6 Administrative og økonomiske konsekvensar
Ei gjennomføring av elektrisitetsdirektiv II, gassmarknadsdirektiv II og forordninga om grenseoverskridande handel med elektrisitet vil kunne medføre einskilde administrative konsekvensar. Ein av konsekvensane vil vere rapporteringskrav overfor EFTAs overvakingsorgan (ESA). Gjennomføringa av dei krava elektrisitetsdirektiv II set til organisering av kraftselskap vil i hovudsak ha små økonomiske og administrative konsekvensar for dei vertikalt integrerte verksemdene det gjeld i høve til konsekvensane av dei krav som i dag vert sette ved samanslåingar mv. Ein viser her til odelstingsproposisjonen om endringar i energilova som Olje- og energidepartementet legg fram 7. april 2006 (Ot.prp. nr. 61 (2005-2006) Om lov om endringer i lov 29. juni 1990 nr. 50 om produksjon, omforming, overføring, omsetning, fordeling og bruk av energi m.m. (energiloven)).
Forordninga om handel over landegrensene med elektrisitet vil utgjere det formelle grunnlaget for deltakinga til Statnett i kompensasjonsordninga mellom dei systemansvarlege nettselskapa i Europa. Statnett har sidan 2004 teke del i ei førebels ordning. Ordninga skal byggje på ein fordelingsmodell som skal reflektere nytte og kostnader ved grensekryssande kraftutveksling. Statnett må forventast å verte ein netto betalar til ordninga. Beløpet vil inngå i grunnlaget for sentralnettstariffen og storleiken vil ha samanheng med mellom anna kraftutveksling og kostnader i overføringssnetta i Noreg og andre land som tek del. For 2005 måtte Statnett betale om lag 140 mill. kr, og det utgjer Noregs kompensasjon for bruk av overføringsnetta til andre land. Det vert gjennomførd utgreiingar og diskusjonar med omsyn til framtidig utforming av ei kompensasjonsordning, og det er difor stor uvisse kring korleis ordninga vil verte og kva konsekvensar ho får for norske brukarar av sentralnettet. Framtidige ordningar kan innebere eit større press for norske brukarar av sentralnettet.
Når det gjeld tariffering i elektrisitetsnettet vil forordninga leggje føringar for fastsetjinga av tariffar i Noreg, til dømes tariffering av produksjon. Slike føringar kan difor medføre endringar av tariffane for norske brukarar av elektrisitetsnettet.