1 Innleiing og samandrag
1.1 Innleiing
Etter lov om universitet og høgskolar av 12. mai 1995 § 39, kan studentopptaket til institusjonar under lova regulerast/avgrensast etter forslag frå styret ved institusjonen. Dette kan gjerast når det er nødvendig av omsyn til kapasiteten eller ressurssituasjonen, eller når departementet finn at ei samla vurdering av utdanninga i landet gjer det nødvendig. For opptaksregulering av studium ved universiteta, skal Stortinget samtykkje i vedtaket.
Regjeringa legg med dette fram proposisjon om opptaksregulering av studia ved universiteta i Oslo, Bergen og Tromsø og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Forslag om opptaksrammer er basert på vurderingar av kapasiteten i dei aktuelle utdanningane, på ressurssituasjonen og vurderingar av utviklinga når det gjeld tilgang av nye studentar og avgang og fråfall i studia. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har behandla søknadene om opptaksregulering på grunnlag av tilråding frå styra ved dei enkelte universiteta. Proposisjonen tar utgangspunkt i budsjettildelinga og studentmåltal som er fastsette ved behandlinga av St prp nr 1 (1998-99), og omhandlar berre opptaket til studieåret 1999-2000.
1.2 Samandrag
Kapittel 2 i proposisjonen gjer nærare greie for det generelle grunnlaget for regulering av opptaket til studium ved universiteta. Kapitlet drøfter det formelle lovgrunnlaget for reguleringsvedtak, forholdet til ressursrammer og prioriteringar som er gitt gjennom budsjettildeling for 1999. Når det gjeld dei prinsipielle og langsiktige vurderingane av grunnlaget for dimensjonering og opptaksregulering, blir det vist til stortingsmeldingen om prinsipper for dimensjonering av høgre utdanning som og blir lagt fram for Stortinget seinare i vår. Regjeringa si behandling av spørsmålet om regulering av det komande opptaket til universiteta byggjer på vurderingar som vil bli nærare omtalt i dimensjoneringsmeldinga. Kapitlet har og eit kort samandrag av utviklinga i tal for søking og opptak til høgre utdanning.
Kapittel 3 gir nærare omtale av tilrådingane frå universiteta med oversikt over opptaksrammer for dei studia/fakulteta som det er tilrådd regulert opptak for. Tilrådinga i proposisjonen er at Stortinget sluttar seg til framlegga frå universiteta.