4 Nærare om behovet for auka kapitaltilgang
Det er fleire forretningsmessige og samfunnsmessige moment som er vektlagt i vurderinga av behovet for auka kapitaltilgang:
Moderne, rasjonelle og effektive tele/IT-løysingar er avgjerande for eit land si konkurranseevne. Tele/IT er eit avgjerande hjelpemiddel på stadig fleire område i eit samfunn med høge krav til snøgg, effektiv og påliteleg kommunikasjon. Både dei store industrikonserna med brei internasjonal verksemd og dei mindre bedriftene ute i distrikta er avhengig av gode tele/IT-løysingar. Telenor har eit hovudansvar for å sikre at verdiskapinga innan moderne telekommmunikasjon kjem heile det norske samfunn til gode. For å oppfylle denne oppgåva må Telenor minst oppretthalde den posisjonen konsernet har i dag for stadig å vere på høgde med utviklinga innan sin bransje.
Telenor er det industrielle lokomotivet innan tele-/IT bransjen i Noreg. Televerket har vore og Telenor er framleis drivkraft for store delar av norsk tele-/IT-industri som i dag er ei viktig nasjonal næring målt i sysselsetjing, verdiskaping og eksportverdi. For at Telenor framleis skal kunne spele rolla som industrielt lokomotiv, må Telenor ta aktivt del i utviklinga av næringa på internasjonal basis. Dette skjer m.a. ved at norsk IT-industri får høve til å levere sine produkt utanfor Noreg gjennom Telenors internasjonale engasjement.
Utnytting av potensialet for utvikling av kompetansebasert eksport. Telenor har i dag særlege kompetanseføremoner på fleire område. Utvikling av kommunikasjonsløysingar for handelsflåten og oljesektoren har gitt internasjonalt leiande kompetanse på satellittkommunikasjon. Tidleg satsing har gitt det same innan mobiltelefoni. Også når det gjeld enkelte verdiauka tenester, ligg Telenor langt framme kompetansemessig. Takka vere Telenors kompetanseføremoner på desse områda, blir selskapet invitert med i internasjonale prosjekt saman med dei største teleoperatørane i verda. Deltaking i slike prosjekt medfører eksport basert på kompetanse, og er såleis eit viktig supplement til Noregs tradisjonelle råvarebaserte eksport. Digitaliseringa av det norske telenettet som blei sluttført i 1997 frigjer også arbeidskraft som mellombels kan nyttast i samband med prosjekt i utlandet. Tele-/IT-industrien si stilling i den framtidige næringsstrukturen i Noreg vil kunne bli vesentleg stimulert både direkte og indirekte gjennom Telenors internasjonalisering.
Storleik er viktig. Teknologiutvikling på tele-/IT-område er ressurskrevjande, og det er berre store konsern som kan følgje opp med breie satsingar. Telenor må ha ein viss storleik, særleg innan sine spesielle kompetanseområde, for å vere ein interessant samarbeidspartnar for dei store internasjonale selskapa. Internasjonale alliansar vil for eit selskap av Telenors storleik i større grad vere nødvendig, særleg for å oppnå risikoavgrensing, sikre kompetanseutvikling og oppretthalde finansiell styrke. Så lenge Telenor er ein interessant samarbeidspartnar, kan Telenor sjølv vere med å velje partnarar og påverke samarbeidsrelasjonane.
Strategisk posisjonering. Den internasjonale tele/IT-industrien er inne i ein svært omfattande restruktureringsperiode som følgje av den teknologiske utviklinga og innføring av generell marknadskonkurranse både på regionalt og globalt nivå. Det er viktig for Telenor, som er ein liten aktør i internasjonal samanheng, å posisjonere seg strategisk på best mogleg måte til den fasen som kjem etter restruktureringsperioden. Strategisk posisjonering krev investeringar, fordi det i tillegg til ulike former for samarbeidsalliansar også er nødvendig å engasjere seg på eigarsida. Telenors strategiske posisjonering omfattar i første rekkje investeringar i mobil-og satellittprosjekt og tele-/IT-prosjekt i Sverige.
Telenor har tilgang til gode investeringsprosjekt. Telenor merkar stadig at konsernet sin kompetanse blir oppfatta som attraktiv for andre aktørar. Særleg er det Telenors kompetanseføremoner innan mobil- og satellittkommunikasjon som blir høgt verdsette. Med den høge veksten som ein reknar med vil halde fram på desse områda i mange år framover, vil Telenor kunne investere i fleire prosjekt med sannsynleg høg avkastning.
Finansiell soliditet er eit viktig konkurranseparameter i ein kapitalintensiv bransje. Overfor partnarar vil finansiell likeverd og god soliditet vere ein vesentleg parameter for å realisere Telenors potensial. Telenors finansielle stilling i dag, med høg «kredittrating» og solid kapitalstruktur, let seg ikkje vidareføre med dei investeringsplanar Telenor no legg opp til, og representerar difor den direkte grunnen til styret si oppmoding til staten om å utvide eigenkapitalen i selskapet. Utan tilføring av meir eigenkapital er det fare for at Telenor vil sakke akterut i høve til konkurrentane. Konsekvensen vil kunne bli at konsernet sin teknologiske kompetanse og forretningsmessige handlefridom blir alvorleg svekka. Over tid vil det også kunne føre til eit dårlegare tenestetilbod i Noreg.
Samferdselsdepartementet meiner at den dynamiske utviklinga som karakteriserar den internasjonale tele-/IT-marknaden bør bli utnytta best mogleg. Norskbasert kompetanse har no ein sjanse til å verke til beste for ei framtidig næring som vil ha mykje å seie for utvikling av næringsstrukturen i landet vårt. Deltaking og påverknad no er det sikraste verkemiddel for langsiktig utviklingskraft og framtidige posisjonar både på heimemarknaden og internasjonalt.
Telenor har høg kompetanse innan mobil-og satelittkommunikasjon, som er dei områda kor hovudtyngda av dei internasjonale investeringane skjer. Denne kompetansen bør det kapitaliserast på. Dette saman med mogleg reduksjon i prosjekttilfang som følgje av ein nedgang i «ratinga» av Telenors si gjeld, tilseier at selskapet blir tilført ny eigenkapital.