St.prp. nr. 59 (1996-97)

Om regulering av opptaket til studium ved universiteta studieåret 1997-98

Til innholdsfortegnelse

6 Opptaket til det enkelte universitet

Universiteta har vurdert behovet for opptaksregulering komande studieår på grunnlag av ein gjennomgang av den samla opptakskapasiteten og ressurssituasjonen ved det enkelte fakultet. Det er fremja forslag til opptakstal på det enkelte fag og nivå. Forslaga frå universiteta skal mellom anna gjere greie for om det er hindringar med omsyn til personale, lokale og driftsmidlar som set grenser for institusjonen sin opptakskapasitet. Dei er òg bedne om å gjere greie for i kva grad det er mogleg å fordele om ressursar, der det er fag med ledig kapasitet.

Opptaksreguleringa til universiteta bør som før vere på fakultets-/avdelingsnivå og ikkje til det enkelte fag, dersom dei fleste faga under fakultetet har avgrensa kapasitet. Studentane søker normalt opptak til universiteta på fakultetsnivå og ikkje opptak til det enkelte faget. Unnataket for dette er til dømes opptak til enkelte profesjonsstudium. Men sjølv om ramma for studentopptaket er tilpassa den samla ressursramma på fakultetet, vil det vere enkelte fag som er sterkt pressa, mens andre har betre kapasitet. Den enkelte institusjonen kan setje i verk ei fordeling av studentar på enkelte fag innanfor fakultetet i tråd med Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen si fråsegn i Innst. S. nr. 257 (1995-96).

Departementet viser til Budsjett-innst. S. nr. 12 (1996-97) der eit fleirtal i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen (medlemmene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti) ba om at universiteta i samråd med departementet vurderer ei gradvis vriding frå lågare grad til høgre grad etter kvart som det blir mogleg, samstundes som ein held fram med nasjonal opning. I tråd med denne fråsegna har Universitetet i Bergen oppretta fleire plassar på høgre grad ved intern omdisponering av ressursar. Departementet meiner at også Universitetet i Oslo bør kunne gjere omprioriteringar til hovudfag i noko større mon en det styret har foreslått, jf nedanfor.

6.1 Merknader til tabellene om opptaksrammar

Universiteta er ope der dei ikkje med samtykke frå Stortinget har avgrensa opptaket av omsyn til kapasitet- og ressurssituasjonen. Tabellene om opptak til dei enkelte universiteta viser berre dei avgrensingane som ligg føre innanfor eller på det enkelte fakultet. For opne fakultet seier tala altså ikkje noko om kapasiteten totalt på fakultetet.

6.2 Universitetet i Oslo

Kollegiet ved Universitetet i Oslo har 11. mars 1997 gjort vedtak om opptaksregulering og opptaksrammer for studium av lågare grad, for hovudfagsnivå og for profesjonsstudium. Departementet foreslår dei avgrensingane som går fram av tabellen.

Tabell 6.1 Opptaksrammer for Universitetet i Oslo

Fakultet
FagHFSVMNJurTeologiMedOdontUV
Profesjonsstudium7255200ope22089595
Lågare grad1 9001 5851 360667ope60760
Høgre grad73852154510458025100

Merknader

Det historisk-filosofiske fakultet

For opptak til studium av lågare grad foreslår styret å halde oppe ramma frå i fjor på 1 900 studentar.

For opptak til studium av høgre grad foreslår styret å minke ramma for opptak med 5 til 733. Departementet viser til at Universitetet i Bergen har gjennomført ei intern omdisponering av ressursar for å auke talet på hovudfagsplassar ved institusjonen, jf omtala om dette innleiingsvis i kap 6. Ein vil utifrå ovanståande leggje til grunn at Universitetet i Oslo minst kan vidareføre same opptak på hovudfag som i fjor. Departementet foreslår derfor å halde oppe ramma frå i fjor på 738 plassar.

Det samfunnsvitskaplege fakultet

For opptak til profesjonsstudiet i psykologi foreslår styret å ei ramme på 72 plassar. Det inneber å minke ramma for opptak til 1. avdeling med 6 til 72 plassar. Samstundes foreslår styret å auke ramma for opptak til 2. avdeling med 6 til 12 plassar til studentar frå Universitetet i Bergen.

For opptak til studium av lågare grad foreslår styret ei opptaksramme på 1 585 plassar. 250 studieplassar innan pedagogikkk ved Pedagogisk forskningsinstitutt (PFI) er i år overført frå SV-fakultetet til det nye utdanningsvitskaplege fakultetet.

For opptak til studium av høgre grad foreslår styret å minke ramma for opptak med 6 til 515. Departementet viser til at Universitetet i Bergen har gjennomført ei intern omdisponering av ressursar for å auke talet på hovudfagsplassar ved institusjonen, jf omtale om dette innleiingsvis i kap 6. Ein vil utifrå ovanståande leggje til grunn at Universitetet i Oslo minst kan vidareføre same opptak på hovudfag som i fjor. Departementet foreslår derfor å halde oppe ramma frå i fjor på 521 plassar.

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

For opptak til profesjonsstudiet foreslår styret å halde oppe ramma på 55 studentar til farmasistudiet. Dette er same opptakskapasiteten som i fjor.

For opptak til studium av lågare grad foreslår styret ei opptaksramme på 1 360 plassar, og det er same kapasiteten som i fjor. Ernæringsfag med ei ramme på 20 plassar blei 1. januar 1997 overført frå Det matematisk-naturvitskaplege fakultet til Det medisinske fakultet.

For opptak til studium av høgre grad foreslår styret å minke ramma for opptak med 6 til 534. Ernæringsfag er overført til Det medisinske fakultet, jf omtale ovanfor. Departementet viser til at Universitetet i Bergen har gjennomført ei intern omdisponering av ressursar for å auke talet på hovudfagsplassar ved institusjonen, jf omtale om dette innleiingsvis i kap 6. Ein vil vidare vise til at det er stor etterspurnad etter personar med houvedfag i IT. Departementet vil utifrå ovanståande foreslå ei ramme for opptak på 545 plassar. Minst 5 av dei nye plassane skal gå til auka kapasitet på utdanning innan IT.

Det juridiske fakultet

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet viser til omtalen av ny studieordning på jus i St prp nr 67 (1995-96).

For opptak til profesjonsstudiet foreslår styret ei opptaksramme på 200 plassar, som gjeld det nye blandingsgrunnfaget. Opptak til blandingsgrunnfag gjer med bestått eksamen automatisk studierett til profesjonsdelen av studiet. Ramma for opptak blei i fjor sett til 400 plassar. Nedgangen er ein følgje av at det nå er færre studentar frå første avdeling som søker opptak til blandingsgrunnfaget. Samstundes er det svært mange studentar som har studierett til profesjonsdelen, sidan både dei med eksamen frå blandingsgrunnfaget og dei med første og andre avdeling etter gamal studieordning har studierett. Lågare opptaksramme for blandingsgrunnfaget blir derfor meir enn vega opp for av det høge talet på studentar i profesjonsdelen.

For opptak til studium av lågare grad foreslår styret å halde oppe ei opptaksramme på 667 som inneber 475 studentar til den nye grunndelen i jusstudiet og 192 studieplassar på kriminologi grunnfag.

For opptak til studium av høgre grad foreslår styret å halde oppe ramma på 10 plassar på kriminologi hovudfag.

Det teologiske fakultet

Profesjonsstudiet og studium av lågare grad blei i fjor opna og styret foreslår det same i år.

For opptak til studium av høgre grad foreslår styret at opptaksramma blir sett til 45, med 30 plassar på hovudfag i kristendomskunnskap og 15 plassar i diakoni. Ramma er den same som i 1996.

Det medisinske fakultet

For opptak til profesjonsstudiet foreslår styret å halde oppe ramma på 220 plassar. Opptaket til profesjonsstudiet fordeler seg med 180 plassar til medisin og 40 plassar til 2. avdeling i sjukepleievitskap.

For opptak til studium av lågare grad foreslår styret ei ramme på 60 studentar. Styret foreslår å halde oppe ramma på 20 plassar på ernæringsfag som er overført frå Det matematisk-naturvitskaplege fakultet til Det medisinske fakultet. Kandidatstudiet i sjukepleievitskap skal avviklast og det er innført ei ny studieordning for sjukepleie. Ramma for opptak er sett til 40 studentar med opptak våren 1998.

For opptak til studium av høgre grad foreslår styret ei ramme på 80 plassar. Det inneber 30 plassar i hovudfag i helsefag som i fjor, og der det i fjor ikkje var opptak, er det foreslått ei ramme på 30 plassar i hovudfag i helseadministrasjon. Styret har foreslått å auke ramma for opptak med 10 til 20 plassar på ernæringsfag som er overført frå Det matematisk vitskaplege fakultet. Eit hovudfag, arbeidshelse, får ikkje opptak i komande studieår.

Det odontologiske fakultet

For opptak til profesjonsstudiet foreslår styret å halde oppe ramma på 89 plassar. Som i fjor inneber dette 65 plassar på tannlegestudiet og 24 plassar på tannpleiarstudiet.

For opptak til studium av høgre grad foreslår styret i år ei ramme på 25 plassar innan spesialistutdanning og mastergradsutdanning. Opptak her har ikkje tidlegare vore regulert.

Det utdanningsvitskaplege fakultet

For opptak til profesjonsstudiet foreslår styret ei ramme på 595. Praktisk-pedagogisk utdanning er ført under profesjonsstudium med ei opptaksramme på 460 plassar. Det er like mange som i fjor. Styret foreslår ei ramme for felles opptak til hovudfag/profesjonsstudiet i pedagogikk på 135 plassar.

For opptak til studium av lågare grad foreslår styret ei ramme på 760. Foreslått opptaksramme til lågare grad gjeld 480 studieplassar på Institutt for spesialpedagogikk. Pedagogisk forskingsinstitutt blir i år overført frå SV-fakultetet og det er foreslått ei ramme på opptak på 280 studentar.

For opptak til studium av høgre grad foreslår styret ei ramme på 94 plassar. I fjor var ramma 235, men 135 av desse plassane er overførte til felles opptak med profesjonsstudiet. Dette inneber ei minka ramme for opptak med 6 plassar. Departementet viser til omtale om omdisponering av ressursar ovanfor, og foreslår å halde oppe ramma på 100 plassar.

6.3 Universitetet i Bergen

Kollegiet ved Universitetet i Bergen gjorde i møte 20. mars 1997 vedtak om opptaksregulering og opptaksramme for studium av lågare grad, hovudfagsstudium og profesjonsstudium for studieåret 1997-98.

Styret foreslår ei intern omdisponering av ressursar for å kunne dekkje ein del av det store behovet for fleire hovudfagsplassar. Forslaget inneber ei auka ramme for opptak med 85 plassar på hovudfag. Departementet viser til omtalen av dette innleiingsvis i kap 6. I samråd med Universitet i Bergen er ytterlegare 15 hovudfagsplassar innan IT foreslått oppretta som følgje av intern omdisponering. Departementet foreslår dei avgrensingane som framgår av tabellen.

Tabell 6.2 Opptaksrammer for Universitetet i Bergen

Fakultet
FagHFSVMNJURMedisinOdontPsyk
Profesjonsstudium25015069250
Lågare grad1 05070062027545250
Høgre grad287232290404

Merknader

Det historisk-filosofiske fakultet

For opptak til studium av lågare grad foreslår styret å halde oppe ramma på 1 050 studentar.

For opptak til studium av høgre grad foreslår styret ei ramme på 287 studentar, det vil seie 27 fleire enn i fjor. Ramma for opptak er auka som følgje av ei intern omdisponering av ressursar.

Det samfunnsvitskaplege fakultet

For opptak til studium av lågare grad foreslår styret å halde oppe ramma frå i fjor på 700 plassar.

For opptak til studium av høgre grad foreslår styret ei ramme på 232 plassar. Det inneber ein auke på 19 plassar som følgje av ein intern omdisponering av ressursar.

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

For opptak til studium av lågare grad foreslår styret å halde oppe ramma frå i fjor på 650 plassar. I samråd med universitetet foreslår departementet å minke ramma for opptak med 30 til 620 plassar. Det blir dermed mogleg å auke ramma for opptak på høgre grad.

For opptak til studium av høgre grad foreslår styret ei ramme på 275 plassar. Det inneber ei auke av ramma frå i fjor med 5 plassar som følgje av ein intern omdisponering av ressursar. I samråd med universitetet foreslår departementet å auke ramma for opptak med ytterlegare 15 plassar til utdanning innan IT. Forslag til samla ramme for høgre grad blir dermed 290 plassar.

Det juridiske fakultet

For opptak til profesjonsstudiet foreslår styret å halde oppe ramma på 250 plassar. Ressurssituasjonen gjer det framleis nødvendig å regulere opptak til profesjonsstudiet, likevel slik at alle med karakter 2.80 eller betre frå første avdeling er sikra opptak til andre avdeling.

For opptak til studium av lågare grad foreslår styret å halde oppe ramma frå i fjor på 275 plassar til første avdeling/grunnfag.

Det medisinske fakultet

For opptak til profesjonsstudiet foreslår styret å halde oppe ramma på 150 plassar.

For opptak til studium av lågare grad foreslår styret ei ramme på 45 plassar til sjukepleievitskap. Det er 3 fleire enn i fjor. Det er framleis organiseringa av studiet og tilgang på undervisingsressursar som føreset regulert opptak.

For opptak til studium av høgre grad foreslår styret ei ramme på 40 plassar. Det inneber 25 plassar til hovudfag i helsefag (sjukepleievitskap og fysioterapi), og 15 plassar i mastergrad studium og hovudfag i medisinske realfag.

Det odontologiske fakultet

For opptak til profesjonsstudiet foreslår styret å halde oppe ramma på 69 plassar. Det inneber 21 plassar til tannpleiarstudiet og 48 plassar til tannlegestudiet.

For opptak til studium av høgre grad foreslår styret å halde oppe ramma frå i fjor på 4 plassar.

Det psykologiske fakultet

For opptak til profesjonsstudiet foreslår styret å halde oppe ramma på 250 plassar. Det inneber ei ramme for opptak til psykologi på 60 plassar og ei ramme for opptak til praktisk- pedagogisk utdanning på 190 plassar.

For opptak til studium av lågare grad foreslår styret å halde oppe ramma på 250 plassar i psykologi grunnfag.

6.4 Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU)

Kollegiet for NTNU har i møte 24. april gjort vedtak om opptaksregulering og opptaksrammer for fakulteta fordelt på profesjonsstudium, lågare grads studium og hovudfagsstudium. Forslag til vedtak er at opptaket til fleire studium av lågare grad ikkje treng regulerast komande studieår. Departementet foreslår dei avgrensningane som går fram av tabellen. Tabell 6.3 øverst neste side.

Tabell 6.3 Opptaksramme for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU)

Fakultet
FagHFSVTFIMKBALSMedisinTekn. fag
Profesjonsstudium20160901 510
Lågare gradope650ope16060
Høgre grad65220204530

SVT=Fakultet for samfunnsvitskap og teknologistyring

FIM=Fakultet for fysikk, informatikk og matematikk

KB=Fakultet for kjemi og biologi

ALS=Avdeling for lærarutdanning og skoleutvikling

Merknader

Det historisk-filosofiske fakultet

Styret foreslår at alle studium på lågare grad er ope.

For opptak til studium av høgre grad foreslår styret ei ramme på 65 plassar. Det er skort på rettleiingskapasitet som gjer det nødvendig å regulere fleire hovudfag enn i fjor.

Fakultet for samfunnsvitskap og teknologistyring (SVT)

For opptak til profesjonsstudiet foreslår styret ei ramme på 20 plassar til profesjonsutdanning i psykologi. Det er ein auke på 4 plassar frå i fjor.

For opptak til studium av lågare grad foreslår styret ei ramme på 700 plassar, det er ei auka av ramma med 100 plassar. Ein viser til at etterspurnaden etter sivilingeniørar i informatikk er aukande og at NTNU har eit nasjonalt ansvar for å utdanne personell innan IT. Departementet vil derfor foreslå at opptaksramma på lågare grad ved SVT blir sett til 650. Det blir dermed mogleg å auke opptaket på sivilingeniørstudium innan IT, jf omtale under Teknologiske fag og kunstfag nedanfor.

For opptak til studium av høgre grad foreslår styret ei ramme på 220 plassar. Det er ein auke med 5 plassar frå i fjor. Avgrensa rettleiingskapasitet gjer opptaksregulering nødvendig.

Fakultet for fysikk, informatikk og matematikk (FIM)

Det tidlegare matematisk-naturvitskaplege fakultet er delt i to. Opptak til FIM- og KB-fakultetet er felles. Det inneber at realfagsstudia i praksis er ope med unnatak av 160 plassar på KB-fakultetet, sjå merknadene til dette fakultetet.

Styret foreslår at studium av lågare grad er ope.

For opptak til studium av høgre grad foreslår styret ei ramme på 20 plassar i informatikk. Det er ein auke med 13 til 20 plassar.

Fakultet for kjemi og biologi (KB)

Det er samla opptak til realfagsstudiet på KB- og FIM-fakultetet som begge var ein del av det tidlegare matematisk-naturvitskaplege fakultet.

For opptak til studium av lågare grad foreslår styret ei ramme på 160 plassar av omsyn til laboriatorium- og rettleiingskapasitet.

For opptak til studium av høgre grad foreslår styret å halde oppe ramma på 45 plassar.

Avdeling for lærarutdanning og skoleutvikling (ALS)

For opptak til praktisk-pedagogisk utdanning foreslår styret ei ramme på 160 plassar, respektive 135 plassar til PPU del II og 25 plassar til PPU yrkesfag.

Det medisinske fakultet

For opptak til profesjonsstudiet foreslår styret ei ramme på 90 plassar. Det er same talet som ifjor.

Teknologiske fag og kunstfag

For opptak til profesjonsstudia foreslår styret ei ramme på 1 480 plassar. Det inneber 1 410 plassar til sivilingeniørstudia, som er ein auke på 10 plassar frå i fjor, og 70 plassar til sivilarkitektstudiet som i fjor. Departementet foreslås å auke ramma for opptak til sivilingeniørstudium innan IT med ytterlegare 30 plassar, jf omtale under SVT. Dette gir ei totalramme for opptak på profesjonsstudia på 1 510, fordelt med 1 440 på sivilingeniørstudia og 70 plassar på sivilarkitektstudiet.

For opptak til studium av lågare grad foreslår styret ei ramme på 60 plassar. Det inneber opptak til kunstfag, med 20 plassar til Kunstakademiet og 40 plassar til Musikkonservatoriet, som i fjor. Opptak til dei kunstfaglege utdanningane må regulerast som følgje av studieorganisering og tilgang på undervisingsressursar.

For opptak til studium av høgre grad foreslår styret ei ramme på 30 plassar på mastergrad. Det er ein auke på 15 frå i fjor.

6.5 Universitetet i Tromsø

Styret for Universitetet i Tromsø har 20. mars 1997 gjort vedtak om regulering av opptak og opptaksrammer for lågare grads studium, hovudfagsstudium og profesjonsstudium. Styret sitt vedtak er at opptaket til dei fleste studium av lågare grad, med nokre få unnatak, ikkje treng regulerast komande studieår. Universitetet foreslår dei avgrensningane som går fram av tabellen. Departementet slutter seg til forslaget.

Tabell 6.4 Opptaksrammer for Universitetet i Tromsø

Fakultet
FagHFSVMNJURUNIKOMNFHMedisin
Profesjonsstudium24526012045100
Lågare gradope635490150120238
Høgre gradope11343050

UNIKOM=Universitetets kompetansesenter for lærarutdanning, etter- og vidareutdanning og fjernundervising

NFH=Noregs fiskerihøgskole

Merknader

Det historisk-filosofiske fakultet

Styret foreslår at alle studium både på lågare og høgre grad er ope.

Det samfunnsvitskaplege fakultet

For opptak til profesjonsstudiet foreslår styret å halde oppe ramma på 24 plassar i psykologi Det er nødvendig å ha eit avgrensa opptak fordi det ikkje har vore mogleg for institusjonen å framskaffe nok kvalifiserte lærarar til å auke opptaket ytterlegare.

For studium av lågare grad er dei fleste studia opne. Unnataka framgår av tabellen med ei avgrensing på totalt 63 plassar. Dette gjeld arkeologi mellomfag, der feltkapasitet gjer at styret foreslår å halde oppe ramma på 25 plassar. Vidare semesteremne i EDB for humaniora og samfunnsvitskaplege fag, der datamaskinkapasitet gjer regulert opptak nødvendig. Ramma for opptak er her foreslått auka med 2 til 38 studentar.

For opptak til studium av høgre grad foreslår styret ei ramme på 113. Det inneber å opptaksregulere hovudfag på filosofi med ei ramme på 25 plassar, halde oppe ramma på 15 plassar på historie, 14 plassar på samfunnsplanlegging og 12 plassar på sosialantropologi, og ei minke av ramma for opptak med 1 til 14 plassar på arkeologi, med 6 til 14 plassar på statsvitskap og med 8 til 6 plassar på pedagogikk. Vidare ei auke av ramma for opptak med 1 til 13 plassar på sosiologi.

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

For opptak til profesjonsstudia foreslår styret ei ramme på 52 plassar. Det inneber 17 plassar på sivilingeniørstudium i fysikk, 15 plassar på sivilingeniørstudium i informatikk og 20 plassar for sivilingeniørstudia i landbruk og bioteknologi, repektive15 og 5 plassar. Det er skort på rettleiingsressursar som avgrensar opptakskapasiteten.

Styret foreslår at studium på lågare grad er ope, unnataka på 54 plassar som framgår av tabellen gjeld Miljø-310 og Bio-209 med ei ramme på respektive16 og 28 plassar grunna mangel på utstyr, og Bio-314 med ei ramme på 10 plassar av omsyn til datamaskinkapasiteten.

Styret foreslår at studium høgre grad er ope, unnataka framgår av tabellen og gjeld hovudfag informatikk der ramma er foreslått til 4 plassar.

Det juridiske fakultet

For opptak til profesjonsstudiet foreslår styret å halde oppe ramma på 60 plassar på andre avdeling. For opptak til lågare grad foreslår styret å halde oppe ramma på 90 studentar på første avdeling.

Avdeling for praktisk-pedagogisk utdanning (UNIKOM)

For opptak til profesjonsstudiet foreslår styret å halde oppe ramma på 120 plassar til praktisk- pedagogiske studium.

For opptak til studium av lågare grad foreslår styret ei ramme på 150 plassar. Dette inneber å halde ramma for opptak oppe på rettleiingspedagogikk, prosjektstyring og prosjektleiing med 70 plassar, og auke ramma for opptak på verksemdsutvikling og verksemdskompetanse med 20 til 40 plassar for kvart fag. Ressurskrevjande undervisning og skort på nok kvalifiserte lærarar gjer at ein foreslår å opptaksregulere faga ved UNIKOM.

Noregs fiskerihøgskole (NFH)

For opptak til profesjonsstudiet foreslår styret å halde oppe ramma på 45 studentar på fiskerikandidatstudiet. Regulert opptak er nødvendig av omsyn til rettleiingskapasitet.

For opptak til studium av lågare grad foreslår styret ei ramme på 120 plassar, det inneber å halde oppe ramma for Bio-221 og Bio-201 med respektive 20 og 40 plasssar, og regulering av opptaket til Bio-106 med ei ramme på 60 studentar av omsyn til laboratoriekapasiteten.

For opptak til studium av høgre grad foreslår styret å halde oppe ramma på 30 plassar. Det inneber 15 plassar på havbruk, 10 plassar på fiskehelse og 5 plassar på sosialøkonomi. Opptaket må her regulerast av omsyn til ressurssituasjonen, og rettleiings- og laboratoriekapasitet.

Medisinske fakultet

For opptak til profesjonsstudiet foreslår styret å halde oppe ramma på 100 plassar. Det inneber 70 plassar på medisinstudiet, 20 plassar på farmasi og 10 plassar på sivilingeniørstudium i bioteknologi.

For opptak til studium av lågare grad foreslår styret ei ramme på 238 plassar. Det inneber å halde oppe ramma for opptak på Bio-251 og Bio-255 med 70 plassar, og regulere opptaket til Bio-271, Bio-444, Bio-364 og Bio-352 med ei total ramme på 68 plassar av omsyn til laboriatorie- og utstyrskapasitet, og ramma for opptak til medisin grunnfag er sett til 100 plassar av omsyn til rettleiingskapasitet.

For opptak til studium av høgre grad foreslår styret ei ramme på 50 plassar. Det inneber for medisinsk biologi og helsefag ei ramme på respektive 20 og 10 plassar, og å halde oppe ramma for opptak til folkehelsevitskap med 20 plassar. Styret foreslår at andre studium av høgre grad er ope.

6.6 Oppsummering

Universiteta foreslår avgrensingar i opptaket til dei enkelte fakultet. Avgrensingane er ei følgje av ressurs- og kapasitetssituasjonen. Departementet meiner avgrensingane må gjennomførast for å ta i vare kvalitetskrav ved universiteta, og foreslår desse opptaksrammene for 1997:

Tabell 6.5 Opptaksrammer for Universitetet i Oslo

Fakultet
FagHFSVMNJURTeologiMedOdontUV
Profesjonsstudium7255200ope22089595
Lågare grad1 9001 5851 360667ope60760
Høgre grad73852154510458025100

Tabell 6.6 Opptaksrammer for Universitetet i Bergen

Fakultet
FagHFSVMNJURMedisinOdontPsyk
Profesjonsstudium25015069250
Lågare grad1 05070062027545250
Høgre grad287232290404

Tabell 6.7 Opptaksramme for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU)

Fakultet
FagHFSVTFIMKBALSMedisinTekn. fag
Profesjonsstudium20160901 510
Lågare gradope650ope16060
Høgre grad65220204530

Tabell 6.8 Opptaksrammer for Universitetet i Tromsø

Fakultet
FagHFSVMNJURUNIKOMNFHMedisin
Profesjonsstudium24526012045100
Lågare gradope635490150120238
Høgre gradope11343050