1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram ein del saker under programkategoriane 21.20 Luftfartsformål, 21.30 Vegformål, 21.40 Særskilde transporttiltak, 21.50 Jernbaneformål og 22.10 Post og telekommunikasjonar.
Proposisjonen gjeld følgjande saker:
Under 21.20 Luftfartsformål:
Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1310, post 70 Godtgjersle for innanlandske flyruter, med 9 mill. kr som følgje av m.a. lågare kompensasjonskrav frå flyselskapa etter at dei blei tekne ut av verkeområdet for meirverdiavgiftsloven.
På grunn av utsett innflytting i utvida bygg blir løyvinga på kap. 1314, post 01 Driftsutgifter, foreslått redusert med 1,5 mill. kr.
Samferdselsdepartementet foreslår å opprette eit interimsselskap for å førebu omdanninga av Luftfartsverket til aksjeselskap frå 1. januar 2003.
Det blir foreslått å løyve 392 mill. kr som avdrag på statslån til Oslo Luftfhavn AS.
Under 21.30 Vegformål:
Det blir gjort greie for endringar i bompengeinnkrevjinga i fastlandssambandet Hitra-Frøya-Fjellværøy i Sør-Trøndelag.
Under 21.40 Særskilde transporttiltak:
På grunn av mindre produksjon tidlegare år enn rekna med, blir det foreslått å redusere løyvinga på kap. 1330, post 71 Tilskot til ekspressbussar, med 9 mill. kr.
Departementet foreslår at Senjaferjene får utbetalt 1,75 mill. kr til drifta i 2002.
Under 21.50 Jernbaneformål:
Samferdselsdepartementet foreslår å løyve 2,7 mill. kr på kap. 1354, post 01 Driftsutgifter, for å oppretthalde høgt prioriterte aktivitetar.
Det blir foreslått å auke løyvinga på kap. 5671, post 80 Renter, med 19 mill. kr, m.a. som følgje av at lånet til BaneTele AS er blitt forlengd i 2002.
På grunn av at det ikkje blei betalt utbytte frå BaneTele for rekneskapsåret 2001 foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 5671, post 81 Utbytte, med 8 mill. kr.
Under 22.10 Post og telekommunikasjonar:
Betaling av renter på ansvarleg lån til Posten Norge BA blei høgare enn tidlegare budsjettert.