St.prp. nr. 64 (1998-99)

Om regulering av opptaket til studium ved universiteta studieåret 1999-2000

Til innhaldsliste

2 Grunnlaget for regulering av opptaket til studium ved universiteta

2.1 Lovgrunnlaget

Etter lov om universitet og høgskolar § 39 nr 1 kan vedtak om regulert opptak gjelde både det enkelte studium eller delar av det. Med opptak til eit «studium» meiner departementet i denne samanhengen eit studium som fører fram til ein grad, anten på lågare eller høgre nivå, t d cand. mag.- eller cand. philol.- grad under eit historisk-filosofisk fakultet, eller til ein profesjonsgrad, t d cand. med. Der det har vore nødvendig å regulere opptaket til eit «studium» ved eit allmennvitskapleg fakultet, har det vore gjort på fakultetsnivå og, av di det skal vere eige opptak til høgre grad, som separate vedtak for studium på lågare grad og høgre grad. Vedtak om regulert opptak til eit studium/fakultet er ein generell heimel til å ta i bruk fastsette reglar om rangering av søkjarane, jf § 39 nr 3 i lova.

Sjølv om det ikkje er grunnlag for å avgrense opptaket til fakultetet eller studiet, i den meining som er gitt ovanfor, vil det som regel vere enkeltfag, eller «delar av studiet», som har avgrensa kapasitet. Det er t d fag som har obligatoriske øvingar av ulike slag, og som difor er særskilt krevjande med omsyn til utstyr, laboratorieplass, rettleiingskapasitet, tilgang på praksisplass mm. Der det i denne proposisjonen er gjort framlegg om ope fakultet, er det gjort greie for kva for enkeltfag/delar av studiet som likevel har spesifikke kapasitetsrammer og som difor må ha heimel til å rangere søkjarane.

Etter § 39 nr 2 i lov om universitet og høgskolar kan departementet fastsetje opptaksregulering når det er nødvendig etter ei samla vurdering av utdanninga i landet.

Ope fakultet/studium: Alle kvalifiserte søkjarar vil få tilbod om studieplass på det aktuelle fakultet/studium. Opptaket til spesifiserte enkeltfag eller delar av studiet kan likevel regulerast.

Regulert fakultet/studium: Fakultetet eller studiet har ei total ramme, og universitetet har heimel til å avvise søkjarar ut over denne ramma når det ikkje er kapasitet til å ta opp fleire.

Regulerte enkeltfag/delar av studium: Ved elles opne fakultet, kan universitetet på grunn av ressursomsyn regulere enkeltfag eller emne. Universitetet må grunngi ei slik regulering, som må gå fram av det framlegg til vedtak som Stortinget behandlar.

2.2 Budsjettgrunnlaget - prioriteringar i statsbudsjettet for 1999

Sentrale politiske mål for fastsetjing av budsjettet for universiteta og høgskolane og for dei prioriteringar som ligg til grunn for tildeling av budsjettmidlar og fastsetjing av studentmåltal, er m a:

  • å gje tilbod til flest mogleg kvalifiserte utdanningssøkjande, i tråd med individuelle ønske og det behov samfunnet har for høgt utdanna arbeidskraft

  • å ta i vare kvalitetskrav i studium og læringsmiljø og leggje til rette for at studium kan gjennomførast til normert tid

  • å ha ei rimeleg geografisk fordeling av studietilbod og opptakskapasitet, og å utnytte opptakskapasiteten ved dei enkelte institusjonane best mogleg.

I St prp nr 1 (1998-99) er det lagt inn ei vidareføring av det auka opptaket som vart finansiert ved nye studieplassar til IT-studium, psykologi, farmasi, medisin og praktisk-pedagogisk utdanning i 1998. For IT-studium på høgre nivå vart vidareføringa gjort dels ved å opprette nye studieplassar i budsjettet for 1999 og dels ved omprioritering frå lågare prioriterte studium til IT. Dette skal bidra til å betre tilgangen på kandidatar innanfor IT-sektoren i arbeidsmarknaden.

Som ei følgje av demografiske endringar og redusert søking til høgre utdanning, vart det gjennomført eit kutt på 2000 studieplassar ved dei allmennvitskaplege fakulteta i budsjettet for 1998, og eit ytterlegare kutt på 250 studieplassar i budsjettet for 1999. Dei totale studentmåltala for dei nemnde universitetsfakulteta er derfor redusert i statsbudsjettet dei siste åra. Som ein følgje av manglar på enkelte personellgrupper i samfunnet, er det på same tid oppretta nye studieplassar for å auke kapasiteten innanfor prioriterte utdanningar. I St prp nr 1 (1998-99) har departementet i stor grad prioritert studium ved dei statlege høgskolane i distrikta.

Ressurstildelinga til universiteta i statsbudsjettet er mellom anna knytt til studentmåltal. Vedtaka i universitetsstyra og forslaget frå departementet om regulering av opptaket til universiteta studieåret 1999-2000, legg til grunn at dei fastsette måltala skal fyllast.

2.3 Prinsipp for dimensjonering

På bakgrunn av dei overordna politiske måla for sektoren og vurderingar av det analysemateriale som ligg føre om framtidig behov og etterspurnad etter høgre utdanning, har regjeringa fleire hovudgrupper av mål og tiltak for politikken framover. Sentrale blant desse er:

  • å sikre ei målretta fordeling av utdanningskapasitet mellom utdanningsområde, institusjonar og regionar gjennom årlege vedtak om budsjettildeling, opptaksregulering og opptakskapasitet

  • å styrkje hovudfag og forskarutdanning

  • å leggje vekt på studiekvalitet og relevans i studieopplegg

  • å auke fleksibiliteten og brukartilpassinga i studietilboda, m a når det gjeld pedagogiske og organisatoriske løysingar

  • å leggje til rette for at institusjonane kan møte nye utfordringar innanfor etter- og vidareutdanning

  • å stimulere til høg studiegjennomføring og auka yrkesdeltaking

  • å arbeide for større likeverd med omsyn til sosial og geografisk rekruttering til høgre utdanning.

I St prp nr 71 (1997-98) Om regulering av opptaket til studium ved universiteta studieåret 1998-99 viste departementet til nedgangen i søkinga til høgre utdanning og dei konsekvensar dette har særleg for institusjonane i distrikta. Departementet vurderte denne situasjonen slik at det var grunnlag for å regulere opptaket til allmennfakulteta ved universiteta i Sør-Noreg for på den måten å oppretthalde studenttilgangen ved Universitetet i Tromsø og ved høgskolar i distrikta. Dette var bakgrunnen for at departementet støtta vedtaket til kollegiet ved Universitetet i Oslo om å regulere opptaket til dei nemnde fakulteta, trass i at søkinga også her dei siste åra er redusert og presset på dei fleste faga har letta. Stortinget slutta seg til denne tilrådinga.

Kollegiet ved Universitetet i Bergen hadde derimot ikkje vedtatt opptaksregulering på fakultetsnivå, av di det konkluderte med at dei opptaksrammene som det var aktuelt å fastsetje, som følgje av auka fråfall under studiet, i praksis ville gje opptak til alle kvalifiserte søkjarar. Av nasjonale omsyn foreslo departementet likevel at det vart gjort vedtak om regulert opptak også ved Universitetet i Bergen, sjølv om dei opptaksrammene som vart fremja ikkje vart set ned. På bakgrunn av Stortinget si behandling av proposisjonen, vart allmennfakulteta ved Universitetet i Bergen opne i studieåret 1998/99.

Komiteen si tilråding var likevel å gi samtykke til regulering av opptaket til studium ved universiteta slik forslaget var i St prp nr 71.

For opptaket til komande studieår har både Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen tilrådd vedtak om regulering av dei allmennvitskaplege fakulteta, ut frå dei løyvingar som er tildelte og dei studentmåltal som er fastsette i budsjettet for 1999. I grunnlaget for kollegievedtaka går det likevel klart fram at dei foreslåtte opptaksrammene truleg vil vere romslege nok til at få, om nokon kvalifiserte søkjarar vil bli utestengde frå dei aktuelle fakulteta, særleg til lågare grads studium.

2.4 Søking til høgre utdanning

Søkinga til høgre utdanning auka i første halvdel av 90-talet. Etter ein nedgang i 1995, stabiliserte søkjarmassen seg i 1996. Både i 1997 og 1998 var det ny nedgang. Mens talet på søkjarar i 1997 var på 93 172 for dei studia som blir søkt gjennom Samordna opptak, var talet for 1998 på 86 644 søkjarar, ein nedgang på 7 pst. Situasjonen no er at dei aller fleste kvalifiserte søkjarar får tilbod om studieplass, og gruppa kvalifiserte søkjarar utan studieplass er i hovudsak søkjarar til attraktive studium med låg opptakskapasitet.

Ordninga med nasjonal opning blei innført frå studieåret 1995/96, og garanterte alle kvalifiserte studentar som hadde søkt opptak ved eit allmennvitskapleg fakultet, opptak ved eit universitet eller høgskole med tilsvarande studium. I 1997 var det 160 studentar som fikk tilbod om studieplass gjennom nasjonal opning, og berre 6 av desse som møtte til studiestart. Tilsvarande tal for «restetorget» var 1 024 søkjarar og 801 som møtte til studiestart. I St prp nr 71 (1997-98) foreslo departementet å føre vidare intensjonane i nasjonal opning ved at desse plassane gikk inn i ordninga med «restetorg», og Stortinget slutta seg til dette. Tal frå Samordna opptak viste at det var heile 3 887 søkjarar til plassar på «restetorget» i 1998. Dette var fleire enn talet på kvalifiserte søkjarar utan studieplass etter det ordinære opptaket (3 473). Departementet vil derfor ikkje foreslå å gå tilbake til ordninga med nasjonal opning for studieåret 1999/2000.

Denne proposisjonen blir lagt fram for Stortinget ein månad tidlegare enn i fjor. Vi har difor ikkje fått med tal for søkjarar og fordelinga av søknader for i år. Departementet har likevel valt å fremje proposisjonen tidlegare av omsyn til universiteta.

2.5 Behov og etterspurnad på lengre sikt

Årskullet av 19-åringar vil halde seg på eit nivå mellom 50 000 og 55 000 fram mot 2006, for deretter å stige til om lag 62 000 i 2010, jf tabell 2.1 på neste side.

Tabell 2.1 Utviklinga i tal på 19-åringar fram mot 2010

1998200020022004200620082010
Tal i årskull 19 år53 72353 07853 88552 03454 06458 61462 058

Kjelde: Kjelde: SSB, Statistisk årbok

I 1992 utgjorde 19-åringane om lag 27 pst av alle søkjarane. Denne delen auka til 32,3 pst i 1996, og gikk ned att til 26,1 pst i 1997. Årsakene til nedgangen kan vere fleire, men nedgangen dei siste åra har vore relativt mindre for 20-åringane. Dette kan vere fordi fleire søkjer seg til folkehøgskolar, dei nyttar eit ekstra år til å skaffe seg tilleggspoeng for å søkje på meir attraktive studium, fordi fleire vel fireårig vidaregåande yrkesopplæring eller det kan ha si årsak i ein betre arbeidsmarknad.

Det er forventa at gruppa vaksne søkjarar vil auke i åra framover, som eit resultat av kompetansereforma. Det er likevel usikre prognosar for kor stor den totale søkinga til høgre utdanning blir i åra framover. Den kraftige auken i søkinga vi hadde på slutten av 80-talet og byrjinga av 90-talet, hadde for ein stor del bakgrunn i arbeidsløysa. Det er derfor naturleg at søkinga blir noko lågare når arbeidsmarknaden er god.

I dimensjoneringsmeldinga som blir lagt fram for Stortinget, vil desse spørsmåla bli nærare drøfta.

Universitetet i Bergen har i fleire år analysert tala for uteksaminerte studentar, studentar som har slutta undervegs, studentar som tar pause i studia, nye studentar og studentar som kjem tilbake etter ei pause. På grunnlag av desse analysene, har universitetet laga prognoser for utviklinga i studenttala. Det har vist seg at desse prognosene er godt eigna til å vurdere studentutviklinga på kort sikt.

Tala frå Bergen viser at fråfallet er relativt stort for førsteårsstudentar, både i løpet av og etter, første studieår. Denne tendensen har auka dei to siste åra. Det har vore nødvendig å auke opptaksrammene dei siste åra for å kompensere for dette fråfallet. Tala viser og at dei tre siste åra er det fleire som har kome tilbake etter ei pause på eitt eller fleire semester. Dette gjer at den nettonedgangen i studenttala som universitetet hadde fram til 1995, har snudd til ein liten nettotilgang i 1998.

Det er grunn til å tru at desse tendensane i utviklinga i store trekk kan overførast til heile studentmassen. Når det gjeld geografiske forskjellar, veit vi frå søkinga dei aller siste åra, at mange unge søkjer seg til dei største byane i Sør-Noreg. Høge opptaksrammer ved dei tre sørlegaste universiteta, kan derfor auke problema med å nå måltala for Universitetet i Tromsø og for nokre høgskolar i distrikta. Denne problemstillinga vil bli nærare drøfta i dimensjoneringsmeldinga.

Det har vidare vore ein klår tendens til at dei som blir tekne opp til lågare grad, oftare tar studium av høgre grad. Det vil seie at studieplassar ved universiteta etter kvart må flyttast frå lågare til høgre grad.