4 Olje- og energidepartementet sine merknader
Bakgrunnen for søknaden er ei leigeavtale inngått 22.03.2002 mellom Pasvik Kraft AS og Statskog SF v/Finnmark jordsalgskontor (FJK). Leigeavtalen inneber at FJK leiger bort sine grunn- og fallrettar i Pasvikvassdraget til Pasvik Kraft AS i den mon det er naudsynt for regulering, utbygging og drift. Leigeavtalen omfattar Skogfoss og Melkefoss i Pasvikelva som er bygd ut med kvart sitt kraftverk med bakgrunn i konsesjonar gjeve i medhald av vassdragslova ved kongelege resolusjonar av 12.12.1958 og 25.06.1976. Konsesjonane gav Sameiet Skogfoss Kraftlag (AS Sydvaranger og Varanger Kraftlag AL) rett til å byggje ut og drive kraftverka og ekspropriere naudsynte grunn og rettar. Konsesjonane vart gjeve utan avgrensing i tid. Varanger Kraftlag AL vart frå 01.01.1994 omgjort til aksjeselskapet Varanger Kraft AS. Sydvaranger AS, tidlegare AS Sydvaranger deleigd av staten, er no eigd av Varanger Kraft AS med 63 prosent og av Sør-Varanger kommune med 37 prosent.
Pasvik Kraft AS grunngjev søknaden med at selskapet er 100 prosent offentlig eigd, og at selskapet deltek i eit samarbeidsprosjekt med russiske og finske interesser i vassdraget, med siktemålet å redusere flaumfare og flaumskader i Enaresjøen og Pasvikelva. Realiseringa av samarbeidsprosjektet vil i følgje konsesjonssøkjaren gje miljøgevinstar og auke produksjonsverdien i vassdraget med 10-15 prosent. Sidan ein realisering av prosjektet vil krevje investeringar, er det i følgje søkjaren naudsynt å vere sikra eit langsiktig engasjement i prosjektet.
Leigeavtalen mellom Pasvik Kraft AS og FJK avløyser ei tidlegare leigeavtale frå 1961 mellom staten og AS Sydvaranger (FJK-kontrakten). I 1961 vart det, i samsvar med Stortinget sitt samtykkje gjeve ved handsaminga av St.prp. nr. 124 (1960-1961), også skipa ei avtale mellom staten v/NVE og AS Sydvaranger og Varanger Kraftlag AL om vilkåra for utbygging av statens vassfallsrettar i Pasvikelva (NVE-kontrakten). Både FJK-kontrakten og NVE-kontrakten er tidsavgrensa til 60 år.
Etter industrikonsesjonslova § 1 første leden må ein ha tillatelse til å skaffe seg «bruksrett til vannfall som ved regulering antas å kunne utbringes til mer enn 1.000 naturhestekrefter». Falla i Skogfoss og Melkefoss ligg godt over grensa for konsesjonsplikt. Skogfoss kraftverk har ei fallhøgde på 20 meter og ei regulert vassføring på 144 m3/sek, som gir 38 390 naturhestekrefter. Melkefoss kraftverk har ei fallhøgde på 10 meter og ei regulert vassføring på 155,6 m3/sek, som gir 20 741 naturhestekrefter.
Eit aksjeselskap, der minst 2/3 av kapitalen og stemmene er eigd av ein eller fleire kommunar, kan få bruksrettskonsesjon på uavgrensa tid når ikkje allmenne omsyn talar imot, jf. industrikonsesjonslova § 4 første leden og tredje leden. Pasvik Kraft AS er eit heleigd dotterselskap under morselskapet Varanger Kraft AS. Varanger Kraft AS er eigd av dei sju kommunane Sør-Varanger (31,1 prosent), Tana (12,5 prosent), Nesseby (6,3 prosent), Båtsfjord (9,4 prosent), Vadsø (21,9 prosent), Vardø (12,5 prosent) og Berlevåg (6,3 prosent). Pasvik Kraft AS oppfyller industrikonsesjonslova sitt krav om bruksrettskonsesjon på uavgrensa tid.
NVE rår til at Pasvik Kraft AS får bruksrettskonsesjon etter industrikonsesjonslova for falla i Skogfoss og Melkefoss i Pasvikelva på dei vilkår som går fram av utkastet som ligg ved. NVE finn at det av omsyn til utnyttinga av vassdraget til kraftproduksjon og av omsyn til betring av flaumforholda er rett å medverke til at Pasvik Kraft AS kan ta sikte på eit langsiktig engasjement i vassdraget. NVE syner til at føresegner om utbygging og drift av vassdraget ligg i gjeldande konsesjonar etter vassdragslova som ikkje vert endra av søknaden om bruksrettskonsesjon.
Departementet syner til at ingen av høyringsinstansane har merknader til NVE si innstilling.
Departementet finn at vilkåra i industrikonsesjonslova § 4 er oppfylt. Departementet tilrår at Pasvik Kraft AS får bruksrettskonsesjon for vassfalla i Skogfoss og Melkefoss. Departementet rår til at konsesjonen vert gjeve på dei vilkåra som er foreslått av NVE.
Bruksrettskonsesjonen trer i staden for den tidlegare NVE-kontrakten av 1961 med vilkår for utbygging av statens vassfallsrettar i Pasvikelva.
Departementet finn at leigeavtalen ikkje løyser ut nokon førsterett til leige etter industrikonsesjonslova § 10.