St.prp. nr. 33 (1997-98)

Om kapitalutviding i Telenor AS

Til innholdsfortegnelse

5 Investeringsplanar 1997-99

På tidspunktet for framlegget om kapitalutviding i 1996, jf. St.prp.nr. 64 (1995-96), blei det lagt til grunn ei investeringsramme for perioden 1997-99 på totalt 22,5 mrd. kr. Pga. at selskapet no ser for seg eit vesentleg større potensial for å ta del i lønsame prosjekt i utlandet, er det lagt opp til å auke denne investeringsramma til 28 mrd. kr.

Telenor investerte for til saman 4 250 mill. kr i Noreg i 1996. Av dette utgjorde investeringar i utbygging og vedlikehald av fast- og mobilnetta om lag 2 500 mill. kr. Elles blei det gjennomført store investeringar i IT-støttesystem. Denne typen investeringar vil dominere investeringsbilete i Noreg også dei kommande åra.

Totalt vil investeringane i Noreg i perioden 1997-99 venteleg komme opp i 12 mrd. kr. Av dette er det budsjettert med 6 mrd. kr til fastnettet, 2,3 mrd. kr til mobilnetta og 1,6 mrd. kr til IT og verdiauka tenester. (VØT)

Det er satsinga innan mobilområdet som dominerer investeringsbudsjettet for utlandet. I 1997 er Telenor valt som samarbeidspartnar i mobilprosjekt i Hellas,Tyskland og Austerrike. I Tyskland reknar Telenor med å investere til saman 3,2 mrd. kr gjennom dei kommande åra. Telenor arbeidar elles, saman med partnarar, med søknader på mobilkonsesjonar i andre europeiske land. Telenor ser for seg eit høgt potensial for deltaking i nye lønsame investeringsprosjekt innan mobilområdet. Inkludert utvidingar av eksisterande engasjement, har Telenor difor lagt opp til eit investeringsnivå innanfor mobilområdet på til saman 8,7 mrd. kr i perioden 1997-99.

Investeringar i satellittkapasitet utgjer ein nødvendig basis for vidare ekspansjon i Europa og globalt. Allereie før oppskytinga av Telenors siste satellitt (Thor II) er det identifisert behov for auka kapasitet. I Telenors reviderte investeringsplaner er det difor gitt rom for to nye satellittar. Saman med andre satellittprosjekt, som VSAT-baserte løysingar for bedriftsintern kommunikasjon, inneber dette eit investeringsbehov i perioden 1997-99 på totalt 3,1 mrd. kr innanfor satellittområdet.

Telenor har vidare identifisert eit investeringsbehov i Sverige på til saman 2,7 mrd. kr, som i hovudsak er knytt til utvikling av ei kombinert løysing for fast- og mobilbasert kommunikasjon. Innanfor VØT området (katalogverksemd, Internett, skreddarsydde bransjenettverk) har Telenor det siste året engasjert seg i ei rekkje interessante prosjekt. Denne satsinga vil halde fram i dei kommande åra, og Telenor har sett av 1,5 mrd. kr til VØT på investeringsbudsjettet for planperioden 1997-99.

Telenors totale investeringar internasjonalt i 1997-99 vil etter dette komme opp i rundt 16 mrd. kr.