1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram ein del saker under programkategoriane 21.20 Luftfartsformål, 21.30 Vegformål og 21.50 Jernbaneformål, og under Andre saker.
Proposisjonen gjeld desse sakene:
Under 21.20 Luftfartsformål:
Samferdselsdepartementet gjer greie for endeleg eigenkapital i samband med etableringa av Avinor AS.
Under 21.30 Vegformål:
Stikkordet « kan overførast» blir foreslått tilføydd kap. 1320, post 60 Forsøk.
Departementet gjer framlegg om å vidareføre ordninga med innkrevjing av lokalt finansieringsbidrag på omsetning av drivstoff i Tromsø (Tromsøpakke 2).
Det blir gjort greie for bygging av midtrekkverk og andre tiltak for å redusere ulykkene på E6 gjennom Østfold.
Departementet gjer greie for installering og finansiering av videoovervaking av Oslofjordtunnelen.
På bakgrunn av gjennomført ekstern kvalitetssikring av E6 Nordre avlastningsveg i Trondheim blir det gjort greie for styrings- og kostnadsramme for prosjektet.
Departementet orienterer om auka kostnadsoverslag og svikt i bompengeinntektene for Namdalsprosjektet.
Under 21.50 Jernbaneformål:
Departementet orienterer om etablering av ein skule for lokomotivførarutdanning mv. som er uavhengig av dei enkelte togoperatørane når jernbanedrifta blir konkurranseutsett.
Det blir gjort greie for arbeidet med konkurranseutsetjing av produksjonsverksemda i Jernbaneverket.
Under andre saker:
Det blir orientert om hurtigrutemuseet.