6 Programkategori 22.10 Post og telekommunikasjonar
Kap. 5612 Renter av lån til Posten Norge BA
Post 81 Renter av ansvarleg lån
Ved omdanninga av Posten Norge BA til aksjeselskap 1. juli 2002 blei det ansvarlege lånet omdanna til aksjekapital i det nye selskapet. Selskapet betalte derfor i 2002 berre renter av det ansvarlege lånet for perioden 1. januar - 30. juni. Løyvinga på kap. 5612, post 81, blei derfor redusert til 14 mill. kr, jf. St.prp. nr. 62/Innst. S. nr. 224 (2001-2002).
Renteinnbetalingane frå Posten er knytte til det løpande rentenivået, som i perioden 1. januar - 30. juni 2002 var NIBOR + 1,5 prosentpoeng. Faktisk innbetaling av renter i perioden blei nesten 16,6 mill. kr. Samferdselsdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 5612, post 81 Renter av ansvarleg lån, med 2,6 mill. kr, frå 14 mill. kr til 16,6 mill. kr.