St.prp. nr. 35 (1998-99)

Om støtta til skipsbyggingsindustrien

Til innhaldsliste

4 Situasjonen i næringa

Skipsbyggingsindustrien er, etter fleire gode år, i ferd med å komme i ein vanskeleg situasjon på grunn av svak ordreinngang det siste året. Bransjen har sjølv opplyst at den i 1998 hadde ein ordreinngang på rundt 4 mrd. kroner, medan Eksportfinans ASA som administrerer skipsbyggingsstøtta, så langt har fått inn søknader om støtte til kontraktar inngått i 1998 på til saman 2,6 mrd. kroner. Ordreinngangen har dei seinare åra vore:

(mrd. kroner)
199219931994199519961997
2,37,210,66,110,020,0

Stortingets vedtak om å redusere støttesatsane for bygging av skip for 1998, førte til ein kraftig auke i ordreinngangen hausten 1997. I tillegg til reduksjon i støttesatsane var dette noko av grunnen til at det i 1998 vart inngått relativt få kontraktar. I tillegg skuldast reduksjonen den generelt lågare etterspurnaden som særleg slo inn på slutten av 1998. Verfta hadde ved årsskiftet 1998/99 ei ordremengd på rundt 20 mrd. kroner. Av denne skal i overkant av 14 mrd. kroner leverast i 1999. Nokre av verfta skal levere sin siste ordre allereie i løpet av første halvår. Rundt halvparten av verfta vil ha sin siste leveranse i løpet av året. Deler av arbeidstokken ved eit verft vil gå tom for arbeid før fartøyet vert levert. Enkelte verft har allereie permittert delar av arbeidsstokken.

Internasjonalt er verftsindustrien ein bransje som slit med overkapasitet og låge prisar. Krisa i Asia har forsterka denne utviklinga og prisane har gått kraftig ned som følgje av den kraftige devalueringa desse valutaene har vore gjennom. Den aukande overkapasiteten og dei pressa prisane, særleg på standardiserte fartøy, har ført til at dei store verfta i Asia nå tek til å søke seg inn på nisjemarknadene for meir spesialiserte skip der norske og europeiske verft har sin styrke . Denne konkurransen har allereie norske verft fått merke og dei kan truleg venta seg endå sterkare konkurranse i framtida. For norske verft har i tillegg bortfallet av marknaden for offshorefartøy slått kraftig ut. På bakgrunn av mellom anna forventningane om låg oljepris og lågare offshoreaktivitet i tida framover, er det ikkje venta nokon betring i denne marknaden dei nærmaste åra.

Avviklinga av den kontraktsrelaterte støtta i EØS-området frå og med 2001 kan føre til at etterspurnaden på kort sikt blir betre enn det marknaden skulle tilseie, fordi kontraktar blir framskunda. Dette vil igjen truleg medføre redusert etterspurnad dei første par åra etter år 2000, og det vil derfor være særs viktig at norske verft i 1999 og år 2000 kan få rimeleg muligheit til å oppnå nye ordrar. Dei norske verfta vil etter alt å døme være konkurransedyktige i ein situasjon der subsidiane er borte. Det er derfor viktig at aktiviteten kan oppretthaldast i tida framover.

Skipsbyggingsindustrien er ein viktig næring i mange lokalsamfunn og ein viktig del av den maritime klynga. Det kan derfor få store konsekvensar, ikkje berre på eit lokalt plan, men og for dei maritime næringane i det heile, dersom verfta ikkje greier å få inn nye ordrar.

Til forsida