St.prp. nr. 41 (2004-2005)

Om endring i Stortingets skattevedtak for inntektsåret 2005 (kjeldeskatt på utbytte)

Til innhaldsliste

4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet anslår på usikkert grunnlag at ei avvikling av kjeldeskatten på utbytte til personleg aksjonær busett i EØS vil redusere skatteinntektene med om lag 10 mill. kroner for inntektsåret 2005.

Kjeldeskatten for 2005 blir innbetalt 15. mars, 15. mai, 15. juli, 15. september, 15. november 2005 og 15. januar 2006 for dei to månadene før. Inntil Stortingets skattevedtak blir endra, vil plikta til å innbetale kjeldeskatt gjelde. I og med at departementet foreslår at fritaket skal gjelde for heile 2005, vil ei endring av Stortingets skattevedtak i tråd med forslaget innebere at trekt og innbetalt kjeldeskatt må betalast attende.

Fritaket for kjeldeskatt på utbytte til personleg aksjonær busett i EØS er eit unntak frå hovudregelen om kjeldeskatt. Aksjonæren må derfor dokumentere at han er omfatta av fritaket. Dette må gjerast anten på trekkstadiet eller på refusjonsstadiet.

Der selskapet har trekt kjeldeskatt, men enno ikkje innbetalt trekket til skatteoppkrevjaren, gjer selskapet og den utanlandske personlege aksjonæren opp seg i mellom dersom den reelle eigaren er kjend for selskapet og aksjane ikkje er registrerte ved ein utanlandsk forvaltar.

Der selskapet har trekt og innbetalt kjeldeskatt, blir tilhøva parallelle med tilfella der det blir trekt og innbetalt 25 pst. kjeldeskatt, medan det seinare viser seg at aksjonæren har rett til ein lågare sats etter skatteavtale. Dersom den personlege aksjonæren godtgjer å ha rett til ein lågare skattesats etter skatteavtale, blir differansen betalt attende etter ei ordning med refusjon frå skattestyresmaktene. I praksis blir det ikkje gitt renter på det refunderte beløpet.

Departementet legg opp til at refusjon av kjeldeskatt etter dei foreslegne endringane skal skje etter den eksisterande ordninga med refusjon av kjeldeskatt. Dette svarer til det som vart lagt til grunn for refusjon av kjeldeskatt på grunnlag av at fritaksmetoden blei gjort gjeldande for inntektsåret 2004, jf. Ot.prp. nr. 1 (2004-2005) kapittel 6.5.11.3.

Til forsida