4 Administrative og økonomiske konsekvensar av forslaget
Forslaget om å oppretthalde eineretten til Posten vil neppe få vesentlege administrative konsekvensar. Forslaget vil imidlertid kunne få økonomiske konsekvensar for både Posten og staten.
Dei økonomiske konsekvensane er avhengig av i kor stor grad Posten hadde klart å forsvare marknadsposisjonen mot konkurrentane dersom marknaden hadde blitt fullt ut liberalisert, medrekna omfanget av «fløyteskumming» frå andre operatørar av dei lønsame delane av marknaden. Utan at tapet for staten og Posten av ei full liberalisering i 2007 kan talfestast, legg Samferdselsdepartementet til grunn at tapet ville blitt stort, jf. at overskotet frå einerettsområdet i 2006 var på 310 millionar kroner.
Forslaget inneber ikkje at effektiviseringsarbeidet i Posten skal opphøyre. Samferdselsdepartementet legg til grunn at dei største effektivitetsgevinstane allereie er tekne ut gjennom dei omfattande omstillingsprosessane som Posten har vore igjennom dei siste åra, medrekna restruktureringa av ekspedisjonsnettet.
Departementet legg vidare til grunn at full liberalisering ville ha ført til press for nedbygging av tilbodet i dei bedriftsøkonomisk ulønsame delane av marknaden, noko som ikkje ville vere i samsvar med oppgåvene Regjeringa ønskjer at Posten skal ha plikt til å utføre for samfunnet. Alternativt måtte staten ha ytt tilskot til drifta i desse delane av marknaden over statsbudsjettet.