St.prp. nr. 30 (1996-97)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr. 56/96 av 28. oktober 1996 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i EURES

Til innholdsfortegnelse

1 Bakgrunn

EURES er eit informasjonsnettverk som knyter saman dei nasjonale arbeidsmarknadsstyresmaktene og partnarane deira i medlemsstatane og EU-kommisjonen. Dei viktigaste elementa i EURES er databasar og konsulent- og informasjonsnettverk. «Eurokonsulentane», som vert tilsette av dei nasjonale styresmaktene i EØS-statane, utgjer bindeleddet mellom den nasjonale arbeidsformidlinga og den europeiske arbeidsmarknaden. Programmet vart skipa ved kommisjonsvedtak nr. 93/569 av 22. oktober 1993 om gjennomføring av rådsforordning (EØF) nr. 1612/68 om fri rørsle for arbeidstakarar i Det europeiske fellesskapet. Forordning (EØF) nr. 1612/68 er ein del av EØS-avtala (jf St.prp.nr. 100 for 1991-92, s 251). Kommisjonsvedtaket vart teke inn i vedlegg V til EØS-avtala ved vedtak nr. 7/94 av 21. mars 1994 i EØS-komiteen (jf St.prp. nr. 40 for 1993-94, s. 66). På bakgrunn av dette vedtaket har Noreg vore tilknytt EURES utan full deltaking i utvala og utan å ta del i finansieringa av nettverket.

På bakgrunn av røynslene med EURES-samarbeidet, har partane ønskt å utvide dette, slik at EFTA-statane tek del i fellesskapsverksemda fullt ut. Dette vil m.a. innebere at EFTA-statane vil ta del i finansieringa av nettverket. Samstundes vil dei kunna ta del i arbeidet i EU sine utval og andre organ som gjev råd til Kommisjonen i gjennomføringa av verksemda