3 Nærmare om innhaldet i dei einskilde artiklane
Artikkel 1 pålegg medlemsstatane å gjere føremålstenlege tiltak for å fremje innføringa av avanserte fjernsynstenester, og å syte for at det vert lettare å overføre eksisterande fjernsynstenester for breiskjerm i digitale nett som er opne for ålmenta.
Artikkel 2 fastset standardar for kabel-, satellitt- eller jordbasert overføring i breiskjermformat eller med høg oppløysing av fjernsynstenester som ikkje fullt ut er digitale, og for overføring av fjernsynstenester som er fullt ut digitale. Vidare vert det stilt krav om at digitale overføringsnett som er opne for ålmenta, skal kunne overføre fjernsynstenester i breiskjermformat.
Artikkel 3 stiller krav om at fjernsynsapparat med eit diagonalt mål som er større enn 42 cm, skal ha ein kontakt med såkalla ope grensesnitt, slik at det vert enkelt å kople til ytre einingar, særleg fleire dekodarar og digitale mottakarar.
Artikkel 4 inneheld krav til teknisk innretting av alt forbrukarutstyr som kan dekode digitale fjernsynssignal, og teknisk innretting og bruk av tilgangskontrollsystem. Alt forbrukarutstyr som vert gjort tilgjengeleg i EØS-området, skal såleis kunne dekode signal som er koda etter ein felles europeisk kodingsmetode. Signal som ikkje er koda, skal fritt kunne passere dekodaren. Ved hjelp av tilgangskontrollsystem skal det vere mogleg å gjennomføre ein kostnadseffektiv tilgangskontroll ved hovudstasjonen til kabelnettet. Vidare er det krav om at dei som opererer, produserer og marknadsfører digitalt utstyr og digitale tenester, skal gjere dette på rettferdige, rimelege og ikkje-diskriminerande vilkår. Vidare inneheld artikkelen reglar om immaterielle rettar, utrusting av fjernsynsapparat med innebygd, digital dekodar, og dessutan ordningar for løysing av tvistar.
Artikkel 5 fastset at fjernsynstenester i breiskjermformatet 16:9 som vert mottekne og sende vidare i kabelnett, skal sendast vidare i det same formatet.
Artikkel 6 pålegg Kommisjonen å granske gjennomføringa av direktivet og utviklinga av digitale fjernsynstenester, og å rapportere om dette til Europaparlamentet, Rådet og Økonomi- og sosialutvalet.
Artiklane 7-9 inneheld føresegner om opphevinga av det tidlegare direktivet om standardar for satellittoverføring ved fjernynssignal og om gjennomføringa og iverksetjinga av direktivet.