1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om utbygging av ny E18 Grimstad - Kristiansand. Prosjektet omfattar bygging av 38 km firefelts veg frå Øygardsdalen i Grimstad til Rona i Kristiansand. Heile strekninga frå Grimstad til Kristiansand sentrum/Gartnerløkka vil med dette få firefelts veg, og 74 av 110 km av E18 i Aust-Agder vil få fullgod standard.
Strekninga Øygardsdalen - Dyreparken inngår i Aust-Agderpakka, jf. St.prp. nr. 30 (2000-2001) Om delvis bompengefinansiert utbygging av deler av Ev 18 i Aust-Agder, og er foreslått finansiert ved ei vidareføring av dette bompengeopplegget. Dette er nærare omtalt i kap. 3. Strekninga Dyreparken - Timenes - Rona er foreslått fullfinansiert med statstilskott. Utbygging av ny E18 mellom Grimstad og Kristiansand er omtalt i St.meld. nr. 46 (1999-2000) Nasjonal transportplan 2002-2011 side 241, og i St.meld. nr. 24 (2003-2004) Nasjonal transportplan 2006-2015 side 142.
Strekninga Øygardsdalen - Timenes vil bli gjennomført som OPS-prosjekt. Dette inneber at eit privat selskap får den samla oppgåva med å prosjektere, finansiere, bygge, drive og vedlikehalde strekninga frå kryss E18/rv 404 aust for Øygardsdalen til kryss E18/rv 41 ved Timenes i minimum 25 år. Denne avgrensinga av OPS-prosjektet er gjort for å få eit rasjonelt opplegg i driftsfasen. Strekninga Timenes - Rona vil bli bygd ut samtidig, men vil ikkje inngå i driftsfasen av OPS-kontrakten. Samferdselsdepartementet legg opp til at arbeidet med å realisere prosjektet kan starte omgåande og at kontrakt med OPS-selskapet kan bli inngått i løpet av 2006. Utbygginga vil mest sannsynleg bli ferdigstilt i 2009.