6 Budsjett
Etter utbetaling for 1. termin 1999 vil det ikkje stå att fleire ordre med tilsegn om støtte under 1995- og 1996-fondet. Desse to fonda kan dermed gjerast opp og dei gjenverande midlane, på minst 50 mill. kroner, kan bli lagt til 1999-fondet. I tillegg ligg det an til eit mindreforbruk under 1998-fondet på minst 200 mill. kroner, som og foreslås lagt til 1999-fondet. Dette vil i tillegg til dei 507,5 mill. kronene som er løyvd på statsbudsjettet for 1999 under kap 966 post 50, støtte til skipsbygging, gi eit fond på minst 757,5 mill. kroner. Fondet vil med dette, med støttesatsar på 9 og 4,5 pst, dekke den anslåtte ordreinngangen på rundt 8 mrd. kroner. Vert ordreinngangen større, kan det bli naudsynt med tilleggsløyvingar.