Forslag til vedtak om endring av medlemskap i Statens Pensjonskasse
I medhald av lov 28. juli 1949 om Statens Pensjonskasse § 20 tredje leddet blir det fastsett følgjande reglar om medrekning av tenestetid for tenestemenn i Norsk Romsenter:
Tenestemenn i Norsk Romsenter som blir medlemmer av Statens Pensjonskasse fordi dei har stillingar som gjer at dei blir overførte til staten, får tida før medlemskapen i Statens Pensjonskasse godskriven som pensjonsgivande tenestetid i Statens Pensjonskasse dersom dei har vore omfatta av ei kollektiv pensjonsforsikring i Storebrand. Det er ein føresetnad at premiereservane blir overførte til staten.
Dei tilsette som tidlegare har arbeidd ein annan stad, og der har vore medlem i ei anna pensjonsordning, får denne tida rekna med, dersom premiereserven frå den tidlegare pensjonsordninga er blitt overførd til Storebrand, eller det er avtalt at verdien av den fripolisen vedkommande har i andre ordningar, går til frådrag i utbetalinga frå Storebrand.
Går tenestemennene i Norsk Romsenter over frå deltidsstilling til større deltidsstilling eller til full stilling ved overgangen til statsteneste, kan pensjonsgrunnlaget reduserast i forhold til arbeidstida etter føresegnene i § 15 i pensjonslova.
I høve til føresegnene i pensjonslova inneber medrekninga at statstenestemenn ved Norsk Romsenter blir sett på som om han/ho har vore medlem av Statens Pensjonskasse i vedkommande tidsrom når det gjeld føresegn om opptaksreglar, berekning av pensjon med vidare.
Arbeids- og administrasjonsdepartementet kan så langt det trengst gi utfyllande føresegner for gjennomføring av ordninga ovanfor.