2 Hovudinnhaldet i protokollen
I fortalen blir det m.a. slått fast at for å nå måla med Barnekonvensjonen på best mogleg måte bør statane styrkje tiltaka for å verne barn mot å bli utnytta i form av sal av barn, barneprostitusjon og barnepornografi. I kampen mot slike former for utnytting av barn bør statane nytte ei heilskapleg tilnærming som set dei medverkande årsakene i fokus, som t.d. fattigdom og væpna konfliktar, mangelfull utdanning og diskriminering mellom kjønna. I fortalen vert det òg uttrykt uro over den aukande tilgangen til barnepornografi på Internett.
Artikkel 1 seier at statane skal forby sal av barn, barneprostitusjon og barnepornografi.
Artikkel 2 definerer sal av barn, barneprostitusjon og barnepornografi. Definisjonane må lesast i nær samanheng med føresegna i artikkel 3 som seier at statane skal gjere visse handlingar straffbare i lovgjevinga si. Gjerningsskildringa går fram av desse to føresegnene til saman.
I samsvar med artikkel 3 nr. 1 skal statane minimum sikre at dei handlingane som er lista opp i bokstav a) til c), er omfatta av straffelovgjevinga. Uttrykket «minimum» er nytta for å streke under at protokollen berre set minimumsstandardar for det som statane må forby i kampen mot sal av barn, barneprostitusjon og barnepornografi. Samstundes signaliserer denne ordbruken at det er ønskjeleg at statane gjer meir.
Etter bokstav a) omfattar gjerningsskildringa med omsyn til sal av barn det å tilby, levere eller ta imot eit barn, dersom føremålet er anten seksuell utnytting av barnet, sal av organ eller tvunge barnearbeid. Medverknad til adopsjonar som strir mot internasjonale adopsjonsreglar er òg, på visse vilkår, omfatta. Gjerningsskildringa i bokstav b) med omsyn til utnytting av barn i barneprostitusjon omfattar det å tilby, eigne til seg eller skaffe fram eit barn for barneprostitusjon. Når det gjeld barnepornografi er m.a. produksjon, distribusjon, import, eksport, sal og rådvelde av barnepornografi omfatta, jf. bokstav c).
Etter artikkel 3 nr. 2 skal forsøk og medverknad rammast i den utstrekning dette følgjer av nasjonal lovgjeving. Etter nr. 3 skal strafferamma for dei nemnde forholda spegle av den alvorlege karakteren til forholda. Nr. 4 regulerer ansvaret til juridiske personar, medan nr. 5 dreier seg om adopsjonar i strid med internasjonale reglar.
I samsvar med artikkel 4 skal staten etablere jurisdiksjon når dei straffbare handlingane er utførde på territoriet til staten eller om bord i eit skip eller luftfartøy som er registrert i vedkomande stat. I tillegg kan staten etablere jurisdiksjon når den påståtte gjerningspersonen er borgar av vedkomande stat eller har sin vanlege bustad der, eller når offeret er borgar av vedkomande stat. Føresegna byggjer på artikkel 5 i FNs torturkonvensjon.
Utleveringsføresegna i artikkel 5 fastset m.a. at dei straffbare handlingane som er nemnde i artikkel 3 nr. 1, skal reknast for å vere inkluderte som utleveringsgrunnlag i eksisterande avtaler om utlevering mellom partane, og pålegg at desse handlingane skal omfattast av framtidige utleveringsavtaler. Det er òg fastsett at protokollen kan tene som grunnlag for utlevering. Føresegna byggjer på artikkel 8 i FNs torturkonvensjon.
Saker som gjeld seksuell og anna utnytting av barn vil ofte vere saker som har ein internasjonal karakter. Internasjonalt samarbeid vil såleis ofte vere ein føresetnad for å kunne oppnå ei effektiv straffeforfølging av gjerningspersonane. Artikkel 6 handlar difor om at statane pliktar å yte kvarandre gjensidig rettsleg hjelp i samband med saker som gjeld straff og utlevering.
Artikkel 7 regulerer beslag og inndraging i tillegg til stenging av lokale som er nytta i samband med dei straffbare forholda.
Med sikte på å tryggje dei særskilte behova til barn er det i artikkel 8 fastsett ei plikt til å gjere ulike tiltak i samband med straffeprosessen, som t.d. å sikre barnet sin rett til informasjon og til å uttale seg, i tillegg til å etablere støttetenester. Når rettssystemet skal handsame barn som er offer for dei straffbare handlingane, skal deira beste vere det viktigaste omsynet, jf. artikkel 3 nr. 1 i Barnekonvensjonen. Denne føresegna påverkar ikkje den tiltalte sin rett til ei rettferdig rettssak.
Artikkel 9 dreier seg om at partane gjennom lovgjeving og administrative og sosiale tiltak pliktar å medverke til å hindre dei straffbare handlingane som protokollen handlar om. Statane skal òg spreie informasjon om dei skadelege verknadene av dei forholda som protokollen skal verne mot. Artikkel 10 pålegg partane å ta alle dei stega som er naudsynte for å styrkje det internasjonale samarbeidet i kampen mot sal av barn, barneprostitusjon og barnepornografi. Føresegna seier òg at statane skal fremje eit sterkare internasjonalt samarbeid for å kjempe mot dei underliggjande årsakene til ei slik utnytting av barn.
Dei fleste av sluttføresegnene, artikkel 11 til 17, er henta frå Barnekonvensjonen.
Artikkel 11 presiserer at ikkje noko i protokollen skal påverke nasjonale føresegner eller internasjonale plikter som er med på å sikre eit betre vern av rettane til barnet.
Partane er pålagde å rapportere til FNs barnekomité om gjennomføringa av pliktene, jf. artikkel 12. Overvakinga av at statane gjennomfører pliktene sine skjer såleis på den same måten som for Barnekonvensjonen.
Artikkel 13 tillét alle statar som er part i Barnekonvensjonen eller har underteikna han, å bli part i protokollen. At det blir opna for at også statar som ikkje er part i Barnekonvensjonen kan slutte seg til protokollen, representerer eit unntak frå det alminnelege prinsippet om at berre partar i ein hovudkonvensjon kan bli part i tilhøyrande valfrie protokollar. Dette unntaket må sjåast på bakgrunn av at Barnekonvensjonen er tilnærma universelt ratifisert og står i ei særstilling ettersom det berre er to FN-statar som ikkje har ratifisert han.
Artikkel 14 fastset at protokollen skal setjast i kraft tre månader etter at 10 statar har slutta seg til han. Protokollen er førebels ikkje sett i kraft då det berre er to statar som har ratifisert han per mars 2001. Protokollen blir deretter sett i kraft for medlemsstatar éin månad etter at dei har ratifisert han. Etter artikkel 15 kan protokollen seiast opp. Etter artikkel 16 kan protokollen endrast etter visse prosedyrar. Artikkel 17 slår fast at protokollen er inngått på arabisk, kinesisk, engelsk, fransk, russisk og spansk, og at alle tekstane er like gyldige. Protokollen skal deponerast i arkiva til FN.