4 Avgjerda i EØS-komiteen
Med sikte på deltaking for EFTA/EØS-statane i fellesskapsramma for samarbeid om akutt havureining vil EØS-komiteen vedta ei endring av artikkel 3 i protokoll 31 i EØS-avtala, slik at avtala òg omfattar denne fellesskapsramma for samarbeid. I innleiinga til utkastet til avgjerd vert det vist til artikkel 86 og 98 i EØS-avtala, som gjer det mogleg for EØS-komiteen å endre vedlegga til og visse protokollar i avtala. Vidare vert det slått fast at avtalepartane skal utvide samarbeidet til å omfatte europaparlaments- og rådsvedtaket om fastsetjing av ei fellesskapsramme for samarbeid om akutt havureining.
Artikkel 1 i utkastet slår fast at europaparlaments- og rådsvedtak 2850/2000/EF vert teke inn i protokoll 31 artikkel 3 nr. 4 til 7 i EØS-avtala.
Artikkel 2slår fast at avgjerda tek til å gjelde ...., såframt EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala. Ho skal nyttast frå 1. januar 2001.
Artikkel 3 slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.