1 Formål og hovudoversikt
1.1 Formål
I denne proposisjonen legg Forsvarsdepartementet fram forslag om finansiering av norsk deltaking i internasjonale fredsoperasjonar der det er gitt tilsagn om løyving for første kvartal 1999. Deltaking i FNs fredsbevarande styrkar i den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia (UNPREDEP) og spesialstyrkar til NATOs evakueringsstyrke for OSSE-misjonen KVM (Kosovo Verification Mission) er ikkje medrekna i denne proposisjonen.
1.2 FN-styrkane
For norsk deltaking i FN blir det gjort framlegg om å finansiere følgjande styrkar/personell:
Tabell 1.1 Norsk deltaking i FNs observatørkorps
United Nations Supervision Organization (UNTSO) | 12 offiserar |
United Nations Mission of Observers in Prevlaka (UNMOP) | 1 offiser |
Missao de Obsevaco das Nacoes Unidades em Angola (MONUA) | 3 offiserar |
I tillegg deltek Noreg med 5 offiserar til Multinational Force and Observers på SINAI. Som ein del av norsk tilslutting til SHIRBRIG (UN Stand-by Forces High Readiness Brigade), er det utplassert ein offiser ved brigaden sitt Planning Element i Danmark.
1.3 NATO-styrkane
Det norske engasjementet i Bosnia vil bli vidareført innan same ramme som for første kvartal 1999. Det norske styrkebidraget omfattar ein redusert mekanisert infanteribataljon som er samansett av eit stabskompani og to mekaniserte infanterikompani. Noreg har òg ledaransvaret for det fellesnordiske logistikkelementet i Pecs, Ungarn, og for MP-kompaniet i brigadehovedkvarteret. Samstundes vil Noreg oppretthalde våre nasjonale og multinasjonale etteretningselement og personellbidrag til brigaden og enkelte andre hovedkvarter. Telemarkkompaniet skal fortsatt vere vakt- og sikringsstyrke og operativ reserve direkte underlagt sjefen for SFOR ved hovedkvarteret i Sarajevo.