St.prp. nr. 56 (2003-2004)

Endring av medlemskap i Statens Pensjonskasse

Til innhaldsliste

1

Arbeids- og administrasjonsdepartementet ønskjer i medhald av lov om Statens Pensjonskasse 28. juli 1949 (pensjonslova) § 20 tredje leddet å godskrive tidlegare teneste som pensjonsgivande for ei verksemd som er blitt statleg, slik at arbeidstakarane ikkje skal få dårlegare tenestepensjon som følgje av at verksemda blir statleg. Pensjonsreservar knytta til tidlegare teneste blir ført over til staten.

Lov om Statens Pensjonskasse § 20 tredje leddet blei med verknad frå 1. juni 1993 endra, jf. Ot.prp. nr. 55 (1992-93)og Innst. O. nr. 96 (1992-93), og fekk følgjande ordlyd:

«Departementet kan bestemme at tjenestetid forut for medlemskapet helt eller delvis skal regnes med. Departementet kan sette særlige vilkår for slik medregning.»

Vidare heiter det i Ot.prp. nr. 55 følgjande:

«I de tilfellene det er aktuelt å medregne tid, forut for medlemskapet i Statens Pensjonskasse, for arbeidstakere i virksomhet som blir overført til staten, vil spørsmålet om slik medregning bli lagt fram for Stortinget til endelig avgjørelse.»

Det er på denne bakgrunn at departementet legg fram saka for Stortinget.

Overføring av tilsette frå Norsk Romsenter til staten - medrekning av tidlegare tenestetid

Norsk Romsenter blei frå 1. januar 2004 omdanna frå ei stifting til eit statleg forvaltningsorgan, jf. St.prp. nr. 51 (2002-2003) »virkemidler for et innovativt og nyskapende næringsliv» og Innst. S. nr. 283 (2002-2003).

Dei tilsette blei då statlege tenestemenn etter lov om statens tenestemen m.m. § 1, med rett og plikt til medlemskap i Statens Pensjonskasse (SPK), jf. pensjonslova § 5.

Norsk Romsenter har tidlegare hatt si pensjonsordning i Storebrand.

Nærings- og handelsdepartementet tok i møte med Arbeids- og administrasjonsdepartementet (AAD) og Statens Pensjonskasse 5. juni 2003 opp spørsmålet om medlemskap i Statens Pensjonskasse. Mellom anna var det eit ønske om at dei tilsette i Norsk Romsenter skulle bli medlem i Pensjonskassa frå det tidspunkt Norsk Romsenter blei forvaltningsorgan. Vidare at tidlegare tenestetid frå den kollektive pensjonsordninga i Storebrand blei rekna med ved overgang til Statens Pensjonskasse.

Statens Pensjonskasse tok i brev 10. juli 2003 til Kredittilsynet opp spørsmålet om flytting av pensjonsordninga frå Storebrand til Statens Pensjonskasse i samband med endra tilknyttingsform. Statens Pensjonskasse skriv mellom anna:

«Det er en nødvendig forutsetning for saken at Arbeids- og administrasjonsdepartementet treffer vedtak i medhold av lov av 28. juli 1949 om Statens Pensjonskasse § 20, tredje ledd om at tidligere tjenestetid i Norsk Romsenter er pensjonsgivende for arbeidstakere som blir overført til statstjenesten 1. januar 2004. Det kan reises spørsmål om tidligere rettigheter i privat tjenestepensjonsordning som er medregnet i Norsk Romsenters pensjonsordning i Storebrand kan omfattes av vedtaket.

Vi har bedt AAD orientere Kredittilsynet om sitt vedtak med hensyn til:

  1. overføring av løpende pensjoner

  2. medregning av tjenestetid i Norsk Romsenter og

  3. medregning av tjenestetid for rettigheter som er overført til Norsk Romsenters pensjonsordning,

under henvisning til dette brev.»

Arbeids- og administrasjonsdepartementet tok i sitt brev til Kredittilsynet av 3. september 2003 opp saka. Her heiter det mellom anna:

«1. overføring av løpende pensjoner

De tidligere ansatte i Norsk Romsenter som allerede mottar pensjon vil ikke bli overført til Statens Pensjonskasse.

2. medregning av tjenestetid i Norsk Romsenter

Departementet vil overfor Stortinget, med hjemmel i pensjonsloven § 20 tredje ledd, tilrå at de ansatte i Norsk Romsenter som har vært omfattet av en kollektiv pensjonsforsikring i Storebrand, får tiden forut for medlemskap i Statens Pensjonskasse godskrevet som pensjonsgivende tjenestetid i Statens Pensjonskasse. Det forutsettes at pensjonsreservene i Storebrand overføres staten.

3. medregning av tjenestetid for rettigheter som er overført til Norsk Romsenters pensjonsordning

I tillegg til pkt. 2 ovenfor, finner departementet å kunne tilrå overfor Stortinget at de tilsatte i Norsk Romsenter, som tidligere har arbeidet et annet sted og derav vært medlem i en annen pensjonsordning også får medregnet denne tiden, dersom premiereserven fra den tidligere pensjonsordningen er blitt overført Storebrand eller verdien av fripolisen vedkommende har i andre ordninger er avtalt å gå i fradrag i utbetalingen fra Storebrand.»

Arbeids- og administrasjonsdepartementet bad så om at Kredittilsynet gav samtykke til overføring av pensjonsgivande tenestetid til Statens Pensjonskasse.

I Kredittilsynet sitt brev av 29. oktober 2003 til Statens Pensjonskasse heiter det mellom anna:

«Kredittilsynet legger til grunn at foretaksloven ikke er til hinder for at det kan gis dispensasjon med hjemmel i flytteforskriften § 1-3 for overføring fra Storebrand til Statens Pensjonskasse av midler tilknyttet opptjente rettigheter i privat pensjonsordning etter skatteloven for ansatte i Norsk Romsenter.

Det er et vilkår for dispensasjonen at hvert enkelt medlem samtykker til overføring av midler tilknyttet den enkeltes premiereserve. Arbeidsgiver må i samarbeid med Statens Pensjonskasse gi utfyllende opplysninger om virkningen av sammenslåingen.»

Kreditilsynet har som nemnt satt som føresetnad at kvart enkelt medlem samtykkjer i overføring av midlane. Eit slikt samtykke er gitt av dei arbeidstakarane det gjeld.

Departementet gjer framlegg om at Stortinget gjer slikt vedtak:

I medhald av lov 28. juli 1949 om Statens Pensjonskasse § 20 tredje leddet blir det fastsett følgjande reglar om medrekning av tenestetid for tenestemenn i Norsk Romsenter:

  1. Tenestemenn i Norsk Romsenter som blir medlemmer av Statens Pensjonskasse fordi dei har stillingar som gjer at dei blir overførte til staten, får tida før medlemskapen i Statens Pensjonskasse godskriven som pensjonsgivande tenestetid i Statens Pensjonskasse dersom dei har vore omfatta av ei kollektiv pensjonsforsikring i Storebrand. Det er ein føresetnad at premiereservane blir overførte til staten.

  2. Dei tilsette som tidlegare har arbeidd ein annan stad, og der har vore medlem i ei anna pensjonsordning, får denne tida rekna med, dersom premiereserven frå den tidlegare pensjonsordninga er blitt overførd til Storebrand, eller det er avtalt at verdien av den fripolisen vedkommande har i andre ordningar, går til frådrag i utbetalinga frå Storebrand.

  3. Går tenestemennene i Norsk Romsenter over frå deltidsstilling til større deltidsstilling eller til full stilling ved overgangen til statsteneste, kan pensjonsgrunnlaget reduserast i forhold til arbeidstida etter føresegnene i § 15 i pensjonslova.

  4. I høve til føresegnene i pensjonslova inneber medrekninga at statstenestemenn ved Norsk Romsenter blir sett på som om han/ho har vore medlem av Statens Pensjonskasse i vedkommande tidsrom når det gjeld føresegn om opptaksreglar, berekning av pensjon med vidare.

  5. Arbeids- og administrasjonsdepartementet kan så langt det trengst gi utfyllande føresegner for gjennomføring av ordninga ovanfor.

Til forsida