4 Opptaket hausten 1997
4.1 Venta kapasitet
Avgjerande for opptakskapasiteten det enkelte studieår er kor mange studieplassar som blir ledige etter at studentar har fullført eller avbrote sitt studium, og kor mange studieplassar som eventuelt blir oppretta.
Departementet har nytta ein kalkulert storleik for opptakskapasiteten ved universitet og høgskolar basert på ein estimert avgang av studentar og lagt til nye studieplassar. Nedanfor følgjer ei oversikt over utviklinga i opptakskapasiteten i heile universitets- og høgskolesektoren i perioden 1992 til 1997 (Tabell 4.1):
Tabell 4.1 Opptakskapasitet
1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | |
Opptakskapasitet i høgre utdanning | 36 500 | 39 000 | 36 263 | 38 198 | 38 500 | 36 800 |
I opptakskapasiteten for 1997 er innarbeida dei 300 plassane innan helsefag som blei oppretta under Stortingets behandling av salderingsproposisjonen for 1997.
Departementet viser til at Stortinget auka løyvinga under kap 0281 med 10 mill kroner til utdanning innan medisin, jf Budsjett-innst. S. II (1996-97). Ein vil leggje til grunn at midlane i hovudsak skal nyttast til kjøp av studieplassar i utlandet. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil kome tilbake til gjennomføringa av dette i St prp nr 1 (1997-98).
Opptakskapasitet ved lågare grad ved universiteta for dei fakulteta som er omfatta av nasjonal opning var som følgjer (Tabell 4.2):
Tabell 4.2 Opptakskapasitet på lågare grad 1996/97
HF | SV | MN | Sum | |
UiO | 1 900 | 1 835 | 1 380 | 5 115 |
UiB | 1 050 | 700 | 650 | 2 400 |
NTNU | 400 | 600 | 360 | 1 360 |
UiTø | 450 | 650 | 660 | 1 760 |
Sum | 3 800 | 3 785 | 3 050 | 10 635 |
For studieåret 1997/98 gir tilsvarande tabell nedanfor følgjande tal:
Tabell 4.3 Opptakskapasitet på lågare grad 1997/98
HF | SV | MN | Sum | |
UiO | 1 900 | 1 585 | 1 360 | 4 845 |
UiB | 1 050 | 700 | 620 | 2 370 |
NTNU | 400 | 650 | 360 | 1 410 |
UiTø | 450 | 650 | 660 | 1 760 |
Sum | 3 800 | 3 585 | 3 000 | 10 385 |
Som følgje av skipinga av Det utdanningsvitskaplege fakultet (UV) ved UiO er det frå studieåret 1997/98 overført 250 studieplassar innan pedagogikk frå SV-fakultetet til UV-fakultetet.
Det er frå studieåret 1997/98 overført 20 plassar på ernæringsfag frå MN-fakultetet til Det medisinske fakultet ved UiO.
Ved UiB er 30 plassar på lågare grad ved MN-fakultetet omdisponert til høgre grad ved same fakultet.
For SV-fakultetet ved NTNU er kapasiteten auka med 50 plassar i høve til studieåret 1996/97.
Tala for UiTø kan ikkje utan vidare samanliknast med tala for dei andre universiteta. Dette har samanheng med at UiTø har rekna med enkelte mellomfag i opptakskapasiteten for lågare grad.