5 Hovudpunkta i avtalen
Gjennom NAB vil det bli stilt 34 milliardar SDR til rådvelde for IMF dersom alle landa som har gjeve uttrykk for at dei er interesserte i å ta del i NAB, også sluttar seg til avtalen. Det vil bli trekt på NAB når IMF treng ekstraordinære ressursar for å førebyggje krise eller alvorleg uro i det internasjonale pengesystemet. Det er bare aktuelt å trekkje på NAB dersom IMF får problem med likviditeten som følgje av naudsynte utlån.
GAB kan framleis takast i bruk, men NAB er hovudordninga. Den maksimale kredittramma for IMF for dei to ordningane er på til saman 34 milliardar SDR. Dersom G10-landa aktiverer GAB, vil forpliktelsene til dei og til resten av deltakarane bli redusert tilsvarande på grunn av kravet om likebehandling. Omvendt vil aktivering av NAB kunne føre til at tilgjengelege ressursar under GAB reduserast.
IMF kan gje lån til alle medlemslanda ved å trekkje på NAB, både dei som er deltakarar og dei som ikkje er deltakarar i ordninga. Men vilkåra for at IMF kan trekkje på NAB for å gi lån til eit land er sett lågare ved utlån til deltakarane i NAB enn for utlån til land som er ikkje-deltakar. For deltakarane krevst det at lånet er naudsynt for «å førebyggje eller ta hand om ei svekking av det internasjonale pengesystemet». Desse landa kan i visse høve få lån frå IMF, ved at IMF trekkjer på NAB-ordninga, utan at det blir knytt vilkår til lånet om den økonomiske politikken i landet. For medlemmer av IMF som ikkje er deltakarar i NAB er kravet at lånet trengst for å hindre uro eller krise i det internasjonale pengesystemet. Når det blir gjeve lån til desse landa, skal det setjast vilkår for utforminga av den økonomiske politikken slik IMF gjer når land trekk på ressursane til Fondet. Utlån frå IMF vil skje som ordinære utlån under dei programma som er fastlagde gjennom regelverket til IMF. IMF vil sjølv stå direkte ansvarleg for låna frå deltakarane i NAB.
Storleiken på kredittordninga til kvar deltakar tek utgangspunkt i den kvoten landet har i IMF. Den er rekna ut på grunnlag av ulike økonomiske storleikar, mellom anna BNP og tal for utanriksøkonomien. (Kvotane ligg mellom anna til grunn for utrekning av den valutaen landet må stille til rådvelde for IMF og landets tilgjenge til kreditt frå Fondet). Det er fastsett eit minimumsbeløp for den einskilde kredittordninga på 340 millionar SDR, som utgjer 1 prosent av dei samla kredittordningane. Det norske bidraget er basert på faktiske kvotar i IMF og er på 383 millionar SDR. NAB-avtalen vil tre i kraft når medlemmer eller institusjonar med kredittordningar for til saman 28,9 milliardar SDR har ratifisert avtalen, inklusiv dei fem største landa. Avtalen gjeld for 5 år og kan fornyast.
Det krevst eit stemmefleirtal på 80 prosent for å gje kreditt til IMF under NAB. Kvar deltakar har ei stemme som svarer til den andelen som kredittordninga til deltakaren utgjer av dei totale kredittordningane. Nye land kan komme med som deltakarar når ordninga fornyast og det har tilslutning frå eit stemmefleirtal på 80 prosent. Fondet kan auke det samla omfanget av kredittordninga etter når det har tilslutning frå eit stemmefleirtal på 85 prosent, medrekna dei som får sin kredittordning endra.
Det er høve for deltakarland med betalingsbalanseproblem til å avstå frå å gje kreditt til IMF.
Representantar for deltakarane skal møtast ein gong om året i samband med årsmøtene i IMF for å diskutere saker som gjeld NAB. Dette kjem i tillegg til dei møtene som er naudsynte for å avgjera å ta i bruk avtalen.
Boks .1 Finansieringsordningane i IMF
Finansieringsordningane i IMF må sjåast i samanheng med dei oppgåvene institusjonen er pålagt for å fremje valutastabilitet. halde ved lag ordna arrangement for valutakursane. unngå konkurrerande devalueringar og fjerne valutareguleringar. Medlemsland skal ha tilgang til finansieringsordningar for å kunne korrigere mellombels vanskar i betalingsbalansen utan at dei må gripe til tiltak som vil ha uheldige økonomiske konsekvensar for landet sjølv eller for andre land. Det knyttar seg vilkår - kondisjonalitet - til bruk av desse ordningane. Vilkåra skal sikre at landet fører ein politikk retta mot å fjerne dei underliggjande årsakene til problema med betalingsbalansen.
IMF har desse finansieringsordningane:
- Dei ordinære trekkrettane er IMFs primære finansieringsordning. Denne ordninga er basert på IMF sine eigne ressursar. Kreditten er tilgjengeleg i fleire transjar som kvar svarer til 25 prosent av kvoten. For trekk i den såkalla reservetransjen blir det ikkje stilt krav om å leggje om den økonomiske politikken. Ved trekk i dei andre transjane blir det stilt vilkår. Omlegging av politikken skal skje innanfor ein horisont på 1-2 år (programperioden). Dette kallast stand by-arrangement. Kondisjonaliteten blir strengare di høgare transjar for lån eit land kjem opp i. Eit land kan normalt trekkje opp til 68 prosent av kvoten i løpet av eitt år. Samla gjeld ei lånegrense på 300 prosent av kvoten til landet. Tilbakebetaling av låna skal ta til etter 31/4 år og skal vere avslutta innan 5 år.
- Når det gjeld spesielt store strukturelle problem i eit land. kan det gjevast lån etter ei såkalla utvida låneordning Extended Fund Facility (EFF). som blei oppretta i september 1974. Her blir det stilt større krav om strukturtiltak. Programperioden er 3 år og tida for tilbakebetaling 41/2 - 10 år.
- I 1963 oppretta IMF ei låneordning - Compensatory and Contingency Financing Facility (CCFF) - for å hjelpe medlemmer som har mellombels betalingsbalanseproblem på grunn av bortfall av eksportinntekter som følgje av fall i råvareprisane eller auke i importkostnadene. Ordninga blei utvida til å vere ein mekanisme for å støtte gjennomføringa av IMF-program som eksisterte allereie. men som var under mellombels press som følgje av hendingar landet ikkje kunne ha kontroll med (eksport- og importprisar og rentevariasjonar). Tida for tilbakebetaling er 31/4-5 år. Det er berre knytt kondisjonalitet til ordninga når trekk overstig 50 prosent av kvoten.
- Det er også oppretta låneordningar retta spesielt mot dei aller fattigaste landa. Her blir det i første rekkje stilt vilkår om strukturtiltak. og låneordningane blir derfor kalla fasilitetar for strukturtilpassing: SAF (Structural Adjustment Facility) og ESAF (Enhanced Structural Adjustment Facility).
Den utvida ordninga for strukturell tilpassing - ESAF - gir høve til auka tilgang på midlar for dei fattigaste utviklingslanda. Renta er 0.5 prosent og tida for tilbakebetaling 10 år. Rentesubsidiane blir finansiert gjennom gåver frå medlemslanda. Programperioden er 3 år. Bruk av SAF eller ESAF avgrensar ikkje tilgangen landa har til dei andre finansieringsordningane.
Noregs Bank har gjeve innskott av kapital på 150 millionar SDR (ca. 1.4 milliardar norske kroner) til ESAF. I tillegg har Noreg over bistandsbudsjettet løyvd penger til å subsidiera den renta som utviklingslanda betaler under ordninga.
- Under ordninga for finansiering av råvarelager - Buffer stock financing facility - kan medlemslanda gjere trekk som gjer dei i stand til å vere med i internasjonalt samarbeid om lagerstyring av råvarer.
- I september 1995 blei det semje i styret i IMF om elementa i ein ny mekanisme for beredskap - EFM - «Emergency Financing Mechanism». EFM har som formål å sikre rask og tilstrekkeleg respons frå IMF når det oppstår vanskelege betalingsbalansesituasjonar som ikkje utan vidare kan handterast innanfor ordningane med dei eksisterande instrumenta. Det er ikkje eit formelt samband mellom prosedyren i EFM og aktivisering av avtalar om lån. heller ikkje GAB. Grunnen til dette er at tilgangen på slik finansiering i første rekkje må vere avhengig av likviditetssituasjonen i IMF til ei kvar tid.