St.prp. nr. 50 (1996-97)

Om samtykke til at Noreg sluttar seg til avtalen om ei ny låneordning (NAB) for Det internasjonale valutafondet (IMF)

Til innholdsfortegnelse

4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Tilslutning til avtalen inneber at Noreg får ein skyldnad til å stille ei kredittramme på 383 millionar SDR eller vel 3,5 milliardar kroner til rådvelde for IMF.

Så lenge IMF ikkje trekkjer på NAB, er det ikkje knytte kostnader til ordninga. Kostnader oppstår berre dersom ordninga blir aktivert. IMF skal normalt betale SDR-rente på det beløpet institusjonen låner under NAB, sjølv om avtalen opnar for at det kan avtalast høgare rente. Frå norsk side vil Noregs Bank stå som långjevar, og ved eventuelle lån under NAB-ordninga vil delar av valutareservane bli omplasserte. Kostnadene for Noreg ved at IMF trekkjer på NAB vil liggje i ei noko lågare rente på den delen av valutareservane som blir omplasserte frå renteberande papir til utlån til Valutafondet til SDR-rente. Ein går ut frå at forskjellen svarar til ein lågare avkastning på maksimalt 0,2 prosentpoeng (under vilkår av at det ikkje avtalast ei høgare rente enn SDR-renta). Utlån til IMF under NAB-avtalen kan dessutan representere ei plassering som er noko mindre likvid enn dei vanlege valutareservane. Om IMF under ordninga låner 3,5 milliardar kroner av Noreg, vil ein kunne rekne kostnadene til omlag 7 millionar kroner årleg. Løpetida på NAB-lån til IMF er inntil 5 år.

I medhald til sentralbankloven kan Noregs Bank inngå avtalar om kredittordningar med internasjonale økonomiske organisasjonar og institusjonar, «forutsatt at det foreligger betryggende sikkerhet for dens tilgodehavende». Ved lån til IMF ligg det føre «betryggende sikkerhet».

Lån til IMF oppfyller kravet i sentralbanklovens § 26 om «betryggende sikkerhet» i samband med Noregs Banks avtalar om kredittordningar med internasjonale økonomiske organisasjonar og institusjonar. Ved trekk under NAB er det institusjonen IMF - og ikkje dei landa som teke imot lån frå IMF - som står som låntakar overfor deltakarane i NAB.

Det følgjer ingen spesielle administrasjonskostnader med deltaking i NAB. Det beløpet Noreg stiller til rådvelde for IMF under NAB er ikkje stort målt i forhold til Noregs samla valutareservar. Det bør derfor ikkje vere noko problem å oppfylle dei finansielle pliktene som Noreg tek på seg som medlem i NAB

I følgje Noregs Bank tilseier ikkje erfaringane til G-10 landa med bruken av GAB at det er behov for endringar av plasseringspolitikken for valutareservane for å kunne møte moglege trekk under NAB.

Noregs Bank tilrår i brev av 5. mars 1997 til Finansdepartementet at Noreg sluttar seg til NAB-avtalen. Dersom Noreg deltar i NAB og Noreg etter oppmoding frå IMF er budd på å stille finansielle midlar til rådvelde for IMF, vil Noregs Bank etter § 25 i sentralbanklova stille delar av valutareservane til rådvelde for IMF innanfor den fastsette kredittramma.