2 Omtale av situasjonen
Etter at det er gjennomført nye konkurransar er prognosen for sluttkostnaden på 484 mill. 2008-kr. Omregna til 2009-prisnivå gir dette eit kostnadsoverslag på 504 mill. kr. Dette inneber ein kostnadsauke på 65 mill. kr eller 15 pst. i forhold til St.prp. nr. 1 (2007-2008). Nytt kostnadsoverslag må derfor foreleggast Stortinget.
Framdrifta er kritisk ved at omlegging av høgspentkabel og nødvendige mudringsarbeider må gjennomførast før vårflaumen set inn.