, Rådet, Kommisjonen og medlemsstatane.

Artikkel 9

Den daglege leiaren

1. Senteret skal ha ein dagleg leiar, som vert oppnemnd av styret etter framlegg frå Kommisjonen for ein femårsperiode som kan fornyast. Den daglege leiaren skal ha ansvaret for

  • å utarbeide og setje i verk vedtak som vert gjorde og program som vert vedtekne av styret for senteret,

  • den daglege drifta av senteret,

  • å utarbeide arbeidsprogramma til senteret,

  • å utarbeide eit oversyn over inntekter og utgifter og for å gjennomføre budsjettet,

  • å utarbeide og offentleggjere dei rapportane som denne forordninga fastset,

  • alle personalsaker,

  • at dei funksjonane og oppgåvene som er nemnde i artikkel 1 og 2 vert gjennomførde.

2. Den daglege leiaren skal stå ansvarleg andsynes styret og skal delta på styremøta.

3. Den daglege leiaren skal vere lovleg representant for senteret.

Artikkel 10

Vitskapsutvalet

1. Styret og den daglege leiaren skal få hjelp av eit vitskapsutval, som skal gje fråsegner i dei høva som denne forordninga fastset om vitskaplege spørsmål som kjem ved aktivitetane til senteret og som styret eller den daglege leiaren legg fram for utvalet.

Fråsegnene frå vitskapsutvalet skal offentleggjerast.

2. Vitskapsutvalet skal vere samansett av ein representant for kvar medlemsstat. Styret kan oppnemne inntil seks andre medlemer på grunnlag av den særskilde sakkunna deira.

3. Medlemene i vitskapsutvalet skal ha eit mandat på tre år, som kan fornyast.

4. Vitskapsutvalet skal velje leiar for ein periode på tre år.

5. Leiaren skal kalle saman til møte i vitskapsutvalet minst ein gong i året.

Artikkel 11

Budsjettet

1. Det skal utarbeidast eit overslag over alle inntektene og utgiftene til senteret for kvart rekneskapsår, som skal falle saman med kalenderåret, og overslaga skal førast opp i budsjettet til senteret.

2. Innan 15. februar kvart år skal den daglege leiaren utarbeide eit førebels budsjettframlegg som omfattar dei driftskostnadene og det arbeidsprogrammet som er fastsette for neste rekneskapsår, og leggje framlegget fram for styret saman med eit personaloversyn.

3. I budsjettet skal inntektene og utgiftene vere i balanse.

4. Med atterhald for andre midlar skal inntektene til senteret omfatte eit tilskot frå Fellesskapet, som skal førast under ei særskild overskrift i det allmenne budsjettet til Dei europeiske fellesskapa (avsnittet for Kommisjonen), betaling for utførte tenester og eventuell økonomisk støtte frå dei organisasjonane og organa og tredjestatane som er nemnde i artikkel 12 og 13.

5. Utgiftene til senteret skal mellom anna omfatte:

  • lønskostnadene, administrasjons- og infrastrukturkostnadene og driftskostnadene,

  • utgiftene med støtte til dei nasjonale informasjonsnetta som inngår i REITOX og utgiftene i samband med kontraktar med dei spesialiserte sentra.

6. Styret skal vedta budsjettframlegget og sende det til Kommisjonen, som på grunnlag av framlegget skal utarbeide dei tilsvarande overslaga i det førebelse framlegget til det allmenne budsjettet til Dei europeiske fellesskapa, som han skal leggje fram for Rådet i medhald av artikkel 203 i traktaten.

7. Styret skal vedta det endelege budsjettet til senteret før rekneskapsåret tek til, og om naudsynt tilpasse det til fellesskapstilskotet og dei andre midla som senteret rår over.

8. Den daglege leiaren skal gjennomføre budsjettet.

9. Finansinspektøren til Kommisjonen skal føre kontroll med alle kostnader som senteret tek på seg og at desse vert betalte, og med at inntektene til senteret vert kartlagde og kravde inn.

10. Seinast 31. mars kvart år skal den daglege leiaren sende Kommisjonen, styret og Revisjonsretten rekneskapen over dei samla inntektene og utgiftene til senteret for førre rekneskapsåret.

Revisjonsretten skal revidere rekneskapen i samsvar med artikkel 206a i traktaten.

11. Styret skal frita den daglege leiaren for ansvar for gjennomføringa av budsjettet.

12. Finansreglementet for det allmenne budsjettet til Dei europeiske fellesskapa skal gjelde for senteret. Rådet kan, med kvalifisert fleirtal etter framlegg frå Kommisjonen og etter samråd med Europaparlamentet og styret, gjere unntak frå finansreglementet når det er naudsynt ut frå omsynet til drifta av senteret.

Artikkel 12

Samarbeid med andre organisasjonar og organ

Utan at det rører ved dei sambanda som Kommisjonen kan halde ved lag etter artikkel 229 i traktaten, skal senteret aktivt søkje samarbeid med internasjonale organisasjonar og andre, særleg europeiske, statlege og ikkje-statlege organ som har sakkunne på narkotikaområdet.

Artikkel 13

Tredjestatar

1. Senteret skal vere ope for deltaking frå tredjestatar som deler dei interessene som Fellesskapet og medlemsstatane har i måla for og arbeidet til senteret, på grunnlag av avtaler som vert inngådde mellom desse statane og Fellesskapet etter artikkel 235 i traktaten.

2. Styret kan avgjere om ekspertar som vert føreslegne av tredjestatar, skal kunne delta i dei mellombelse arbeidsgruppene som er nemnde i artikkel 2 nr. 2, med atterhald for at partane forpliktar seg til å stette føresegnene i artikkel 6.

Artikkel 14

Privilegium og immunitet

Protokollen om privilegia og immuniteten til Dei europeiske fellesskapa skal gjelde for senteret.

Artikkel 15

Personalvedtekter

For personalet ved senteret skal det gjelde dei same lovene og forskriftene som for tenestemenn og andre tilsette i Dei europeiske fellesskapa.

Andsynes personalet skal senteret ha dei fullmaktene som ligg til tilsetjingsstyresmaktene.

Styret skal i samråd med Kommisjonen vedta føremålstenlege reglar for gjennomføringa.

Artikkel 16

Erstatningsansvar

1. Erstatningsansvaret til senteret i kontrakthøve skal avgjerast på grunnlag av den lovgjevinga som gjeld for den aktuelle kontrakten. Domstolen skal ha domsmakt etter ein skilsdomsklausul i kontraktar som vert inngådde av senteret.

2. Når det gjeld erstatningsansvar utanfor kontrakthøve, skal senteret i samsvar med dei allmenne prinsippa som er sams for lovgjevinga til medlemsstatane, erstatte skadar som senteret eller dei tilsette gjer medan dei utfører arbeidet sitt. Domstolen skal ha domsmakt i tvistar om erstatning for slik skade.

3. Det personlege ansvaret som dei tilsette har andsynes senteret skal fastsetjast i dei føresegnene som skal gjelde for personalet ved senteret.

Artikkel 17

Domsmakta til Domstolen

Domstolen skal ha domsmakt i saker som vert reiste mot senteret, på dei vilkåra som er fastsette i artikkel 173 i traktaten.

Artikkel 18

Rapport

I løpet av tredje året etter at denne forordninga tek til å gjelde skal Kommisjonen sende Europaparlamentet og Fellesskapet ein rapport om resultata til senteret, der det er føremålstenleg saman med framlegg til endring eller utviding av oppgåvene til senteret, særleg på grunnlag av utviklinga av ansvarsområdet til Fellesskapet.

Artikkel 19

Ikraftsetjing

Denne forordninga tek til å gjelde dagen etter at dei rette styresmaktene har avgjort kvar senteret skal ha hovudkvarteret sitt.

Denne forordninga er bindande i alle delar og gjeld direkte i alle medlemsstatane.

Utferda i Brussel, 8. februar 1993.

For Rådet

J. TRØJBORG

Formann

Vedlegg

  1. Arbeidet til senteret skal utførast slik at ansvarsområda til høvesvis Fellesskapet og medlemsstatane på narkotikaområdet, slik dei er fastsette i traktaten, vert stetta.

    Senteret skal hente inn opplysningar om desse prioriterte områda:

    1. etterspurnaden etter narkotika og minsking av han,

    2. strategiar og politikk på nasjonalt nivå og fellesskapsnivå (med særleg vekt på politikk, handlingsplanar, lovgjeving, tiltak og avtaler på internasjonalt nivå, tosidig nivå og fellesskapsnivå),

    3. internasjonalt samarbeid og dei geopolitiske sidene ved tilbodet (med særleg vekt på samarbeidsprogram og opplysningar om produksjons- og transittstatar),

    4. kontroll av handelen med narkotika, psykotrope stoff og prekursorar, som fastsett i noverande eller framtidige internasjonale konvensjonar eller fellesskapsrettsakter som kjem saka ved 9,

    5. verknadene av narkotikaproblemet på produksjons-, forbrukar- og transittstatane på dei områda som kjem inn under traktaten, medrekna kvitvasking av pengar, som fastsett i noverande eller framtidige fellesskapsrettsakter som kjem saka ved 10.

  2. Kommisjonen skal stille opplysningar og statistiske data som han rår over i kraft av ansvarsområdet sitt, til rådvelde for senteret med sikte på at dei skal spreiast.

  3. I første treårsperioden vil det verte lagt særleg vekt på etterspurnaden og på å minske han.

Fotnoter

1.

TEF nr. C 43 av 18.2.1992, s. 2.

2.

TEF nr. C 150 av 15.6.1992, s. 54.

3.

TEF nr. C 223 av 31.8.1992, s. 26.

4.

TEF nr. L 326 av 24.11.1990, s. 56.

5.

TEF nr. L 326 av 24.11.1990, s. 57.

6.

TEF nr. L 357 av 20.12.1990, s. 1. Forordninga er endra ved forordning (EØF) nr. 900/92 (TEF nr. L 96 av 10.4.1992, s. 1).

7.

TEF nr. L 166 av 28.6.1991, s. 77.

8.

TEF nr. C 185 av 22.7.1989, s. 1.

9.

- Dei no gjeldande internasjonale konvensjonane som kjem saka ved omfattar særleg SN-konvensjonane, i den grad Fellesskapet er eller kan bli part i dei. - Dei no gjeldande fellesskapsrettsaktene som kjem saka ved omfattar særleg rådsforordning (EØF) nr. 3677/90 av 13. desember 1990 om tiltak som skal treffes for å motvirke at visse stoffer brukes til ulovlig framstilling av narkotika og psykotrope stoffer. - Dette gjeld berre opplysningar som medlemsstatane har plikt til å gje Kommisjonen på grunnlag av det noverande og framtidige regelverket til Fellesskapet.

10.

- Den gjeldande fellesskapsrettsakta som det kjem ved når det gjeld kvitvasking av pengar er rådsdirektiv av 10. juni 1991 om tiltak for å hindre at det finansielle system brukes til hvitvasking av penger. - Dette gjeld berre opplysningar som medlemsstatane har plikt til å gje Kommisjonen på grunnlag av det noverande og framtidige regelverket til Fellesskapet.