3 Norsk representasjon i Afrika
Dei siste åra har den norske representasjonen i Afrika endra seg. Representasjonskontora til NORAD er blitt integrerte i utanrikstenesta, i form av integrerte ambassadar og med utsendt personale både frå NORAD og frå Utanriksdepartementet. Dette er til dømes tilfelle i Etiopia, Mosambik, Tanzania, Sør-Afrika, Zambia, Zimbabwe og Namibia, som gjennom lang tid har vore viktige mottakarland for den norske utviklingshjelpa. Desse utanriksstasjonane er i dag fullt integrerte ambassadar leidde av ambassadørar.
I tillegg finst det i det sørlege Afrika integrerte ambassadar som er leidde av chargé d' affaires med sideakkreditering frå andre land. Dette gjeld til dømes den integrerte ambassaden i Botswana som i dag har fire utsende medarbeidarar. I Uganda og Angola, dit mellom anna ambassadørane i Tanzania og Namibia har vore sideakkrediterte, er det på grunnlag av Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 33 (1995-96) no oppretta fast diplomatisk representasjon. Dette er skjedd ved at det til kvart av landa er sendt ut ein ambassaderåd som er tilmeld som chargé d' affaires, i tillegg til ein administrativ medarbeidar.
Ambassaden i Kenya er i dag ikkje ein integrert stasjon. Utviklingshjelpa til Kenya vart redusert til eit minimum då Kenya braut det diplomatiske sambandet med Noreg i 1990. Diplomatisk samband vart oppretta på nytt 25. mars 1994. Kenya har no ambassadør i Stockholm som er sideakkreditert til Noreg.
Regjeringa gjer med dette framlegg om desse endringane i Noregs diplomatiske representasjon i Afrika:
Nedlegging av ambassaden i Gaborone i Republikken Botswana.
På bakgrunn av den positive utviklinga i Botswana vart det i samband med handsaminga av St.meld. 19 (1995-96) vedteke at Botswana ikkje lenger skal vera eit prioritert land for den norske utviklingshjelpa. Ei samla vurdering tilseier at den integrerte ambassaden i Botswana vert nedlagd i dette året. Ambassaden i Zimbabwe vil framleis vera sideakkreditert til Botswana, og ambassadøren der får eit særskilt ansvar for å føra vidare det gode samarbeidet som er etablert. På same vis som i Windhoek vil det vera eit lokalt nærvær i Gaborone så lenge det er naudsynt for forvaltinga av utviklingshjelpa og fredskorpset i Botswana. Nedlegginga frigjer fire stillingsheimlar som det blir føreslått skal nyttast til å styrkja andre stasjonar i samsvar med denne proposisjonen.
Oppretting av ein permanent, integrert ambassade i Kampala i Republikken Uganda
Stortinget har slutta seg til at Uganda skal vera eit prioritert land for den norske utviklingshjelpa. På grunn av veksten i utviklingshjelpa til Uganda og behovet for ein effektiv utanriksrepresentasjon ønskjer Regjeringa å utvida denne fagstasjonen til ein permanent, integrert ambassade med tre utsende tenestemenn: ambassadør, ambassadesekretær og administrativ medarbeidar. Etablering av ein ambassade i Kampala vil også leggja forholda til rette for sideakkreditering derifrå til Rwanda og Burundi, som Noreg idag ikkje har noko diplomatisk samband med. Det vil vera viktig av omsyn til den ustabile situasjonen i desse landa og tryggleiken for norske borgarar som held til der. Regjeringa føreslår derfor at ei av stillingane ved ambassaden i Kampala blir omgjord til ambassadørstilling og overført frå kap. 0142 til 0101. I tillegg føreslår Regjeringa at ei ny stilling blir tilført ambassaden ved omdisponeringar innanfor stillingsramma.
Oppretting av ein permanent, integrert ambassade i Luanda i Republikken Angola
Både av omsyn til forvaltinga av utviklingshjelpa, der Angola no får del i den eine regionalløyvinga til Afrika, og av omsyn til ei heilskapleg vurdering, ønskjer Regjeringa at ambassaden i Luanda blir utvida til ein permanent, integrert ambassade med tre utsende tenestemenn: ambassadør, ambassadesekretær og administrativ medarbeidar. Folketal og storleik, petroleumsverksemda og utsikter for meir handel med landet, samt den politiske situasjonen i landet, gjer at Angola i dag står fram som eit viktig land å vera fast representert i. Området mellom Windhoek og Lagos er dessutan ein region der det ikkje er norsk ambassade idag. Ein ambassade i Luanda vil ikkje minst leggja forholda til rette for sideakkreditering til Kinshasa i Zaire og Brazzaville i Kongo. Både storleiken til Zaire, den ustabile situasjonen i landet og tryggleiken til norske borgarar i området gjer ei slik sideakkreditering viktig. Regjeringa gjer derfor framlegg om at den ambassadørheimelen som vert ledig ved avviklinga av den stadlege ambassaden i Windhoek, vert nytta i Luanda.
Nedlegging av ambassaden i Windhoek i Republikken Namibia
På bakgrunn av endringa i utviklingshjelpa til Namibia, føreslår Regjeringa at ambassaden i Windhoek vert nedlagd. Nedlegginga vert føreslått gjennomført innan utgangen av 1997. For at avviklinga skal gjennomførast på forsvarleg vis, vil det, så lenge det er naudsynt av omsyn til forvaltinga av utviklingshjelpa, vera eit lokalt nærvær i Windhoek. Ambassadøren i Pretoria i Sør-Afrika vil i framtida bli sideakkreditert til Windhoek, med ansvar for å føra det gode samarbeidet med Namibia vidare. Nedlegginga frigjer fire stillingsheimlar som Regjeringa føreslår å omdisponera til andre ambassadar i samsvar med forslaga i denne stortingsproposisjonen - mellom anna føreslår Regjeringa at ambassadørheimelen blir overført til ambassaden i Luanda.
Forvaltinga av utviklinghjelpa til Eritrea og Malawi
Sjølv om Stortinget på grunnlag av St.meld. 19 (1995-96) har vedteke at Eritrea og Malawi skal vera prioriterte samarbeidsland, vil Regjeringa nett no ikkje gjera framlegg om å oppretta ambassadar i desse landa. Ambassadane i Addis Abeba og Lusaka vil vera sideakkrediterte, og ha ansvar for å følgja opp utviklingshjelpa der. Ambassaden i Addis Abeba vil difor bli styrkt med ei stilling, samt at to mellombelse engasjement vil bli erstatta av faste stillingar. Ambassaden i Lusaka har inntil vidare ei bemanning som gjer det forsvarleg å dekkja bistanden også i Malawi utan endringar. Regjeringa vil koma tilbake til spørsmålet om korleis samarbeidet med Malawi skal handterast i framtida, i lys av kor stor utviklingshjelpa til landet kjem til å bli.
Oppgradering av ambassaden i Kenya
Dei diplomatiske sambanda mellom Noreg og Kenya vart oppretta på nytt 25. mars 1994. Kenya har no ambassadør i Stockholm som er sideakkreditert til Noreg. Av omsyn til behovet for likevekt, bør ein oppgradera Noregs representasjon i Nairobi til ambassadørnivå, under føresetnad av at menneskerettssituasjonen ikkje på ny tek ei negativ lei. Det må også leggjast vekt på omsynet til Noregs forhold til regionalt naudhjelpsarbeid og til dei internasjonale organisasjonane som har sete i Nairobi. I tillegg føreslår Regjeringa at ambassaden i Kenya blir omgjord til ein integrert ambassade med sideakkreditering til Madagaskar. I samband med dette vil ambassaden bli tilført èin stillingsheimel.