7 Konklusjon og tilråding
Føremålet med EØS-avtala er å sikre eit einskapleg økonomisk samarbeidsområde grunnlagt på felles reglar og like konkurransevilkår. Direktivet går inn som ein del av dei felles reglane og konkurransevilkåra i EU. Slik departementet vurderer det vil innlemminga av direktivet medverke til å sikre at forbrukarane får tilgang til digitale fjernsynstenester og ukoda fjernsynstenester, utan omsyn til kva mottakarutstyr dei har, og at alle kringkastingsselskap får likt høve til å få dei digitale fjernsynstenestene sine ut til sjåarane. Innlemming av direktivet vil vidare medverke til å fremje overgangen til avanserte fjernsynstenester, særleg det såkalla breiskjermformatet. Regjeringa finn difor at direktivet tener norske interesser på ein tilfredsstillande måte, og tilrår på dette grunnlaget at Noreg godkjenner avgjerda til EØS-komiteen om å innlemme det i EØS-avtala.
Direktivet har vore sendt ut på høyring til Administrasjonsdepartementet, Justisdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Samferdselsdepartementet, Statens medieforvaltning, Statens teleforvaltning, Forbrukerrådet, Telenor, Norsk rikskringkasting, TV 2 AS, TV Norge, Norske Fjernsynsselskapers Landsforbund og Norsk Kabel-TV Forbund. Ei gjennomføring av direktivet i norsk rett vert støtta av høyringsinstansane.