St.prp. nr. 33 (2004-2005)

Om gjennomføring av E18 Grimstad - Kristiansand som OPS-prøveprosjekt med delvis bompengefinansiering

Til innhaldsliste

3 Bompengeordning og finansieringsplan

3.1 Forholdet til Aust-Agderpakka

Strekninga E18 Øygardsdalen - Dyreparken inngår som eit av fleire prosjekt i Aust-Agderpakka. Gjennom handsaminga av St.prp. nr. 30 (2000-2001) slutta Stortinget seg til Samferdselsdepartementets finansieringsplan for Aust-Agderpakka, jf. Innst. S. nr. 121 (2000-2001).

I finansieringsplanen vart det lagt til grunn ei total ramme på 2 340 mill. kr (2004-kr) i 15-års- perioden 2001-2015. Av dette utgjorde bompengane 1 250 mill. kr (53,6 pst.) og statsmidlane 1 090 mill. kr (46,4 pst.). I første omgang skulle strekninga Brokelandsheia - Vinterkjær aust i fylket prioriterast og deretter vestregionen på strekninga Øygardsdalen - Dyreparken. I tillegg var det føresett midlar til trafikktryggleikstiltak langs noverande E18, i tillegg til midlar for å styrkje kollektivtrafikken.

Bompengeinnkrevinga starta opp i november 2001. Det er oppretta eit lokalt bompengeselskap «Aust-Agder Vegfinans as» som Vegdirektoratet har inngått avtale med i tråd med standardavtalen. Selskapet er eigd av fylkeskommunen. I samband med oppstart av OPS-prosjektet E18 Grimstad - Kristiansand vil det bli vurdert om det er behov for endringar eller tillegg i avtalen som ligg føre, jf. St.prp. nr. 30 (2000-2001).

Til no er utbygginga av bomstasjonane og strekninga Brokelandsheia - Vinterkjær gjennomført i samsvar med planen. Strekninga Brokelandsheia - Vinterkjær vart opna for trafikk i november 2004. Enkelte trafikktryggleikstiltak og kollektivtrafikktiltak er også gjennomførte, i tillegg til framskunda planlegging og grunnerverv på strekninga Øygardsdalen - Dyreparken, jf. St.prp. nr. 18 (2001-2002). Totalt er det føresett nytta 653 mill. kr til tiltak innafor Aust-Agderpakka ved utgangen av 2005, fordelt mellom statlege midlar og bompengar, jf tabell 3.1.

Tabell 3.1 Fordeling mellom statlege midlar og bompengar

Mill. 2004-kr
Statlege midlarBompengar
Etablering av bomstasjonar46
Brokelandsheia - Vinterkjær33298
Trafikktryggleikstiltak langs eksisterande E1840
Kollektivtrafikktiltak5
OPS - reguleringsplaner m.m.36
OPS - grunnerverv mm.96
Sum332321

3.2 Bompengeinntektene

Etter tre års erfaring med bompengeinnkreving er det klart at føresetnadene som låg til grunn i Aust-Agderpakka ikkje er innfridde, og bompengeinntektene er lågare enn føresett. Dette har si årsak i at både gjennomsnittleg inntekt pr. kjøretøy er lågare og driftskostnadene er høgare enn venta:

  • Gjennomsnittleg inntekt pr. kjøretøy var i 2003 15,70 kr (2004-kr), og ikkje 18,70 kr (2004-kr) som venta. Dette skuldast i hovudsak større bruk av abonnement enn ein hadde rekna med. I tillegg er verknadene av at bilistane berre betalar gjennom ein bomstasjon ved passering av begge stasjonane innan 6 timar større enn venta (6-timars regelen).

  • I februar 2004 vart AutoPASS innført i Aust-Agder og gjennomsnittsinntekta pr. passering har gått ned ytterlegare (frå 15,70 kr til 14,70 kr). Det er mogleg at talet på abonnement framleis vil stige, med tilhøyrande nedgang i gjennomsnittstaksten som følgje av innføringa av AutoPASS.

  • Driftskostnadene låg i 2003 på 21 pst. av brutto inntekter. Desse kostnadene var føresette å utgjere om lag 7,5 pst. av bruttoinntekt. I ettertid har det vist seg at driftskostnader på 7,5 pst. av brutto inntekter er for lågt for ein veg med denne trafikkmengda og manuell innkreving heile døgnet. Først etter ein reduksjon av bemanninga kan ein hente ut den største innsparinga etter innføring av AutoPASS.

  • I dag har 52 pst. av trafikantane gjennom bomstasjonen ved Svennevig abonnement og 39 pst. av trafikantane gjennom bomstasjonen ved Østerholtheia har abonnement. Talet på abonnement må utgjere over 60 pst. for å forsvare ubemanna bomstasjonar om natta (tilsvarande 80 pst. om dagen).

Statens vegvesen har gjennomført ei vurdering av kva for tiltak som kan setjast i verk for å redusere driftskostnadene ytterlegare. Både styret i bompengeselskapet og Statens vegvesen ønskte å finne fram til tiltak for å redusere driftskostnadene etter 3 års drift. Det er forhandla fram ein ny og meir kostnadseffektiv driftsavtale frå og med i år.

I Aust-Agderpakka er det lagt til grunn eit bompengebidrag på 1 250 mill. kr. For å oppnå dette er følgjande føresetnader lagt til grunn:

  • årleg prisauke på 2 pst.

  • årlege driftskostnader på om lag 15 mill. kr etter at det er gjennomført effektiviseringstiltak på 2 mill. kr

  • gjennomsnittakst pr. passering på 15,70 kr fram til 2004 og 14,70 kr i perioden etter innføring av AutoPASS.

  • 20-års bompengeperiode frå 2001 til 2021

  • trafikklekkasje på 5 pst. etter opning av ny veg

Prognosar basert på same føresetnader som over, men med 15 års bompengeperiode, viser at bompengebidraget vil bli på om lag 920 mill. kr. For å oppnå det føresette bompengebidraget på om lag 1 250 mill. kr må bompengeperioden forlengjast med 5 år, til totalt 20 år. Det vert lagt til grunn at bompengeperioden skal forlengjast med 5 år, jf. omtale kap. 3.4.2.

3.3 Standardval for Øygardsdalen - Dyreparken

Ved handsaminga av Aust-Agderpakka var standardvalet for strekninga Øygardsdalen - Dyreparken ikkje avklart, og det låg heller ikkje føre reguleringsplanar for strekninga. På dette grunnlaget vart kostnadane for strekninga rekna til å liggje mellom 1 200 og 1 600 mill. (2000-kr) basert på ei tofeltsløysning. Ei firefeltsløysning ville auke kostnadene med minst 50 pst.

Finansieringsplanen for Aust-Agderpakka var føresett å gi rom for nærare 1 600 mill. (2000-kr) til denne strekninga. Departementet ville kome attende til endelege prioriteringar og val av standard når meir detaljerte plangrunnlag og nøyaktige kostnadsoverslag låg føre.

Nye stamvegnormalar tilseier at strekninga skal byggast som smal firefelts veg, noko som også er eit sterkt lokalt ønske. I St.prp. nr. 1 (2003-2004) jf. side 90, legg Samferdselsdepartementet til grunn at strekninga Øygardsdalen - Dyreparken skal byggast som firefelts veg. Ved handsaminga av St.meld. nr. 24 (2003-2004) Nasjonal transportplan 2006-2015, støtta fleirtalet i Samferdselskomiteen Regjeringa sitt opplegg med å realisere utbygginga av E18 mellom Grimstad og Kristiansand til firefelts veg, jf. Innst. S. nr. 240 (2003-2004), side 104.

Utbygging av strekninga Øygardsdalen - Dyreparken som firefeltsløysing er rekna til å koste om lag 2 700 mill. kr, inkl. 96 mill. kr som er føresett nytta til grunnerverv innan utgangen av 2005. Det står dermed att å finansiere om lag 2600 mill. kr. Strekninga Dyreparken - Rona, som ikkje inngår i Aust-Agderpakka, er kostnadsrekna til 300 mill. kr og er føresett finansiert med statlege midlar utanom Aust-Agderpakka.

3.4 Revidert finansieringsplan for Aust-Agderpakka

3.4.1 Kostnadsauke som følgje av standardauke

Aust-Agderpakka hadde opphavleg ei finansieringsramme på 2 340 mill. kr. Kostnadsauken som følgje av standardauke frå tofelt til firefelts veg på strekninga Øygardsdalen - Dyreparken, har ført til at det totale behovet for finansiering no er auka med vel 1 000 mill. kr, til om lag 3 350 mill. kr.

I St.prp. nr. 30 (2000-2001) er det lagt til grunn at kostnadsauke vil resultere i auka bompengetakstar og/eller forlengd bompengeperiode eller redusert utbyggingsomfang. Med det sterke lokale engasjementet for ei firefeltsløysing, er det lite ønskjeleg at omfanget av utbygginga blir redusert. Vegdirektoratet går derfor inn for at bompengebidraget i Aust-Agderpakka blir auka. Som vist i prognosen er det nødvendig å auke takstane og/eller bompengeperioden berre for å følgje opp føresetnadene i den opphavlege finansieringsplanen. I tillegg finn Vegdirektoratet det rimeleg at delar av standardauken frå to- til firefelts veg blir finansiert med bompengar.

3.4.2 Takstauke

Per. desember 2004 gjeld følgjande bompengetakstar i bomstasjonen på E18:

  • Kjøretøy med godkjent totalvekt tom 3 500 kg: 20 kr.

  • Kjøretøy med godkjent totalvekt fom 3 500 kg: 40 kr.

Gjeldande retningslinjer for bompengefinansiering tilseier at takstane ikkje bør aukast før strekninga Øygardsdalen - Dyreparken er utbygd. Dette inneber at dei som betalar bompenger også får direkte nytte av utbygginga som skal delfinansierast med bompengar. Vegdirektoratet viser i den samanhengen til at ved handsaming av St.meld. nr. 24 (2003-2004) Nasjonal transportplan 2006-2015 slutta fleirtalet i Samferdselskomiteen seg til Regjeringa sitt forslag om å skjerpe inn retningslinjene for nytteprinsippet.

Vegdirektoratet går inn for ein realtakstauke på 20 pst. når vegen opnar for trafikk i 2009 og ei forlenging av bompengeperioden på 5 år. Det er føresett at takstane skal justerast i samsvar med prisstigninga.

Ein slik realtakstauke frå vegen opnar for trafikk i 2009 er venta å gi ein gjennomsnittstakst på 18,70 kr. Med ei forlenging av bompengeperioden på 5 år og dei same føresetnadene som i prognosen for bompengeinntektene elles, vil dette føre til eit totalt bompengebidrag på 1 500 mill. (2004-kr), 250 mill. kr meir enn i den opphavlege finansieringsplanen i Aust-Agderpakka.

Med eit totalt finansieringsbehov på 3 350 mill. kr for heile pakka vil forslaget innebere at det statlege bidraget må aukast til om lag 1 850 mill. kr dersom ein gjennomfører investeringsprosjekta i Aust-Agderpakka på tradisjonell måte. Kostnadsauken på vel 1 000 mill. kr som følgje av standardauke frå tofelt til firefelts veg blir følgjeleg fordelt med at staten dekkjer 760 mill. kr, medan 250 mill. kr blir dekt gjennom utviding av bompengeinnkrevjinga. Dette vil medføre at bompengebidraget i Aust-Agderpakka blir redusert frå opphavleg føresett 54 pst. til 45 pst.

Tabell 3.2 

Mill. 2004-kr
Statlege midlarBompengarSum
Forventa tildelt pr. 31.12.2005332321653
Trafikktryggleikstiltak langs eksisterande E187070
Kollektivtrafikktiltak2323
Øygardsdalen - Dyreparken1 5181 0862 604
Sum1 8501 5003 350
Prosentvis fordeling55 pst.45 pst.100 pst.

Det totale bompengebidraget frå Aust-Agderpakka blir etter dette 1 500 mill. (2004-kr). Med dette vil både høvet til takstauke og forlenging av bompengeperioden vere utnytta. Dersom det viser seg at bompengeinntektene blir lågare enn prognosen tilseier, bør ytterligare to tiltak vurderast:

  • Når ny E18 på strekninga Øygardsdalen - Dyreparken blir opna for trafikk, skal bompengeinnkrevinga på eksisterande E18 etter planen avsluttast. Dersom det viser seg at trafikklekkasjen til eksisterande E18 blir større enn venta, bør bomstasjonen på eksisterande E18 opnast igjen.

  • Endring av 6-timarsregelen som er ei rabattordning som gir vesentleg reduksjon i inntektene. Det er knytt uvisse til verknadene av denne rabatten, men det er rekna med at den fører til om lag 8-10 mill. kr i reduserte brutto inntekter pr. år (10-12 pst.). Ordninga gjeld for alle trafikantar, med og utan brikke/abonnement.

Samferdselsdepartementet vil kome attende til Stortinget dersom det blir aktuelt å ta desse tiltaka i bruk.

3.5 Lokalpolitisk handsaming av forslaget til revidert finansieringsplan for Aust-Agderpakka

Forslaget til revidert finansieringsplan og endra bompengeordning er lagt fram for lokalpolitisk behandling. Aust-Ager fylkeskommune har i møte i fylkestinget 2. november 2004 fatta følgjande vedtak om endring av Aust-Agderpakka:

  1. «Aust-Agder fylkesting gir sin tilslutning til endring av Aust-Agderpakken som beskrevet i Vegdirektoratets notat av 21.10.2004. Endringene omfatter realtakstøkning på 20 % fra 2009 og en forlengelse av bompengeperioden med 5 år.

  2. For å kunne sikre fylkeskommunens lånegarantier overfor bompengeselskapets lånegjeld, er det i gjeldende bompengeavtale forutsetninger om mulighetene for å øke bomtakstene med inntil 20 % og forlengelse av bompengeperioden med inntil 5 år dersom det er vesentlige avvik i bompengeselskapets inntekter. På bakgrunn av at disse virkemidlene nå brukes til å dekke inn ekstrakostnadene ved utvidelsen av Aust-Agderpakken i tillegg til inntektssvikten anser fylkestinget det som nødvendig at bompengeselskapets lånegjeld nedbetales og at fylkeskommunens garantier dermed også bortfaller. Nedbetalingen av lånegjelden må avpasses slik at de planlagte tiltakene kan gjennomføres som planlagt.»