3 Samferdselsdepartementets vurdering
Det har vore gjennomført tilbodsrunde for prosjektet i to omgangar. Stortinget blei gjennom omtale av prosjektet i St.prp. nr. 1 for Samferdselsdepartementet for 2009 varsla om at tilbodsprosessen blei avbroten i januar 2008 med sikte på å splitte opp entreprisen i 4 delentreprisar. Målet var å oppnå redusert kostnad for prosjektet. Dette er ikkje oppnådd. Kostnadsauke for prosjektet er 15 pst. i forhold til det Stortinget er gjort kjent med.
Vegdirektoratet vurderer det ikkje som sannsynleg at ein vil oppnå auka konkurranse og redusert kostnad gjennom ein ny tilbodsrunde. Ei hovudårsak er at entreprisen allereie har vore lyst ut to gonger og at entreprisen krev spesialkompetanse som få entreprenørar eig. Arbeidet er sesongavhengig og må gjerast i vår- og sommarhalvåret.
Samferdselsdepartementet slutter seg til Vegdirektoratet si vurdering når det gjeld det avgrensa potensialet knytt til ny tilbodskonkurranse. Departementet legg til grunn at ei eventuell avbryting av tilbodskonkurransen vil medføre at prosjektet blir eitt år forseinka. Departementet vurderer ei slik forseinking som uakseptabel, også fordi prosjektet allereie er utsett med vel eitt år som følgje av at tilbodskonkurransen blei stoppa i januar 2008.
Samferdselsdepartementet tilrår derfor at prosjektet blir gjennomført basert på revidert kostnadsoverslag. Det er venta at bruarbeida kjem i gong i månadsskiftet mars/april 2009 og at prosjektet kan opnast for trafikk hausten 2011.
Eventuelle auka utgifter i 2009 av kostnadsauken for prosjektet blir dekt innanfor gjeldande budsjettrammer for kap. 1320 Statens vegvesen, post 30 Investeringer.
Fylkestinget i Buskerud er orientert om kostnadsauken og gjekk i møte i desember 2008 inn for at prosjektet blir gjennomført utan ytterlegare forseinkingar.