2 Generelle merknader
Etter oppmoding frå norske styresmakter blei det i mai 1999 ført forhandlingar med Chile om å inngå ein avtale å hindre dobbel skattlegging. Etter første forhandlingsrunde i Santiago blei eit utkast til avtale parafert den 14. mai 1999. Ekspedisjonssjef Odd Hengsle, Finansdepartementet, leia den norske delegasjonen.
Avtalen byggjer i store trekk på mønsteret for tosidige avtalar som er utarbeida av OECD. På grunn av skilnadene mellom økonomiane i Noreg og Chile, er det på nokre punkt også teke omsyn til det mønsterutkastet som er utarbeidd i FN for skatteavtalar mellom industrialiserte land og utviklingsland.
Avtalen skal vere på norsk, spansk og engelsk. Den engelske og norske teksten følgjer som vedlegg.