5 Administrative og økonomiske konsekvensar
Det er ikkje venta at endringar som følgje av at europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 785/2004 om forsikringskrav for luftfartsselskap og luftfartøyoperatørar vert gjennomførd i norsk rett, skal få vesentlege administrative konsekvensar.
Forordninga vil truleg få minimale økonomiske konsekvensar for luftfartsselskapa og luftfartøyoperatørane. Grensene for minstesummar for passasjer og tredjemann er alt innførde i forskrift av 6. juli 2004 nr.1101, og når det gjeld erstatningsansvar for bagasje og frakt, byggjer summane i forordninga på ansvarssummane i Montrealkonvensjonen, som er gjennomførd i § 10-22 i luftfartslova.