3 Tidlegare vedtekne prosjekt – Godkjenning av endring av omfang og kostnadsrammar (kapittel 1710 og kapittel 1760)
3.1 Setermoen – fleirbrukshall - fase 3 (kapittel 1710)
Byggjeprosjektet for fleirbrukshall fase 3 på Setermoen vart godkjend ved Stortinget si handsaming av Innst. S. nr. 287 (2006-2007), jf. St.prp. nr. 78 (2006-2007). Prosjektet vart godkjend med ei kostnadsramme på 243 mill. kroner.
Etter å ha henta inn tilbod på prosjektet finn ein at alle tilboda ligg over kostnadsramma. Den store auken i høve til godkjend kostnadsramme er grunna i høg aktivitet og auka prisar i byggjemarknaden. For å få satt i gang prosjektet, er det starta førebuing av igangsetjing av eit mindre bygg enn tidlegare godkjend, utan at dette forskoterer Stortinget sine seinare avgjersler.
På denne bakgrunn vert det foreslått å utvide prosjektet til det omfang som opprinneleg var planlagd, med ein ny kostnadsramme på 286 mill. kroner.
3.2 Samanbinding av Mauken og Blåtind skytefelt
Prosjekt for samanbinding av Mauken og Blåtind skytefelt blei godkjent av Stortinget i 1997. Prosjektet har ei ramme på 190 mill. kroner. Som følgje av usemje mellom staten og reindriftsnæringa om valg av trasé fra Mauken skytefelt og nordover til Europaveg 6, vart ikkje prosjektet realisert som planlagt. Etter tingingar inngjekk Staten og reindriftsnæringa hausten 2006 ein avtale om ein ny trasé og ein avtale om kjøp av beiterettar. Den nye traséen gjorde det naudsynt å utarbeide eit nytt forprosjekt som nå ligg føre.
Departementet har, som følgje av innspel frå mellom andre Takvatn grunneierlag, vurdert om ein kan nytte traséar utanfor det som ligg til grunn for avtalen med reindriftsnæringa. Departementet kan ikkje sjå at det vil vere mogleg å finne ei betre løysing enn den som føreligg.
Det reviderte prosjektet er kostnadsrekna til 431 mill. kroner og målsettinga for prosjektet er uendra. Dei auka kostnadane skuldast auka prisar i entreprenørmarknaden, bygging av ein tunnel på om lag 1,3 kilometer som del av traséen og breiare veg som følgje av nye og tyngre kjøretøy i Hæren.
3.3 Nye fregattar (kapittel 1760)
3.3.1 Status i prosjektet
Prosjektet Nye fregattar vart vedteke ved Stortinget si handsaming av Innst. S. nr. 207 (1998-99), jf. St.prp. nr. 65 (1998-99). Hovudkontrakten for prosjektet for utvikling, design og levering av til saman fem fartøy med tilhøyrande våpensystem og kommando- og kontrollsystem vart inngått med verftsgruppa Empresa Nacional Bazan (seinare Izar og no Navantia).
Første fartøy, Fridtjof Nansen, vart overteke av Forsvarets logistikkorganisasjon 5. april 2006, og fartøy nummer to, Roald Amundsen, vart overteke 21. mai 2007. Tredje fartøy, Otto Sverdrup, vart overteke 30. april 2008. Fjerde fartøy, Helge Ingstad, vart sjøsett 23. november 2007, og er planlagt overteke i 2009. Det siste fartøyet, Thor Heyerdahl, er planlagt overteke i 2010.
Forsvarsdepartementet har tidlegare, i St.prp. nr. 50 (2002-2003), informert om mogleg tilleggskjøp til fregattane medan prosjektet vert gjennomført. Ei plattform som fregattane vil vere under stadig utvikling. For at dessa fartøya heile tida skal vere relevante, må dei følgje den teknologiske utviklinga. Difor må ein rekne med å kjøpe tilleggsutstyr gjennom heile plattforma si levetid. Dei kapasitetar som det er formålstenleg å innføre i prosjektets levetid, vil bli vurdert kjøpt som ein del av prosjektet si kostnadsramme, eller ved å be om å auke denne.
3.3.2 Status for industrielt gjenkjøp
Navantia har ved utgangen av 2007 rapportert at dei har oppfylt 103,5 prosent av gjenkjøpet, åtte år etter at kontrakten vart inngått. Forsvarsdepartementet og industrien er generelt sett svært nøgde med den måten Navantia, med støtte frå spanske styresmakter, og verftet sine underleverandørar har løyst sine gjenkjøpsforpliktingar. Vel 100 spanske og meir enn 250 norske bedrifter har hatt nytte av gjenkjøpsavtalane for fregattprosjektet gjennom vare- og tenestekontraktar.
Forsvarsdepartementet er no i dialog med både Navantia og spanske styresmakter for å sjå på nye tiltak som kan oppretthalde og utvikle vidare det gode forholdet som er etablert mellom spansk og norsk industri. I dette arbeidet vil Forsvarsdepartementet også sjå på muligheitene til å føre vidare prosjekter som vart etablert av «Innovasjon Norge».
3.3.3 Reservedelar til fregattane
Stortinget vart, i St.prp. nr. 1 (2007-2008), informert om at det har oppstått eit behov for å auke prosjektet sitt omfang og kostnadsramme når det gjeld reservedelar til fregattane. Vidare vart Stortinget informert om at regjeringa vil kome tilbake til denne saka når tilstrekkeleg prosjektdokumentasjon ligg føre.
Opphavleg vart det berre lagt inn kostnader i prosjektet for reservedelar for å dekkje behovet dei første åra. For å sikre at det vart kjøpt inn dei rette reservedelane i rett mengde for ein lengre periode, har ein vald å skaffe seg røynsler i den tidlege fasen, for å vere best mogleg budd på behov for slike reservedelar. I tilegg til no å auke reservedelslagra endå meir, er det òg eit behov for å skaffe ein del komponentar som er på veg ut av produksjon. Dette vil betre sikre fregattanes operative evne på lang sikt. Det vil verte kravd gjenkjøp for nyskaffinga av reservedelar dersom kontraktsummen frå ein leverandør overstig grensa for gjenkjøp.
På bakgrunn av dette vert det foreslått å auke kostnadsramma (på post 45) for prosjekt 6088 – Nye fregattar – med 200 mill. kroner til reservedelar for fregattane. Vidare er det venta at kostnadene for gjennomføringa (på post 01) aukar med 2 mill. kroner. Etter den føreslåtte rammeauken er kostnadsramma (på post 45) 17 762 mill. kroner, og gjennomføringskostnadene (på post 01) 737 mill. kroner.
3.3.4 Behov for oppgradering av våpensystemet
Fregattane er utstyrde med det amerikanske våpensystemet AEGIS, og det er inngått ein samarbeidsavtale med den amerikanske marinen om utdanning av operatørar og test og vedlikehald av dette systemet. Programvara på systemet er under stadig utvikling, og det er behov for å oppgradere fregattane slik at ein sikrar samhandling med allierte fartøy og aukar den operative evna til fartøya. Den neste planlagde oppgraderinga tek mellom anna sikte på å auke radarens yteevne i kystnære område og å auke systemets kapasitet mot overflatemål. Oppgraderinga vil også løyse moglege interferensproblem knytte til sivile system for kommunikasjon.
Programvara vert oppdatert normalt kvart andre år, og det kan vere aktuelt å auke kostnadsramma for prosjektet for å handtere programvareoppdateringane i framtida. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget med denne saka når naudsynt prosjektdokumentasjon ligg føre.