5 Administrative, økonomiske, budsjettmessige og rettslege konsekvensar
Norsk deltaking i den framlagde fellesskapsramma for samarbeid krev ingen lov- eller forskriftsendringar. Fellesskapsramma har eit samla budsjett på 1 million euro (ca. 8,56 millionar kroner). Ved deltaking vil den norske løyvinga vere på om lag 160 000 kroner per år. Utgiftene vil verte dekte over budsjettet til Miljøverndepartementet, kap. 1443 post 01.