St.prp. nr. 64 (2004-2005)

Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram ein del saker under programkategoriane 21.30 Vegformål og 21.60 Samferdselsberedskap.

Proposisjonen gjeld desse sakene:

Under 21.30 Vegformål

  • departementet gjer greie for bompengeordninga på ny og eksisterande veg og takst- og rabattsystem i den nye Svinesundsforbindelsen

  • det blir gjort greie for styrings- og kostnadsramme etter ekstern kvalitetssikring av E6 Svinesund gjennom Sarpsborg

  • departementet orienterer om at bompengeselskapet vil forskotere midlar til førebuande arbeid på E18 Langåker – Bommestad

  • det blir gjort greie for styrings- og kostnadsramme etter ekstern kvalitetssikring av E16 Wøyen – Bjørum

  • departementet orienterer om tidlegare anleggsstart på E16 Borlaug – Voldum

  • for å få bygd firefeltsveg i ein etappe på heile strekninga rv 2 Kløfta – Nybakk orienterer departementet om at Statens vegvesen vil starte arbeidet med å revidere gjeldande reguleringsplan

  • departementet gjer greie for kostnadsauke og endra finansieringsplan for rv 680 Imarsundprosjektet

  • det blir orientert om omdisponering av finansieringsbidraget frå omsetning av drivstoff i 2005 i Tromsøpakke 2

  • departementet orienterer om at det ønsker å avvikle ordninga med statsgarantier for andreprioritetslån til kjøp og ombygging av ferjer i riksvegsamband

  • det skal etablerast eit system for felles elektronisk brikke for betaling av bompengar i Norden. Departementet orienterer om arbeidet og finansieringa av systemet i Noreg

  • det blir orientert om arbeidet med banebetjening av Fornebu

Under 21.60 Samferdselsberedskap

  • departementet orienterer om utvikling av samferdselsberedskapen

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.