2 Nærmare om Europeisk senter for førebygging av og kontroll med sjukdommar
Smittevernbyrået - European Center for Disease Prevention and Control (ECDC) - skal stå sentralt i overvakinga av smittsame sjukdommar i Europa, og skal samarbeide nært med Den europeiske styresmakten for næringsmiddeltryggleik (EFSA), Det europeiske kontoret for lækjemiddelvurdering (EMEA), Verdshelseorganisasjonen (WHO) og relevante frivillige organisasjonar.
Eit styre som er samansett av representantar for alle land som tek del i byrået, skal leie verksemda. Byrået skal ha en relativt liten kjernestab med 30-40 personar i startfasen. Det er ikkje meint å skulle erstatte nasjonale folkehelseinstitusjonar, men skal samordne og formalisere samarbeidet mellom desse. Smittevernbyrået skal ha ein sjølvstendig rolle med omsyn til nasjonale helsestyresmakter for å sikre fagleg uavhengig hjelp av høg kvalitet. Det formaliserte samarbeidet vil gjere det enklare å samanlikne data over landegrensene og å planleggje og samordne prosjekt der fleire land tek del.
Hovudoppgåvene til byrået vil vere å identifisere, vurdere og varsle om smittsame sjukdommar og andre helsetrugsmål, både i samband med epidemiar og faresituasjonar som følgje av tilsikta smittespreiing. Målet er å gjere det enklare for dei nasjonale helsestyresmaktene å vurdere, handsame og varsle om aktuelle helsefarar ved slike høve. Det vil òg verte utarbeidd framlegg og tilrådingar for handtering av krisesituasjonar.
Vernebuingsarbeidet vil byggje på og samordne eksisterande europeiske nettverk. Noreg, ved Helse- og omsorgsdepartementet og Folkehelseinstituttet, har i fleire år teke aktivt del i nettverka og har hatt godt utbyte av samarbeidet. Eksisterande nettverk vert finansierte innanfor ramma av EUs folkehelseprogram (2003-2008), som Noreg tek del i, jf St.prp. nr. 11 (2002-2003) om EØS-EFTA-statane si deltaking i folkehelseprogrammet til EU (2003-2008).
Innan 20. mai 2007 skal det gjennomførast ei uavhengig evaluering av verksemda og mandatet til smittevernbyrået.