1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
I dette kapitlet blir det gjort greie for hovudinnhaldet i denne proposisjonen. I kapittel 2 er det gitt nærare omtale av forslaga for kvart einskilt departement. Deretter følgjer forslag til løyvingar.
Samstundes med denne proposisjonen blir St prp nr 62 (1996-97) «Om endringar i tollavgifter som følgje av resultatet av forhandlingene i Verdens handelsorganisasjon (WTO) om liberalisering av handel med informasjonsteknologiprodukter» lagt fram. Forslaga der inneber lågare avgiftsinntekter på statsbudsjettet. Dette er teke med i hovudtala i tabellane i kapittel 1.
1.1 Rammene for finanspolitikken
Tabell 1.1 Inntekter og utgifter på statsbudsjettet utanom lån. Mill kroner
1996 | 1997 | |
1. Hovudtal på statsbudsjettet | ||
Inntekter på statsbudsjettet | 406 147 | 433 145 |
- Utgifter på statsbudsjettet | 358 991 | 375 856 |
= Overskott på statsbudsjettet før overføring til Statens petroleumsfond | 47 156 | 57 289 |
- Kontantstraumen frå petroleumsverksemda | 69 886 | 78 691 |
= Oljekorrigert overskott | -22 730 | -21 402 |
+ Overført frå Statens petroleumsfond til statsbudsjettet | 25 673 | 21 402 |
= Overskott før lån | 2 943 | 0 |
2. Finansieringsbehov, brutto | 41 268 | 37 308 |
Overslag på statsrekneskapen for 1997 syner eit overskott før overføring til Statens petroleumsfond på 57,3 mrd kroner. Det er 10,1 mrd kroner høgre enn i førebels rekneskapstal for 1996. Hovudårsaka til det auka overskottet er at ein reknar med at netto kontantstraumen frå petroleumsverksemda blir 78,7 mrd kroner, som er 8,8 mrd kroner høgre enn i 1996. Ein ventar samstundes at det oljekorrigerte underskottet på statsbudsjettet blir redusert med 1,3 mrd kroner til 21,4 mrd kroner. Det blir overført midler frå petroleumsfondet slik at statsbudsjettet blir gjort opp i balanse.
Ei nærare drøfting av den økonomiske politikken er gitt i St meld nr 2 (1996-97) Revidert nasjonalbudsjett 1997. I kapittel 3 i meldinga blir det gjort greie for gjennomføringa av den økonomiske politikken i 1997.
Utviklinga i norsk økonomi så langt i 1997 viser at det er nødvendig å føre vidare ein stram finanspolitikk. Ei hovudretningsline for regjeringa ved gjennomføringa av det økonomiske opplegget for 1997 er at tilleggsløyvingar gjennom året skal dekkjast inn ved reduksjonar i andre utgiftsposter. I tillegg har regjeringa lagt til grunn at endringar i overslag for oljeverksemda, skatte- og avgiftsinntekter, netto renteinntekter og dagpenger til arbeidsledige skal gi endra budsjettoverskott.
1.2 Forslag til endringar på statsbudsjettet
Rammene for den årlege finanspolitikken blir fastlagde i forslag til statsbudsjett i Stortingsproposisjon nr 1 frå regjeringa og i budsjetthandsaminga i Stortinget kvar haust. Det er såleis i Stortingsproposisjon nr 1 regjeringa gjer framlegg om hovudsatsingsområda i budsjettpolitikken. I 1997-budsjettet er satsing på helse eit av regjeringa sine hovudsatsingsområde. Øremerka midler til somatiske sjukehus og psykiatri er auka med om lag 1 700 mill kroner samanlikna med løyvingane i 1996. Regjeringa har denne våren fremma stortingsmeldingar om fastlegeordninga, sjukehus og annan spesialisthelseteneste samt psykiske lidingar. Når det gjeld vidare satsing på helse, herunder oppfølging av desse meldingane, vil regjeringa kome attende til dette i samband med statsbudsjettforslaget for 1998.
Regjeringa gjer likevel i proposisjonen her framlegg om tilleggsløyvingar til helseformål. I samband med Revidert nasjonalbudsjett blir det fremma forslag om netto å auke løyvingane til helse under Sosial- og helsedepartementet med til saman 86 mill kroner. I tillegg kjem budsjettmessige følgjer på 40 mill kroner av at medisinar mot multippel sklerose kjem på blå resept. Forslaga inneber mellom anna kompensasjon for statssjukehusa for auka kostnader av lønnsoppgjeret for legar med til saman 135 mill kroner.
Lønnsveksten for legar vart langt høgre enn den gjennomsnittlege lønnsveksten som låg til grunn for budsjettopplegget. Regjeringa finn ikkje å kunne foreslå kompensasjon til fylkeskommunane for dette. Ein vil streka under at det er kommunesektoren som har forhandla fram den sterke lønnsveksten. Sektoren må derfor sjølv ha eit ansvar for finansieringa. Ein vil vidare peika på at økonomien til fylkeskommunane er styrka med nær 2,2 mrd kroner sidan statsbudsjettet vart lagt fram i oktober 1996, dvs etter at dei fleste lønnsavtalane vart forhandla fram. Av denne styrkinga kom om lag 1,2 mrd kroner som auke i frie inntekter. Auken kjem dels som følgje av styrkinga på nesten 1,8 mrd kroner i samband med salderinga av statsbudsjettet. I tillegg kjem auka skatteoverslag og nedjustering av prognosar for prisutviklinga i Revidert nasjonalbudsjett på til saman om lag 400 mill kroner.
Tabell 1.2 Endring i oljekorrigerte underskott i statsbudsjettet frå vedteke budsjett til overslag på rekneskap. Mill kroner
Overslag på oljekorrigert underskott ut frå vedteke budsjett*) | 23 906 | |
+ Utgiftsløyvingar som ein gjer forslag om inndekning for | 1 021 | |
Politiet | 200 | |
Grunnskolereformen | 150 | |
Statlege sjukehus | 148 | |
Støtte til skipsbygging | 400 | |
Sjukepengar | 120 | |
Helsevern | 55 | |
Arbeidsmarknadstiltak | 64 | |
Andre utgiftsendringer, netto | -116 | |
- Forslag til inndekning | 1 021 | |
Inndekning ved auka inntekter for departementa | 50 | |
Auka avgift på elektrisitet | 250 | |
Reduserte avsetningar for tilleggsløyvingar | 722 | |
+ Tilbakebetaling av renter til Statskraft | 205 | |
- Inntektsforslag | 125 | |
Redusert garantiprovisjon, Postbanken | -98 | |
Redusert toll på IT-teknologi | -35 | |
Auka aksjeutbytte, Norsk Hydro A/S | 140 | |
Andre inntektsforslag, netto | 118 | |
= Oljekorrigert underskott før endra overslag for skatter, avgifter, renter og dagpenger til arbeidsledige | 23 986 | |
- Endra overslag: | 2 584 | |
Skattar og avgifter frå fastlandsøkonomien | 1 887 | |
Auka netto renteinntekter | 297 | |
Reduserte dagpengar til arbeidsledige | 400 | |
= Oljekorrigert underskott i overslag på rekneskap | 21 402 |
*) Medrekna 800 mill kroner i meirutgift for forsvaret.
Regjeringa har i 1997 lagt vekt på å avgrense omfanget av tilleggsløyvingar. Regjeringa foreslår derfor i denne proposisjonen å dekkje inn tidlegare forslag og nye forslag til tilleggsløyvingar på til saman 1 021 mill kroner. Dei viktigaste områda der det blir gjort framlegg om auka løyving er politietaten, grunnskolereformen, statlege sjukehus, støtte til skipsbygging, sjukepengar, helsevern og arbeidsmarknadstiltak. Ei integrering av ordninga med bustønad under Sosialdepartementet i ei tilsvarande ordning under Kommunal- og arbeidsdepartementet gir ei netto innsparing i 1997 på grunn av ulike utbetalingstidspunkt for dei to stønadsordningane. Regjeringa foreslår ein del innsparingar under nokre departement for å dekke inn dei auka utgiftene. I tillegg er det lagt fram forslag om auka inntekter under nokre departement for å dekkje tilsvarende utgiftsaukingar på til saman 50 mill kroner. Utover slike inndekningar blir det fremma forslag om auka produksjonsavgift på elektrisk kraft i 2. halvår 1997. Det er rekna å gi 250 mill kroner i auka inntekter. Reserven for tilleggsløyvingar i løpet av året blir ført opp med ein reduksjon på vel 0,7 mrd kroner.
Det vart i 1996 innbetalt 200 mill kroner for mykje i renter frå Statkraft SF i statsrekneskapen. Tilbakebetaling av disse midlane til Statskraft SF inklusiv rentegodtgjering vil ein ikkje foreslå å dekkje inn. Regjeringa foreslår heller ikkje å dekkje inn tre løyvingar på til saman knapt 400 mill kroner på område der det kjem auka avgiftsinnbetaling. Løyvingane gjeld refusjon av auka meirverdiavgift på til saman 120 mill kroner for jernbaneverket på grunn av omorganisering av verksemda og auka refusjon av innbetalt dokumentavgift til kraftverk på 273 mill kroner.
Forslag i tidlegare proposisjonar og framlegg om løyvingar i denne proposisjonen gir netto 125 mill kroner i auka inntekter, utanom den ovannemnde auken i inntekter på i alt 50 mill kroner som direkte heng saman med auka utgifter under departementa. Inntektene blir reduserte med 98 mill kroner som følgje av at den statlege garantien for innskott i Postbanken fall bort frå 1. januar 1997. Det blir ein inntektsreduksjon på omlag 35 mill kroner som følgje av St prp nr 62 (1996-97) om redusert toll på informasjonsteknologiprodukter. Den største inntektsauken kjem av forslaget om auka aksjeutbytte frå Norsk Hydro på 140 mill kroner.
Ei ny vurdering av overslagsløyvingar på budsjettet har i tillegg gitt grunnlag for å styrke balansen i budsjettet med 2,6 mrd kroner. I hovudsak gjeld dette auka skatte- og avgiftsinntekter frå fastlandsøkonomien på samla 1,9 mrd kroner. Netto renteinntekter ventar ein vil auke med 0,3 mrd kroner. Reduserte overslag på dagpengar til arbeidsledige gir ei betring i budsjettbalansen på 0,4 mrd kroner.
Det oljekorrigerte underskottet i statsbudsjettet blir no rekna til 21,4 mrd kroner. Det er 2,5 mrd kroner lågare enn eit overslag basert på vedteke budsjett. Netto kontantstraum frå oljeverksemda blir no rekna til 78,7 mrd kroner. Det er ein auke på 1,0 mrd kroner sidan vedteke budsjett.
Sidan det er føresetnaden at statsbudsjettet skal gjerast opp i balanse så lenge det er midler i petroleumsfondet vil statskassen berre ha eit finansieringsbehov for å dekke statens netto utlån. Brutto finansieringsbehov i statsbudsjettet blir no rekna til 37,3 mrd kroner, medan netto finansieringsbehov når ein trekk fra gjeldsavdrag på lån som er tekne opp tidlegare, kan setjast til 10,1 mrd kroner. Dette er 1,7 mrd kroner lågare enn i det vedtekne budsjettet. Det kjem i hovudsak av reduserte overslag for utlån til statsbankane.
1.3 Fordeling av lågere løyvingar som vart vedtekne ved salderinga av budsjettet for 1997
Da Stortinget salderte budsjettet for 1997 vart det vedteke tre reduksjonar som førebels vart innarbeidd på kap 2309 Tilfeldige utgifter:
Reduksjon på 10 mill kroner fordi Stortinget vedtok at det ikkje skulle opprettast 23 nye stillingar i samband med endringane i departementsstrukturen
Generell reduksjon på 239,9 mill kroner i løyvingane til statlege verksemder
Reduksjon på 50 mill kroner under Utanriksdepartementet
Alt i alt vart kap 2309 førebels sett ned med 299,9 mill kroner under salderinga. Som det går fram av omtalen nedanfor, har ein no i all hovudsak gjennomført dei reduksjonane Stortinget vedtok. Kap 2309 Tilfeldige utgifter er derfor sett opp med 299,305 mill kroner som følgje av desse justeringane. Ei detaljert oversikt over fordelinga av desse endringane er gitt i tabellen i tabellvedlegget.
Reduserte avsetningar for tilleggsløyvingar som blir foreslått i denne proposisjonen er omtala i kapittel 2 og ikkje teke med i omtala nedanfor.
1.3.1 Reduksjon knytta til stillingar
Ved salderinga vart det gjort slike vedtak, jf Budsjett-Innst S II (1996-97), romertalsvedtak LV:
- 1.
«Stortinget samtykker i at det gjennomføres en reduksjon i lønns- og driftsbevilgningene under Planleggings- og samordningsdepartementet, Næringsdepartementet og Olje- og energidepartementet på 10 mill kroner som følge av at det ikke foreslås opprettet 23 nye stillinger under disse departementene. Reduksjonen gjennomføres ved at den i første omgang tas på kap 2309 Tilfeldige utgifter og fordeles på kapitler og poster ved fremleggelsen av Revidert nasjonalbudsjett 1997. Kap 2309 økes da igjen tilsvarende
- 2.
Stortinget samtykker i at det kan omdisponeres inntil 23 stillingshjemler mellom departementene og inntil 9,6 mill kroner i tilhørende lønns- og driftsmidler i 1997, samt nødvendig omgjøring av stillingshjemler som følge av departementsendringene».
For å sikre dei nye departementa dei nye stillingane som var nødvendige, er Stortinget sine vedtak gjennomførte ved at inndekninga av meirutgifter og reduksjonen i talet på stillingar er fordelt pro rata mellom departementa etter talet på stillingar pr 31.12.96 slik dei er førte opp i St prp nr 1 (1996-97). Tabell 1.3 viser korleis stillingane er omfordelte og korleis reduksjonen i løyvingane er gjennomført.
Tabell 1.3 Omfordeling av stillingar og løyvingsreduksjonar fordelte på departement
Omfordeling | Løyvingsreduksjonar | |
Departement | av stillingar | i 1 000 kroner |
Utanriksdepartementet | -3 | -1 305 |
Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet | -2 | -870 |
Kulturdepartementet | -1 | -435 |
Justisdepartementet | -2 | -870 |
Kommunal- og arbeidsdepartementet | -2 | -870 |
Sosial- og helsedepartementet | -2 | -870 |
Barne- og familiedepartementet | -1 | -435 |
Næringsdepartementet | 8 | -435 |
Fiskeridepartementet | -1 | -435 |
Landbruksdepartementet | -1 | -435 |
Samferdselsdepartementet | -1 | -435 |
Miljøverndepartementet | -1 | -435 |
Planleggings- og samordningsdepartementet | 9 | -435 |
Finans- og tolldepartementet | -2 | -870 |
Forsvarsdepartementet | -1 | -435 |
Olje- og energidepartementet | 3 | -435 |
Sum | 0 | -10 005 |
1.3.2 Allmen reduksjon i løyvingane til statlege verksemder
Under behandlinga av Budsjett-Innst S II (1996-97) gjorde Stortinget dette vedtaket:
«Stortinget samtykker i at det gjennomføres en generell reduksjon i bevilgningene til statlige virksomheter på 239,9 mill kroner slik det fremgår av Budsjett-Innst S II (1996-97). Reduksjonen gjennomføres ved at den i første omgang tas på kap 2309 Tilfeldige utgifter og fordeles på kapitler og poster ved fremleggelse av Revidert nasjonalbudsjett 1997. Kap 2309 økes da igjen tilsvarende.»
Vedtaket i Stortinget innebar ein reduksjon på 59 mill kroner meir enn regjeringa sitt framlegg i salderingsproposisjonen. Dette er fordelt på departementa i tråd med fordelinga i tabell 3.4 i proposisjonen.
Tabell 1.4 Generell reduksjon i løyvingane til statlege verksemder. Mill kroner.
Løyvings- | |
Departement | reduksjonar |
Utanriksdepartementet | 8,9 |
Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet | 14,4 |
Kulturdepartementet | 4,3 |
Justisdepartementet | 25,7 |
Kommunal- og arbeidsdepartementet | 16,6 |
Sosial- og helsedepartementet | 4,6 |
Barne- og familiedepartementet | 1,5 |
Næringsdepartementet | 3,5 |
Fiskeridepartementet | 6,5 |
Landbruksdepartementet | 5,1 |
Samferdselsdepartementet | 10,9 |
Miljøverndepartementet | 5,4 |
Planleggings- og samordningsdepartementet | 6,6 |
Finans- og tolldepartementet | 28,0 |
Forsvarsdepartementet | 94,4 |
Olje- og energidepartementet | 2,9 |
Sum | 239,3 |
Som tabell 1.4 viser er det gjennomført reduksjonar i løyvingane til statlege verksemder på 239,3 mill kroner. Resten av reduksjonen er teke på kap. 2309 Tilfeldige utgifter. Kap 2309 er såleis auka med 239,3 mill kroner som følgje av desse justeringane.
1.3.3 Reduksjon under Utanriksdepartementet
Reduksjonen på 50 mill kroner under Utanriksdepartementet er gjennomført som følgje av romartalsvedtak LVI i Budsjett-innst S II (1996-97). Også denne reduksjonen vart i salderinga gjennomført ved at ein i første omgang reduserte løyvinga på kap 2309.