Tilråing
Utanriksdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til ratifikasjon av valfri protokoll av 25. mai 2000 om sal av barn, barneprostitusjon og barnepornografi, til FNs konvensjon av 20. november 1989 om rettane til barnet.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om samtykke til ratifikasjon av valfri protokoll av 25. mai 2000 om sal av barn, barneprostitusjon og barnepornografi, til FNs konvensjon av 20. november 1989 om rettane til barnet, i samsvar med eit vedlagt forslag.