1 Innleiing – bakgrunn for forslaget
Stortinget vedtok i mars 2005 eit forslag i St.prp. nr. 34, jf. Innst. S. nr. 132 (2004-2005) om å avvikle eineretten til Posten Norge AS (Posten) frå 1. januar 2007. Regjeringa ber med dette om Stortinget si tilslutning til at vedtaket blir oppheva. Regjeringa meiner at eineretten for Posten framleis vil vere grunnleggjande viktig for å sikre rimelege og gode posttenester i heile landet.