3 Nærmare om dei ulike delane av «energimarknadspakka» og kommisjonsavgjerda om ERGEG
3.1 Direktivet om felles reglar for den indre elektrisitetsmarknaden (2003/54/EF)
Føremålet med direktivet er å medverke til ei betring av verkemåten til den indre elektrisitetsmarknaden. Direktivet er frå EUs side utarbeidd med tanke på å få til ei rekkje betringar med omsyn til eldirektiv I.
Hovudføresegnene i direktivet om felles reglar for den indre elektrisitetsmarknaden er som følgjer:
Kapittel I Verkeområde og definisjonar. Artikkel 1 og 2
Artikkel 1 og 2 dreier seg om verkeområdet til direktivet og definerer dei viktigaste omgrepa i direktivteksta. I direktivet vert det fastsett felles reglar for produksjon, overføring, distribusjon og levering av elektrisitet. Direktivet stiller krav til den nasjonale reguleringa av kraftsektoren for å leggje til rette for ein velfungerande kraftmarknad.
Kapittel II Generelle reglar for organisering av sektoren. Artikkel 3-5
I artikkel 3 er det definert ei ramme for korleis styresmakter skal kunne stette allmenne økonomiske omsyn gjennom å påleggje føretak som opererer i elektrisitetssektoren, plikter til å yte offentlege tenester («public service obligations»). Desse kan vere knytte til forsyningstryggleik, stabilitet i forsyningar, kvalitet, pris eller miljøvern. Pålegg om slike plikter skal vere oversiktlege og ikkje-diskriminerande. I artikkel 3 er det introdusert reglar for varemerking av elektrisitet på fakturaene til kundane.
I artikkel 4 er det introdusert eit system for overvaking av forsyningstryggleiken. Styresmaktene kan delegere oppgåva til reguleringsstyresmaktene som nemnt i artikkel 23 (1).
Kapittel III Produksjon. Artikkel 6-7
Artikkel 6 stiller krav til medlemsstatane om skiping av eit konsesjonssystem for bygging av ny produksjonskapasitet. Konsesjonssystemet skal nyttast i samsvar med objektive, oversiktlege og ikkje-diskriminerande kriterium. Kva kriterium som kan inngå i eit slikt system er skissert.
I samsvar med artikkel 7 skal medlemsstatane av omsyn til forsyningstryggleiken sikre at det er mogleg å kunne nytte ein tilbodsprosedyre eller ein liknande prosedyre for å syte for ny produksjonskapasitet eller etterspurnadsreduserande tiltak. Slike prosedyrar kan likevel berre verte sette i verk dersom produksjonskapasiteten som vert etablert på grunnlag av ordinær konsesjonshandsaming eller etterspurnadsreduserande tiltak, ikkje er tilstrekkeleg til å stette forsyningstryggleiken.
Kapittel IV og V Føresegner om systemoperatørar for det sentrale nettet og operatørar for distribusjonsnettet. Artikkel 8-15.
I direktivet vert det lagt opp til at det skal vere større grad av skilje mellom monopolbasert verksemd (nett) og konkurranseutsett verksemd (produksjon og omsetjing av kraft). Det er likevel ikkje eit krav om eiermessig skilje.
Artikkel 8 seier at styresmakter skal peike ut éin eller fleire systemoperatørar for overføringsnettet. I artikkel 9 vert oppgåvene til ein slik systemoperatør skildra. Artikkel 10 stiller krav til organisering av systemoperatøren for overføringsverksemd. Krava er i stor grad mynta på situasjonar der systemoperatøren er ein del av eit vertikalt integrert føretak. Det vert stilt minstekrav til juridisk og funksjonelt skilje mellom nettverksemda og dei konkurranseutsette verksemdene i vertikalt integrerte føretak.
Artikkel 14 skisserer krava som vert stilte til operatørar for distribusjonsnettet. Artikkel 15 stiller krav til organisering av verksemd der operatøren er ein del av eit vertikalt integrert føretak. Det vert stilt minstekrav til juridisk og funksjonelt skilje mellom nettverksemda og konkurranseutsett verksemd. Styresmaktene kan velje å ikkje nytte krava til juridisk og funksjonelt skilje for vertikalt integrerte føretak med færre enn 100 000 nettkundar eller som handterer små isolerte kraftsystem.
Kapittel VI Krav til rekneskapsmessig skilje (artikkel 18-19)
Artikkel 18 slår fast at styresmaktene skal ha tilgang til rekneskapane til elektrisitetsselskapa. Artikkel 19 skildrar dei krava som vert stilte til åt-skilde rekneskapar for verksemder i samband med overføring og distribusjon av elektrisitet samanlikna med andre delar av selskapet.
Kapittel VII Organisering av tilgang til systemet (artikkel 20- 23)
I artikkel 20 vert det stilt krav til tilgang for tredjemann til overførings- og distribusjonssystema. Føremålet er å betre verkemåten til marknaden. Det skal no berre vere éin modell, dvs. såkalla regulert tilgang for tredjemann. Tariffane eller metoden for tariffering skal godkjennast og offentleggjerast før dei tek til å gjelde.
I artikkel 21 er krava til styresmaktene at dei skal syte for at marknaden for ikkje-hushaldskunder vert opna allereie 1. juli 2004, og at marknaden for hushaldskunder vert opna 1. juli 2007. Dette inneber at krava til tempo i marknadsreformene er auka i den indre marknaden.
I artikkel 23 er det definert nye reglar for reguleringsstyresmakter som seier at desse skal etablerast og vere uavhengige av dei økonomiske interessene i elektrisitetsindustrien. Oppgåvene til reguleringsstyresmaktene vert definerte nokså utførleg, medrekna tvisteløysingsfunksjonen.
Kapittel VIII Avsluttande føresegner
I artiklane 24-30 er mellom anna krava til rapportering, søknader om unntak og gjennomføringsfrister omtala. Fristen for gjennomføring av direktivet i EU var 1. juli 2004.
3.2 Europaparlaments- og rådsdirektiv om felles reglar for den indre naturgassmarknaden (2003/55/EF)
Hovudføresegnene i direktivet om felles reglar for den indre naturgassmarknaden er som følgjer:
Kapittel I Verkeområde og definisjonar. Artikkel 1 og 2
Artikkel 1 og 2 tek føre seg verkeområdet til direktivet og definerer dei viktigaste omgrepa i direktivteksta. I direktivet vert det fastsett felles reglar for overføring, distribusjon, forsyning og lagring av naturgass. Direktivet legg ei ramme for korleis naturgassektoren er organisert og korleis han bør verke.
Kapittel II Alminnelege reglar for organisering av sektoren. Artikkel 3-6
I artikkel 3 er det definert ei ramme for korleis styresmakter skal kunne stette allmenne økonomiske omsyn gjennom å påleggje føretak som opererer i naturgassektoren, plikter til å yte offentlege tenester («public service obligations»). Desse kan vere knytte til forsyningstryggleik, stabilitet i forsyningar, kvalitet og pris i tillegg til miljøvern. Pålegg om slike plikter skal vere oversiktlege og ikkje-diskriminerande. Det er òg lagt særleg vekt på forbrukarvern.
Dersom bygging eller drift av naturgassanlegg krev løyve, vert det streka under i artikkel 4 at slike ordningar for løyve skal byggje på objektive og ikkje-diskriminerande kriterium. Kriteria og prosedyrane for å søkje om løyve skal vere offentlege.
Artikkel 5 introduserer eit system med overvaking av forsyningstryggleiken. Styresmaktene kan delegere oppgåva til dei regulerande styresmaktene som nemnt i artikkel 23 nr. 1.
Kapittel III og IV Føresegner om systemoperatørar. Overføring, lagring og LNG. Distribusjon og forsyning. Artikkel 7-15
I artikkel 7 og 11 er det fastsett at styresmaktene skal peike ut éin eller fleire systemoperatørar for høvesvis overføringsnett, lager- og LNG (Liquified Natural Gas) –anlegg og distribusjonsnett. I artikkel 8 og 12 vert oppgåvene til ein slik systemoperatør skildra. Desse skal òg byggje på objektive, oversiktlege og ikkje-diskriminerande kriterium.
Artikkel 9 og 13 skildrar dei krava som vert stilte til organisering av verksemda samanlikna med dei konkurranseutsette delane av naturgassektoren, som ikkje er knytte til overføring eller distribusjon. Minstekravet til åtskiljing («unbundling») av vertikalt integrerte gasselskap er eit juridisk skilje mellom overførings- og distribusjonsdelen og andre delar av selskapet. I direktivet er det likevel ikkje noko krav til eigarmessig skilje. For distribusjonsselskap kan styresmaktene velje å ikkje nytte krava til juridisk og funksjonelt skilje dersom selskapet har færre enn 100 000 tilknytte kundar.
Kapittel V Åtskilde og oversiktlege rekneskapar. Artikkel 16 og 17
Artikkel 16 slår fast at styresmaktene skal ha tilgang til rekneskapane til gasselskapa. Artikkel 17 inneheld ei utgreiing om dei krava som vert stilte til åtskilde rekneskapar for verksemder i samband med overføring, distribusjon, LNG og lagring av naturgass. Dette skal gjerast som om dei ulike verksemdene vart utførde av separate selskap for å unngå diskriminering, kryssubsidiering og konkurransevriding.
Kapittel VI Organisering av tilgang til nettet. Artikkel 18-25
I artikkel 18 er det ført opp reglar om tilgang for tredjemann til overførings- og distribusjonsnett og LNG-anlegg. Tariffane eller metodane for fastsetjing av tariffar skal godkjennast og offentleggjerast før dei tek til å gjelde. Tilgang for tredjemann til lageranlegg er regulert i artikkel 19, og ein kan her velje mellom regulert tilgang, forhandla tilgang eller begge.
Reglane om tilgang til oppstraumsrøyrleidningsnett finst i artikkel 20 og er uendra med omsyn til gassmarknadsdirektiv I. Same kva lokalisering dei har skal naturgassføretak og kundar som har rett til det, kunne få tilgang til oppstraumsrøyrleidningsnett.
Det har kome inn unntaksføresegner knytte til tilgang for tredjemann til ny infrastruktur i artikkel 22. Det kan gjerast unntak frå artiklane 18, 19, 20 og 25 nr. 2, 3 og 4 dersom dei aktuelle investeringane i infrastruktur er av ein slik karakter at dei vil auke konkurransen og forsyningstryggleiken, men vert rekna for å vere for risikable til å verte realiserte utan unntaka.
I artikkel 23 er tempoet for marknadsopning regulert. Marknaden for ikkje-hushaldskundar skal opnast fullt ut frå 1. juli 2004 og for hushaldskundar frå 1. juli 2007.
Artikkel 25 tek føre seg reglane for reguleringsstyresmaktene, og seier at desse skal etablerast og vere uavhengige av økonomiske interesser i sektoren. Oppgåvene til reguleringsstyresmaktene vert definerte nokså utførleg, medrekna tvisteløysingsfunksjonen.
Kapittel VII Sluttføresegner. Artikkel 26-33
Artikkel 28 spesifiserer kva artiklar land som vert definerte som marknader under oppbygging («emergent markets»), kan gjere unntak frå. Det gjeld artiklane 4, 7, 8 nr. 1 og 2, 9, 11, 12 nr. 5, 13, 17, 18, 23 nr. 1 og nr. 24. I tillegg kan land som ikkje fell inn under definisjonen av marknader under oppbygging, søkje om unntak frå dei nemnde artiklane for geografisk avgrensa område.
Artikkel 33 slår fast at direktivet skal gjennomførast innan 1. juli 2004.
3.3 Europaparlaments- og rådsforordning (1228/2003/EF) om vilkår for tilgang til nett for overføring av elektrisk kraft over landegrensene
Hovudføresegnene i forordninga er som følgjer:
Artikkel 1 om verkeområdet fastslår at målet med forordninga er å fastsetje reglar for handel med elektrisitet over landegrensene og på den måten auke konkurransen i kraftmarknaden ved å ta omsyn til spesifikke tilhøve i dei nasjonale og regionale marknadene.
Artikkel 3 fastslår at det skal etablerast ei kompensasjonsordning mellom dei systemansvarlege sentralnettselskapa (TSO - Transmission System Operators) for kostnader som er knytte til handel over landegrensene. Dette inneber at TSO-ane skal refunderast for dei kostnadene som er knytte til kraftflyten som skjer over grensa og gjennom nettet deira. Tilsvarande skal dei øvrige TSO-ane dekkje desse kostnadene.
Artikkel 4 regulerer tariffar for tilgang til nettet. Det skal etablerast ei ramme for vidare harmonisering av prinsippa for fastsetjing av tariffar. Tariffane skal mellom anna vere ikkje-diskriminerende og uavhengige av distansen mellom kontraktspartane.
Artikkel 5 regulerer krav til informasjon om overføringskapasitet gjennom det samankopla overføringsnettet («interconnectors»). Systemoperatøren for det sentrale høgspente overføringsnettet (TSO) skal jamleg leggje fram informasjon om ledig kapasitet.
Artikkel 6 opplyser om generelle prinsipp for handtering av flaskehalsar i overføringsnettet. Mangel på overføringskapasitet skal løysast gjennom marknadsbaserte prinsipp.
Artikkel 7 opnar for unntak frå forordninga eller eldirektiv II i einskilde situasjonar ved investeringar i nye overføringssambindingar mellom to overføringssystem, og skisserer nærmare vilkår og prosedyrar for å oppnå unntak.
Artikkel 8 om retningslinjer gjev Kommisjonen styresmakt til å vedta nye retningslinjer eller justeringar av eksisterande retningslinjer etter komitologiprosedyren som er skissert i artikkel 13 nr. 2. Slike retningslinjer skal spesifisere tilhøve som er knytte til kompensasjonsordningar for grensekryssande handel mellom land og TSO-område. I retningslinjene vil det òg kunne fastleggjast prinsipp for tariffering i detalj, og dei kan òg omfatte prinsipp for handtering av flaskehalsar i overføringsnettet og krav til nettdrift.
Artikkel 10 om Kommisjonen sin kompetanse til å krevje informasjon direkte frå føretaka vil for EFTA-statane sin del kvile på dei nasjonale styresmaktene. Styresmaktene må vidaresende desse opplysningane til ESA og EFTAs faste komité.
Artikkel 12 om sanksjonar krev at medlemsstatane skal fastsetje reglar om effektive sanksjonar ved brot på føresegner i forordninga. I tillegg gjev forordninga Kommisjonen ein subsidiær tilgang til å kunne krevje informasjon direkte frå selskapa og til å kunne skrive ut gebyr ved brot på informasjonsplikta. For EFTA-statane sin del vart det teke inn ei teknisk tilpassing i avgjerda i EØS-komiteen med omsyn til denne føresegna. Tilpassinga inneber at kompetansen til å skrive ut bøter ikkje ligg hjå ESA, men hjå reguleringsstyresmakta, som for Noreg sin del vil vere Noregs vassdrags- og energidirektorat.
Artikkel 13 slår fast at ein komité skal hjelpe Kommisjonen ved utarbeiding av nye retningslinjer. Komiteen skal sjølv fastsetje møteføresegnene sine.
Artikkel 15. Iverksetjing. Forordninga skal gjennomførast innan 1. juli 2004, parallelt med dei andre direktiva i energimarknadspakka.
3.4 Kommisjonsavgjerd 2003/796/EF om skiping av Gruppa av europeiske reguleringsstyresmakter for elektrisk kraft og gass
Kommisjonen vedtok 11. november 2003 å etablere ei rådgjevande gruppe av reguleringsstyresmakter (ERGEG). Gruppa skal medverke til konsultasjonar, koordinering og samarbeid mellom reguleringsstyresmakter i EU/EØS. Bakgrunnen for avgjerda er direktiva om felles reglar for elektrisitet og gassmarknadene, dvs. 2003/54/EF og 2003/55/EF, i tillegg til forordninga om handel med elektrisitet over landegrensene (1228/2003/EF). Hovudføremålet med ERGEG er å gje råd til Kommisjonen i spørsmål om elektrisitets- og gassmarknadene. Medlemmer i gruppa er dei offentlege styresmaktene som er peikte ut som reguleringsstyresmakter i medhald av dei førnemnde direktiva. Når det gjeld organisering av arbeidet og deltaking er det uttrykt i kommisjonsavgjerda at ekspertar frå EØS-statar skal kunne delta.