4 Norsk representasjon i Asia
På grunnlag av St.meld. 19 (1995-96) har Stortinget vedteke at Bangladesh, Nepal og Sri Lanka skal vera prioriterte land for utviklingssamarbeidet i Asia.
Ambassadane i Bangladesh og Sri Lanka vart oppgraderte til fullt integrerte utanriksstasjonar med faste ambassadørar i 1996. Det er ikkje naudsynt å gjera endringar når det gjeld representasjon i desse to landa.
I Nepal finst det verken ambassade eller NORAD-kontor. Regjeringa vil likevel ikkje koma med framlegg om å oppretta ein permanent ambassade i Kathmandu i Nepal. Ambassaden i New Delhi, som er ein integrert ambassade med personale både frå Utanriksdepartementet og NORAD, er sideakkreditert til Nepal, og vil inntil vidare ha ansvaret for utviklingssamarbeidet i Nepal. På bakgrunn av utviklinga i storleiken på utviklingshjelpa til Nepal, vil Regjeringa koma tilbake til spørsmålet om korleis samarbeidet med Nepal skal handterast i framtida.