St.prp. nr. 45 (2004-2005)

Om samtykke til godkjenning av ei avgjerd i EØS-komiteen nr. 23/2005 av 8. februar 2005 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 851/2004/EF om skiping av eit europeisk senter for førebygging av og kontroll med sjukdommar (smittevernbyrået)

Til innhaldsliste

1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. 23/2005 av 8. februar 2005 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane

EØS-KOMITEEN HAR -

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 86 og 98, og

på følgjande bakgrunn:

  1. Protokoll 31 til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 90/2004 av 8. juni 2004 1

    .

  2. Samarbeidet mellom avtalepartane bør utvidast til å omfatteeuropaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 851/2004 av 21. april 2004 om skiping av eit europeisk senter for førebygging av og kontroll med sjukdommar 2

    .

  3. Protokoll 31 til avtala bør difor endrast for å gjere eit slikt utvida samarbeid mogleg frå 1. januar 2005 -

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I protokoll 31 artikkel 16 etter nr. 3 i avtala skal nytt nr. 4 lyde:

«4.a)EFTA-statene skal delta fullt ut i det europeiske senter for forebygging av og kontroll med sykdommer, heretter kalt «senteret», opprettet ved følgende fellesskapsrettsakt:
-32 004 R 0851: Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 851/2004 av 21. april 2004 om skiping av eit europeisk senter for førebygging av og kontroll med sjukdommar (EUT L 142 av 30.4.2004, s. 1).
b)EFTA-statene skal bidra finansielt til virksomheten omhandlet i bokstav a) i samsvar med avtalens artikkel 82 nr. 1 bokstav a) og protokoll 32.
c)EFTA-statene skal delta fullt ut i senterets styre, og der ha de samme rettigheter og forpliktelser som EU-medlemsstatene, med unntak av stemmerett.
d)EFTA-statene skal delta fullt ut i det rådgivende organ, og der ha de samme rettigheter og forpliktelser som EU-medlemsstatene.
e)EFTA-statene skal la De europeiske fellesskaps protokoll om privilegier og immunitet få anvendelse for senteret.
f)Som et unntak fra artikkel 12 nr. 2 bokstav a) i Tilsettingsvilkår for andre tjenestemenn ved De europeiske fellesskap, kan statsborgere i EFTA-stater som nyter fulle borgerrettigheter, tilsettes på kontrakt av senterets daglige leder.
g)I samsvar med avtalens artikkel 79 nr. 3 får avtalens del VII (Bestemmelser om organene) anvendelse på dette nummer.
h)Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1049/2001 av 30. mai 2001 om offentlig tilgang til Europaparlamentets, Rådets og Kommisjonens dokumenter, skal for anvendelsen av denne forordning gjelde for alle de av senterets dokumenter som også angår EFTA-statene.»

Artikkel 2

Denne avgjerda tek til å gjelde dagen etter atEØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 3

.

Avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2005.

Artikkel 3

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske union.

Utferda i Brussel, 8. februar 2005.

For EØS-komiteen
Formann
R. Wright
Sekretærar for EØS-komiteen
Ø. HovdkinnM. Brinkmann

Fotnotar

1.

TEU L 349 av 25.11.2004, s. 54, og EØS-tillegget til TEU nr. 59 av 25.11.2004, s. 26.

2.

TEU L 142 av 30.4.2004, s. 1.

3.

Forfatningsrettslege krav oppgjevne.

Til forsida