1 Innleiing
Føremålet med denne proposisjonen er å be om Stortinget si godkjenning av oppstart av to nye investeringsprosjekt, samt å be om godkjenning av endringar av tidlegare godkjende prosjekt og å orientere Stortinget om framtidige, planlagde prosjekt og andre tiltak.
Utgangspunktet for godkjenning av investeringsprosjekta i Forsvaret er budsjettproposisjonen. Denne proposisjonen er såleis eit tillegg til budsjettproposisjonen.
1.1 Innehald
Proposisjonen har følgjande innehald:
Godkjenning av kostnadsramme for to nye materiellprosjekt (kapittel 1760, post 45): Logistikkprosjektet i LOS-programmet i Forsvaret og Deltaking i eit multinasjonalt program for strategisk lufttransportkapasitet.
Godkjenning av endring av omfang og kostnadsramme for to tidlegare vedtekne eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt (kapittel 1710, post 47): Setermoen – fleirbrukshall – fase 3 og Samanbinding av Mauken-Blåtind skytefelt.
Godkjenning av endring av omfang og kostnadsramme for tidlegare vedtekne materiellprosjekt (kapittel 1760, post 45): Nye Fregattar.
Informasjonssaker (kapittel 1710 og kapittel 1760): Auka rekruttering av kvinner til Forsvaret, Utfasing av C-130H Hercules transportfly, Nyskaffing av pansra kjøretøy til bruk i operasjonar i utlandet og Nye kampfly.