4 Tilhøvet til norsk rett
Også i dag finst det reglar om krav til forsikring innanfor luftfarten. For det første krev Montrealkonvensjonen av 1999, som både EU og Noreg er tilslutta, at fraktførarar skal ha ein forsikring som er tilstrekkeleg til å dekkje erstatningsansvaret etter konvensjonen, jf. kapittel X i luftfartslova. Kravet omfattar norske fraktførarar, i tillegg til utanlandske fraktførarar som transporterer passasjerar, reisegods eller gods til, frå eller via Noreg. Reglane er gjennomførde i § 10-38 a i luftfartslova.
Når det gjeld skadar på tredjemann, følgjer det av § 11-1 i luftfartslova at det skal liggje føre forsikring til dekking av ansvaret.
I tillegg følgjer det av rådsforordning (EØF) nr. 2407 av 23. juli 1992 om lisensar til luftfartsselskap at luftfartsselskap i EU/EØS-området skal ha teikna forsikring som dekkjer erstatningsansvaret til selskapa ved ulykker, særleg for passasjerar, bagasje, frakt, post og tredjemann. Denne forordninga er innlemma i EØS-avtala og gjennomførd i norsk rett i forskrift av 15. juli 1994 nr. 691 om gjennomføring og handheving av EØS-avtala på luftfartsområdet, med heimel i § 16-1 i luftfartslova. Forordninga inneheld ingen nærmare krav om forsikringa. Storleiken på den forsikringa som krevst i dag, går fram av forskrift av 6. juli 2004 nr. 1101 om minstestorleikar på forsikringssummar for passasjer- og tredjemannsansvaret. For passasjeransvaret skal det vere teikna forsikring eller anna trygd som dekkjer minst 250 000 SDR (om lag 2,5 millionar NOK) per passasjer. Minstesummen for forsikring for tredjemann er delt inn etter vektklassa til luftfartøyet i 10 kategoriar frå 500 kg MTOM (Maximum Take Off Mass) til 500 000 kg MTOM med summar frå 750 000 SDR (om lag 7,5 millionar NOK) til 700 millionar SDR (om lag 7 milliarder NOK). Dette tilsvarar dei vektklassane og summane som er fastsette i EU-forordninga.
Når det gjeld forsikring av passasjer- og tredjemannsansvaret, inneber derfor forordninga inga endring i høve til gjeldande rett med omsyn til forsikringssummane. Når det gjeld ansvaret for skade på bagasje og frakt, er det ikkje fastsett nokon minstesum for forsikringa i norsk rett i dag. Etter § 10-38 i luftfartslova skal det likevel liggje føre «tilstrekkeleg forsikring» til å dekkje ansvaret etter luftfartslova, og forsikringssummen i forordninga er den same som ansvarssummane for reisegods og gods etter § 10-22 i luftfartslova. I realiteten følgjer derfor det same kravet til forsikring av ansvaret for reisegods og gods i dag av § 10-38 a i luftfartslova jamført med § 10-22 i luftfartslova. Men i høve til gjeldande rett er det nytt at forordninga presiserer at dei forsikra risikoane òg skal omfatte krigshandlingar, terrorisme, flykapring, sabotasje, ulovleg beslaglegging av luftfartøy og sivil uro. Det finst inga tilsvarande presisering i norsk rett i dag, men det finst heller ingen gjeldande unntak frå forsikringsplikta etter dagens reglar. Etter gjeldande rett skal alle skadeårsaker som er dekte av ansvaret, òg vere dekte av forsikringa. Derfor vil den nemnde presiseringa neppe få stor materiell innverknad.
Dei gjeldande reglane om forsikring i forskrift av 6. juli 2004 nr. 1101 dekkjer heile bruksområdet til luftfartslova. Men forordninga må gjennomførast direkte. Dette inneber at bruksområdet til den gjeldande forskrifta må avgrensast mot tilfelle som er omfatta av forordninga.
Samferdselsdepartementet vil i samarbeid med Justisdepartementet fremje ein Odelstingsproposisjon med framlegg til endringar i luftfartslova.